JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeknologiFeature

Kunstig røynd

«For ein narsissist som meg var det å laga videoar reine nirvana.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Døme som syner korleis ein går frå tekst til video. Fyrst vert det laga nokre bilete av start og stopp og punkt undervegs, så fyller ein inn med bilete som skaper rørsle når videoen vert spela av.

Kjelde: Meta AI

4631
20240607
4631
20240607

Covid-19-epidemien er det beste som har hendt meg. Når kriser råkar, reagerer folk på ymse vis. Somme søkk ned i apati, medan andre vert oppelda. Til ein i fyrstnemnde kategori fekk eg selt hytta mi til ein god pris på ein blunk.

Uvisst av kva grunn reagerte eg med entusiasme på dei utfordringane me fekk. Dagen før Erna stengde landet, forstod studentane mine og eg kvar det bar. Då lærte studentane meg å bruka programvara Adobeconnect, slik at me kunne halda fram undervisninga etter me vart jaga heim. Det vart ein særs bratt læringskurve den fyrste veka, og neste veka hamna eg på høgskulens hjelpesentral og hjelpte lærarar på heile Vestlandet med tekniske utfordringar. 

«Eg fôra programvara med manus, la inn lysbilete på dei rette stadene og fekk ei fager møy til å presentera det heile.»

Undervisninga gjekk storarta. Me koste oss i den digitale skya. Studentane ynskte at førelesingane skulle spelast inn, men det ville vera meiningslaust berre å leggja ut fleire timar med opptak etterpå. Eg laga difor min eigen YouTube-kanal, Fargeblind, og spela inn førelesingar i kvartersbolkar.

For ein narsissist som meg var det å laga videoar reine nirvana. Eg byrja å laga videoar om alt eg kunne og var interessert i. Då eg byrja, tok eg alt på direkten og sa at redigering var for feigingar. Sanninga var at eg ikkje kunne redigera.

Igjen var det berre å spørja studentane. Dei fortalde om eit gratisprogram, Openshot. Det hadde sjølvsagt altfor mange knappar og menyar, men eg lærte fort det grunnleggjande, som å setja saman og stabla videoklipp og leggja på ljod og bilete. Det vart ikkje så verst, om eg skal seia det sjølv.

Mange likar ikkje å laga video. Dei synest røysta deira høyrest rar ut, og det gjer vondt å sjå seg sjølv. I tillegg stotrar ein kanskje. Då vert det plagsamt mykje redigering.

Finst det teknologi som kan hjelpa oss? Ja, det finst kunstig intelligens som du kan fôra med tekst, og så kan du få ein ven avatar, ein som er ein representasjon av deg, til å lesa opp manus. I bakgrunnen kan du plassera ljosbilete og simulera ei førelesing. Leiande på dette området er selskapet Synthesia. Dersom du ynskjer å testa korleis det verkar, kan du gå til nettsida synthesia.ai og laga deg ein 15 sekundars snutt gratis.

Målgruppa for Synthesia er verksemder med avgrensa budsjett som ynskjer å laga ein videopresentasjon av seg sjølv, og dei som ynskjer å laga billig reklame til bruk på nettet. Kan programvara til Synthesia brukast til undervisning og læring? For å få svar på det spørsmålet fekk eg ein gratislisens i nokre månader for å testa ut systemet. Eg fôra programvara med manus, la inn lysbilete på dei rette stadene og fekk ei fager møy til å presentera det heile. Likte studentane dette? Dei tykte det vart litt syntetisk og i tillegg keisamt med berre monolog. 

To avatarar som diskuterer Ludvig Holbergs pedagogiske metode.

Kjelde: Per Thorvaldsen

Undervisning er mykje kjekkare og betre med dialog, men Synthesia har berre éin avatar. Eg løyste difor problemet med å spela inn dialog ved å klippa saman to Synthesia-videoar. Dersom du er interessert i korleis undervisning bør gå føre seg, kan du sjå Ludvig’s method – Flipping Sokrates i Fargeblind-kanalen. (Videoen finn du nedst i saka.)

Korleis er Synthesia laga? Me har tidlegare sett korleis ein kan laga tekst til tale. Det neste som må gjerast, er å kopla tale til ein avatar. Synthesia brukar skodespelarar som les opp ei stor mengd med tekst medan dei vert filma. Dette vert så treningsmateriale for kunstig intelligens som koordinerer tale med mimikken til avataren. Er det mogleg å få sin eigen avatar? Sjølvsagt. Det er berre å spela inn ein lang video der du snakkar. Av denne videoen lagar så Synthesia ein avatar av deg. Nærare evig liv kjem ein ikkje, og eg har nok snart gjort mi siste førelesing.

Vel, det er enno langt igjen. Førebels snakkar me om talande hovud i ymse storleikar som me kan plassera rundt i videoen. Resten av kroppen ser me ikkje. Er det mogleg å laga fullstendig kunstig røynd basert på tekst? Det er på veg.

Det siste året har me sett ein fantastisk framvekst av tekst til bilete. Desse verktøya har me sett på tidlegare. Det er berre å skildra kva som skal teiknast, og så får ein flotte teikningar. Korleis skal ein så laga video? Vel, det er berre å fylgja metoden til Disney. Ein har nokre teikningar som definerer gjevne punkt i rørsla, og så fyller ein på med bilete som gjev naturleg rørsle frå eit bilete til eit anna. Metoden er i prinsippet enkel, men vanskeleg å realisera. På heimesida til Make-A-Video til Meta AI kan du sjå kor langt ein har kome.

Per Thorvaldsen

pth@hvl.no

Ludvig's method

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kate Winslet spelar tittelrolla i ei sann historie om den banebrytande fotografen Lee Miller, som forlét eit glamorøst liv som modell for å dokumentera andre verdskrigen.

Foto: Filmweb.no

FilmMeldingar

Det andre blikket

Den formeltru filmen om fotografen Lee Miller gjev eit velkome blikk på krig og kjønn.

Håkon Tveit

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Kapitulasjon i klimapolitikken

Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.

Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).

Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).

Foto: Filmweb.no

FilmMeldingar
Brit Aksnes

«Regissør og manusforfattar Lilja Ingolfsdottir står for den mest klaustrofobiske filmen på lange tider – og ein av dei beste.»

Foto: Agnete Brun

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.

Raudkolibrien veg 3,5 gram og må dagleg ete halvannan til tre gonger si eiga vekt under vanlege kår. Han hekkar i Alaska og overvintrar i Mexico. Trekkruta strekkjer seg over 6000 kilometer.

KunnskapFeature

«Har du sett nøye på korleis småfuglar – sporvar, finkar, songarar eller trastar – rører seg i lufta?»

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis