Mål alt som lèt seg måla
Bioingeniør Christine Morken og maskina Cobas 8100, som måler PSA ved hjelp av elektrokjemiluminescens.
Les også
Chesley Sullenberger, pilot for US Airways Flight 1549, som landa på Hudsonelva 15. januar 2009, var med 40 års fartstid som flygar blitt ekspert. Ekspertar er ikkje lenger avhengige av reglar, men forstår situasjonen intuitivt.
Foto: Jason DeCrow / AP / NTB
Teknisk ekspertise
Les også
Utsikt frå Fløyen. Med litiumbatteri og ny motorteknologi er problemet med topografi løyst. Ein kan sykla overalt utan å anstrenga seg.
Mikromobilitet
Les også
Professor Alexander Fleming oppdaga kva effekt muggsoppen Penicillin notatum hadde på bakteriar. Her på laboratoriet ved St. Mary’s Hospital i London i 1943, der han arbeidde med å etablere syntetisk produksjon av antibiotika, som verdskrigen skapte ein umettande marknad for.
Foto: Wikimedia Commons
Antibiotika

Vil du verkeleg greiast ut? Dokteren ser på meg. Eg nikkar. PSA-resultatet eg får, er 2,6 ng/ml. Altså null fare for prostatakreft. Min første tanke er: Korleis kan dei måla slike små mengder av eit stoff i blodet?
PSA står for prostataspesifikt antigen og er ei kompleks kjemisk binding, eit enzym, som vert skilt ut i prostatasekretet, og som syter for å tynna ut sædvæska. Det løyser seg opp i cervical mucus hos kvinna og frigjer sæd i livmora. Det gjer det lettare for sædcellene å nå målet.
Når ein får prostatakreft, trengjer etter kvart dei muterte cellene inn i blodet, og mengda PSA i blodet stig. PSA kan òg auka av andre årsaker. Men PSA er likevel ein god kreftmarkør. PSA vert saman med andre målingar brukt til tidleg oppdaging av prostatakreft. Det aukar sjansen for å overleva.
Alt det er vel og bra, men korleis er det mogleg å måla så små mengder som nanogram per milliliter? Eg ber om audiens hos Christine Morken på Haukeland sjukehus. Ho har ansvaret for PSA-målingar der. Ho byrjar å fortelja:
PSA vert målt ved hjelp av eit samspel mellom ei rekkje ulike teknikkar som til saman utgjer ein sandwichmetode dei kallar elektrokjemiluminescens.
Etter at blodprøva er teken, vert ho ståande til koagulering i minimum 30 minutt, for deretter å verta sentrifugert. Blodprøveglaset inneheld ein gel som ved sentrifugering med 2200 omdreiingar i minuttet legg seg mellom blodlekamane på botnen og det gule serumet oppå. Serumet kan brukast til mange ulike analysar.
PSA-blodprøver vert leverte til seksjon for automatiserte analysar og fordelte i eit preanalytisk instrument, som så sender prøva til rett analyseinstrument. PSA vert målt i maskina Cobas 8000 frå Roche. Cobas 8000 er ei modulbasert produksjonsline som i tillegg til elektrokjemiluminescens utfører ioneselektive og spektrofotometriske analysar for andre prøver.
Serumet vert sendt inn i ei maskin som blandar det med antistoff, store y-forma protein som bind seg til antigenet PSA. For kvar PSA bind ein to ulike antistoff, eitt på kvar side av PSA, som ein sandwich.
Det første skal sørgja for å senda ut målbart lys. Det har fått tilført ei kjemisk binding, ruthenium, som er i ein heva tilstand, og som under dei rette tilhøva kan gå tilbake til normaltilstanden og senda ut lys. Det andre antistoffet har biotin (vitamin B7) festa til seg. Magnetiske mikroperler dekte med streptavidin, eit stoff som dannar sterke bindingar med biotin, vert blanda inn og bind seg til det sistnemnde antistoffet.
Så vert prøva utsett for eit magnetisk felt som held på PSA og antistoffa på grunn av perlene, medan resten vert vaska vekk. Deretter badar ein det som er att, i ei elektrolytisk væske, tripropylamin. Den trengst som katalysator for prosessen som skal få oss til å sjå lyset.
Ved å setja spenning på elektrodar som er bada i væska, får me ein liten straum. Den elektrolytiske væska gjev elektron til antistoffet med ruthenium, slik at det sender ut lys. Det er éin-til-éin-samanheng mellom mengda PSA i blodet og mengda foton som vert send ut.
No står det ein liten flokk med kvite frakkar rundt oss. Eg takkar Christine for den opplysande samtalen og plystrar på vegen ut. Resten av prosessen har eg rimeleg kontroll på.
Lysblinka, fotona, vert fanga opp av ein fotomultiplikator. Fotomultiplikatoren er eit av dei siste elektronrøyra som framleis vert brukte i elektronikk. Ved hjelp av den fotoelektriske effekten som Albert Einstein fekk nobelprisen for å ha oppdaga, slår fotona ut elektron av ei fotoelektrisk krystallplate. Så forsterkar ein elektronstraumen ved å senda han gjennom eit elektronrøyr med påfølgjande dynodar. Kva er ein dynode?
Det er eit materiale som når det vert treft av eit elektron med mykje energi, kan frigjera mange frie elektron. Ein dynode ein stad i kjeda vil vera mottakar av elektron frå det føregåande steget og produsent for neste. Nyleg frigjorde elektron vert akselererte til neste dynode på grunn av auka relativ spenning og produserer endå fleire frie elektron der.
Slik held det fram til enden av røyret. Eit slikt elektronrøyr forsterkar signalet som fotona er opphav til, 100 millionar gonger utan noko særleg støy. Det er faktisk mogleg å måla einskilde foton. Ved å måla mengda elektron som vert laga i fotomultiplikatoren, finn ein ut kor mykje PSA det er i blodprøva.
Kor nøyaktig er desse PSA-målingane? Det er berre å kika i Analyseoversikten.no. Analytisk variasjon er 4 prosent, og biologisk variasjon er 6,8 prosent. For å sikra eit korrekt prøveresultat til pasienten har ein kvalitetskontrollrutinar og overvaker nøye presisjonen og kor rett PSA-analysen er.
Heilt til slutt: Er det andre analysar som bruker same måleprinsipp? Ja, til dømes hjartemarkørane troponin T og proBNP eller ferritin, som er eit mål på jarnlagera i kroppen. Troponin T måler skade på vev i hjartet ved infarkt, og proBNP indikerer svikt i hjartemusklar.
Per Thorvaldsen
per.eilif.thorvaldsen@hvl.no
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Når ein får prostatakreft, trengjer etter kvart dei muterte cellene inn i blodet, og mengda PSA i blodet stig.
Les også
Chesley Sullenberger, pilot for US Airways Flight 1549, som landa på Hudsonelva 15. januar 2009, var med 40 års fartstid som flygar blitt ekspert. Ekspertar er ikkje lenger avhengige av reglar, men forstår situasjonen intuitivt.
Foto: Jason DeCrow / AP / NTB
Teknisk ekspertise
Les også
Utsikt frå Fløyen. Med litiumbatteri og ny motorteknologi er problemet med topografi løyst. Ein kan sykla overalt utan å anstrenga seg.
Mikromobilitet
Les også
Professor Alexander Fleming oppdaga kva effekt muggsoppen Penicillin notatum hadde på bakteriar. Her på laboratoriet ved St. Mary’s Hospital i London i 1943, der han arbeidde med å etablere syntetisk produksjon av antibiotika, som verdskrigen skapte ein umettande marknad for.
Foto: Wikimedia Commons
Antibiotika
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen
Mircea Cărtărescu kastar eit fortrolla lys over barndommen i Melankolien
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?