Tønes med Hovland og skjegg
To fiskarsøner frå Egersund-kysten driv ein bygderevy med songar som stundom
får språk- og musikkprisar og vert sungne over heile landet.
– På songar som «Sprø svor» og «Sånn koga eg» var Ingvar med og fekk fram galskapen. Då vert eg han med skjegget, seier Tønes.
BYGDEREVY
post@rem.no
Jau, songtekstar har aller nådigast fått innpass i den litterære verda, etterkvart med eigen Spellemann-kategori, i fjor jamvel med Nobelprisen, men éin stad går grensa – ved revytekstar. Lågast står bygderevyen. Det er ein slik eg er på veg til.
Bygda er lita og ligg så avsides at dei to revyartistane byter på å henta og levera meg på næraste jarnbanestasjon, i Egersund, tre mil frå Hauge i Dalane – Haua mellom vener – i Sokndal kommune.
«BONDE»
– No må du ikkje ha for store forventingar, seier Tønes bak rattet. Etter tjue år som album- og turnéartist har han lært seg utanåt riksveg 44 mellom Egersund og heimbygda, ja, riksvegar i heile Rogaland, slik folk som bur attmed dei same vegane har lært seg songane hans utanåt. «Bonde» (1998) har vore kåra til den fremste Rogaland-songen gjennom tidene:
Ja eg e bonde, eg e fydde oppi løo
og heila live he eg slede for føo
Min fysste kamerat du det va et lide låm
Eg kan huska eg sto der og såg på då det kom
Etter det nasjonale gjennombrotet med Sån av Salve (2012) er det folk over heile landet som syng med på «Sånn koga eg» og «Eg går og legge meg», frå album som har vore kvalitetsstempla med Spellemann-prisar, Prøysenprisen og Dialektprisen til Norsk Målungdom. Men dei syng ikkje med på alt – uvanleg nok, for så kjende songar, går dei stundom over i tale og replikkvekslingar, dialogar og monologar på prosa:
Åh, de sidde her ennå, ja?
Mobilen min, ligge den der i hjørna?
Ja, nei, han kan bare ligga
Det e ikkje nåen som he ringt?
Nei, sgo bare sjekka
God natt! God natt! God natt!
Ser naboane au he sløkt
Må’kje gløyma og sløkka her
Og låsa au; e så mye som ræge rondt nå
Skru av fjernsynet; heilt av!
Trykk på den knappen på sjølva fjernsynet
sånn at det rauda lyset daua, dén ja!
Ein Tønes-kjennar som kan jamvel snakkepartia utanåt, veit òg kor dei kjem frå: ei lokal revyscene, ein bygderevy i Sokndal midtvegs mellom Egersund og Flekkefjord.
Om litteraturen gjev veslefingeren til den munnlege lyrikken, tek han snøgt heile handa. For somme av dei fremste songpoetane i etterkrigstida, som Alf Prøysen og Ole Paus, har revyscenen vore ein viktig stasjon på vegen til dei songtekstane som har fått ein evig stad i språket.
– Eg har alltid drive med revy, fortel Tønes. – Tidleg på 1990-talet hadde me amatørrevy på Haua. Det var då eg skreiv «Bonde», men eg tok han ikkje med på debutalbumet av di eg hadde vorte lei av han.
FISKARFEDRAR
Då Tønes for ti år sidan laga den fyrste revyen på Sogndalstrand kulturhotell, var det saman med kjærasten Jane og ei svigerinne, som gav liv til karakterane Sigfrida og Johanne, to godt vaksne damer, kjende frå songar på albumet Sob i hob (2009):
Detta e en liten sang om Sigfrida og Johanne
Di bur i et koselig hus, der he di kverandre
Og inne e veggene pibra med bilda
som henge titt i titt i et system
bare dei to kan forstå
Då borna kom, tok revyen ein pause, og når Jane vert spurd no, vil ho ikkje utelukka at ho ei vakker jol kjem attende på scenen. Då Tønes tok opp att revyen, fekk han med seg forfattaren Ingvar Hovland – fødd på Eigerøy utanfor Egersund, kjend for songtekstar nytta av mellom andre Vamp, Ingebjørg Bratland og Olav Stedje, forteljingar i NRK Barnetimen, skodespel og dikt, og igongsetjar av Egersund Visefestival.
Tønes og Hovland har ei felles historie som går langt attende – til tida før dei vart fødde, høvesvis på 1950- og 1970-talet. Båe har dei fedrar som har vore fiskarar ut frå den same kysten, mot grensa til Agder.
– Alle fiskarane frå Åna-Sira til Hellevik kjende til kvarandre, fedrane våre òg, fortel Hovland.
Han oppdaga Tønes tidleg. Alt i 1994 slepte han den då 22 år gamle sokndølen opp på ein scene.
– Då var eg med og arrangerte den aller fyrste Egersund Visefestival. Me hadde open mikrofon på torget, der alle fekk ein hundrings for å opptre. Ein ung kar frå Haua melde seg på. «Han er god», var det ein som kviskra. Eg hadde aldri høyrt om han, men vart blåse av banen. Året etter, i 1995, tinga me han på eigen scene. Då var det lang kø. Ryktet gjekk. Og eit år seinare platedebuterte han med Rett te håves.
VERKSTADEN
Eg fer til Sokndal av di eg vil sjå verkstaden der mange av Tønes-tekstane vert til, og når eg dreg derfrå, er det som om eg ser heile songskatten hans i eit nytt ljos. Sjølvsagt har han ikkje lenger tid til å skriva og setja opp bygderevy, så etterspurd som han har vorte, han som ikkje eingong har høve til å halda fram som elektrikar på den lokale hjørnesteinsbedrifta, bergverket Titania, og i fjor vart det ikkje joleunderhaldning på Sogndalstrand kulturhotell. Men i år vert det. Ein kan ikkje kvitta seg med verkstaden. 13 kveldar vart utselde like snøgt som dei vart annonserte.
Me køyrer forbi ein bensinstasjon utanfor Egersund. Eit stort skilt i vegkanten fortel at her får du «trollpikkpølse». Sidan i sommar og valkampen har Verdens Gang og den regionale reiselivsnæringa nytta han for alt kva han er verd, den fallosforma steinformasjonen som vart vandalisert, restaurert og fotografert med rogalendingen og arbeidarpartinestleiaren Hadia Tajik.
Betre revymateriale kjem ikkje frå bygdene no til dags, vil somme meina, men ein slik sketsj kjem aldri i den fullsette restauranten i Sokndal-hotellet. Der gjeld forventingane om ein nyskriven song har det vesle ekstra som gjer at ein om eit år eller to høyrer han i radio og fjernsyn, på album og konsert.
Då skal ein ikkje lytta berre til dei elleville «Sånn koga eg»-songane. I bygderevyen i år, som tidlegare år, kjem òg stille og såre balladar.
Kvelden etter, på veg attende til Oslo, møter eg eks-Kaizers Orchestra-gitaristen Geir Zahl i Kristiansand, der han har skrive og sett opp den fyrste musikalen sin, Sult1. Av di dialekttekstane til Tønes på 1990-talet var avgjerande for dei unge rogalendingane i Kaizers, har Zahl fylgt han heile vegen.
– Men albumet i haust er det beste, både når det kjem til melodiane, produksjonen og tekstane, fortel Zahl.
No, i bilen på veg til Sokndal, får eg vita at tre av songane på Sesong fire (2017) vaks ut av joleunderhaldninga: tittelsporet, «Gode og vonde dage» og «Maxitaxi».
– Kor viktig har revyen vore som songskrivarverkstad? spør eg Tønes bak rattet. Svaret syner eit nettverk av band mellom revy, album og konsertar.
– Somme songar har eit refreng som vart skrive i samband med revyen, men aldri nytta på hotellet. Til dømes «Sån av Salve» og «Dråba i sjøen». Dei kom fyrst på album. Andre revysongar kom aldri på album, men vert nytta på konsertar. Somme songar har gått ein veg. «Eg går og legge meg» var ein rein sketsj det fyrste året, og året etter vart han ein song som me etterkvart tok med oss i studio. Så er det frå alle åra ei rekke songar som aldri har kome til album eller konsertar av di dei er jolerelaterte. Men kall det ikkje revy. Det er underhaldning til eit jolebord.
IKKJE LØYE
Me er framme. Sogndalstrand ligg som NRKs Skomakergata i novemberkvelden. Men bak dei småruta vindauge ventar ikkje Henki Kolstads Jens Petrus Andersen. Ein myndig sunnmøring tek imot. Om lag like lenge som Tønes med tekstane sine har teke vare på det særeigne hauamålet, godt hjelpt av den språkmedvetne sambuaren Jane, har Eli Laupstad Omdal teke hand om ein handelsstad som vart nemnt alt på 1660-talet, og som riksantikvaren kalla «kystens Røros» då han freda staden i 1994. Ho seier:
– Det kjem folk frå heile Agder og Rogaland. Sjølvsagt er det jolebord, men før underhaldninga fortel eg gjestane at eg kan gå ein tur i gata med dei som ikkje kan teia stille. På ti år har det vore naudsynt berre eit par gongar.
Tønes legg til:
– Det er mykje som ikkje er løye. Eg likar at det er rom for det seriøse òg. Det gjer det til ein friplass. Det gjer ikkje noko om folk ikkje ler.
Folk ler. Frå den augneblinken Ingvar Hovland og Tønes stig inn i stova med kvit glitter på hovud og kropp, i opningsnummeret «Advent», utkledde som to Lucia-terner, sit låtten laust, ikkje berre hjå dei lokale som tek dei tekstlege poenga om personalkonfliktane i administrasjonen i Sokndal kommune, og som for lenge sida har oppdaga komikken i Ingvar Hovlands lågmælte flegma, men òg hjå tilreisande som sist såg Tønes i Stavanger Konserthus eller på Rockefeller i Oslo, og som bryt ut i lått av nær sagt kva som helst – ein kunstpause, ei kremting, ei avbroten setning.
At den medbringa, oppdemma trongen til å le vert sterkare og sterkare utover kvelden, kjem dels av jolemåltidet, dels av at låttforløysaren veit å utsetja forløysinga med det han sjølv kallar «seriøse songar».
Eg beklage at eg ikkje va der
då du lærde å symma
Då du endeleg fekk te
å ligga heilt aleina og flyda
Augneblinken er komme. Ein av dei. Folk kring bordet vekslar blikk. Er «Armringa» ein song som skal vandra frå bygderevy til riksradio? Uansett er den stille balladen inga sørgmodig vedståing av fråverande farskap, slik opningslinene kunne få ein til å tru, for dei vert fylgde av eit lunt og faderleg smil:
Men det he toge si tid
Du burde lært å symma
for lenge si
GALSKAPEN
I pausen snakkar eg med ein i salen som har fylgt Tønes heilt sidan debutalbumet for 21 år sidan.
– Då studerte eg litteratur i Oslo og jobba i tidsskriftet Vagant, fortel Tore Renberg. Forfattaren har teke turen frå Stavanger.
– I Vagant dyrka me forfattarar som folk ikkje forsto, mobba dei som vart forstått og freista sjølve å skriva uforståeleg. Men Rett te håves gjorde noko med meg. Eg tenkte: «Han og eg er like gamle, og båe kjem me frå Rogaland, men han her freistar ikkje å vera flink, han er fri.»
Etter pausen får publikum sjå sider av Tønes som ein ikkje ser på konsertar. Han tek heilt av. Vert galen. Med lausskjegg, hattar og parykkar på hovudet, og under lokale namn som Jan Ansgar og Kim Brian, er han ikkje lenger den kontrollerte kulturhusartisten, men ein gjøglar som gjeng i fistel.
– Me held oss i bygderevylandskapet, med kjærleik og ironi, fortel Ingvar Hovland, utan parykk, når me etter førestillinga slappar av i ei stove på hotellet.
Dei diskuterer førebilete. Førebilete er i ein viss grad generasjonsavhengig, men er for dei overraskande overlappande, gjeve aldersskilnaden. Wesensteen og Monty Python har vore viktig, saman med Monty Python-inspirerte KLM, med Kirkvaag, Lystad og Mjøen. Rolf Just Nilsen. Trond Viggo Torgersen. Leif Juster.
– Åpen post og Lille Lørdag var noko heilt nytt. Det feia alt anna av banen, seier Tønes. Han legg til:
– Men viktigast var kan henda Løgnaslaget. Eg sat på fyrste rad då dei kom til Egersund, og då var eg ikkje gamle karen.
– Kven skriv kva? spør eg.
– Det er du som er den gode handverkaren. Det er du som får dialogane til å henga i hop, seier Tønes til Hovland. – Så hender det at eg seier: Dei treng ikkje å hengja så godt i hop.
Etter ein pause held han fram:
– Men det er betre å ta det den vegen. Betre å kunne løysa det litt opp enn at det i utgangspunktet er for laust.
– Det er eit samspel som berre funkar med deg, seier Hovland, og legg til:
– Eg samanliknar samspelet med sandvolleyball. Eg legg opp og du smashar.
– Kven syter for galskapen? spør eg.
Tønes svarar:
– Det er gjerne Ingvar som oppmodar meg til å ta det endå lenger. På songar som «Sprø svor» og «Sånn koga eg» var han med og fekk fram galskapen. Då vert eg han med skjegget.
Han legg til:
– Men på det stadiet er songen framleis eit revynummer. Eg kan ikkje stå med lausskjegg på Rockefeller. Det er eit stykke veg før dei kan høve til album og konsert. Då må eg fyrst tona ned galskapen. Ta av skjegget.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Alle fiskarane frå Åna-Sira til Hellevik kjende til kvarandre, fedrane våre òg.
Ingvar Hovland
– Albumet i haust er det beste, både når det kjem til melodiane, produksjonen og tekstane.
Geir Zahl
– Debuten Rett te håves gjorde noko med meg. Tønes er fri.
Tore Renberg
– Eg kan ikkje stå med lausskjegg på Rockefeller.
Tønes
– Alle fiskarane frå Åna-Sira til Hellevik kjende til kvarandre, fedrane våre òg.
Ingvar Hovland
Fleire artiklar
Dyrlegen kjem
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Foto: Amanda Charchian
Motellet til drøymaren
Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»