JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Feature

Kraftpatriotane

PYEONGCHANG: Slik dei norske utøvarane tek flest medaljar, får dei norske publikummarane mest merksemd. Men så sjåvinistiske som sørkoreanarane vert me nok aldri.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Norske supporterar på herrestafetten i Pyeongchang. Fremst: Trikkeførar Morten Hagenstuen, òg kjend som Vikinghovdingen.

Alle foto: Håvard Rem

11169
20180223

Vinterleikane

Under vinter-OL i Sør-Korea vitjar skeiseentusiast og Asia-kjennar Håvard Rem landet for fyrste gong.

OL

post@rem.no

Det overfylte nattoget fór vestover på eit jarnbanespor frå Japanhavet til Gulehavet. Ein politimann freista å åla seg gjennom mengda av langt høgare passasjerar. I dei mørke togvindauga såg ein atterskinet av den signalgule refleksvesten hans røra seg som moreld på eit raudt hav, for slik var passasjerane kledde, draperte i halvannan meter lange flagg, med flagg i handa eller peikande opp av ryggsekken. Somme var raude i andletet av ein lang dag med rop og risvin, men òg av andletsmåling frå øyre til øyre, frå hårfeste til hake, med ei kvit og blå stripe over nase og tinning. Ein koreansk togkupé er til vanleg ein god stad for meditasjon, men no fór orda høgt mellom seteradene i eit mangfald av målføre. På trøndsk og jærsk vart det lagt planar om nattmat og etterfest i ein by dei kalla Sævl.
«Kor – e – a! Kor – e – a!» skreik ein som ikkje fann sambuaren. Når såg du i Aust-Asia ei blanding av syttande mai og holmenkollsundag? Og kvifor tek så mange av dei raudkledde dagleg toget fram og attende dei femten mila mellom Seoul og skibyen Pyeongchang eller skeisebyen Gangneung? Av di eit lurvete motellrom i ein av OL-byane kostar ein halv million won i døgeret, kring 3000 kroner, medan det er lågsesong i ein hovudstad der dei drygt ti millionar innbyggjarane snautt merkar at det går føre seg vinterleikar aust i landet.

Taekwondo-rop

Dagen byrja med blå himmel og vindstille, varmande sol og folkefest i eit fullsett skistadion i Pyeongchang. Mot ein svart bakgrunn av mørkkledde koreanarar såg ein gule, blå og raude fargeklattar der dei mest feststemte russarane, finnane og nordmennene hadde fylka seg. Stafett er stafett, men òg nasjonskamp. Då er det ikkje individ og andlet, men flagg og lands-lag som tapar og vinn, slik det har vore sidan øvinga kom med under dei tyske leikane i 1936. Noreg har i heile den olympiske historia vunne herrestafetten berre tre gonger. Sverige kunne i dag vinna for tredje gong på rad.

Dei enda to minutt bak. Eit anna høgdepunkt var ein koreansk speaker av Bjørge Lillelien-format som haussa opp stemninga på tredje etappe då russaren vart teken att av Simen Hegstad Krüger, eit namn der ikkje berre ü-en vart ein i, som når ein norsk-asiatisk ekspertkommentator i landhockey lyftar fram spelarar som «skiter treffsikkert», men «Kriger!» kom i kraftfulle støyt som eit kamprop i taekwondo.

Dei siste minutta av stafetten vart nasjonal yatzy. Ikkje berre avgjorde Johannes Høstflot Klæbo med eit Northug-rykk som synte at òg generasjonsstafetten går vidare. Forspranget vart stort nok til at han rakk å koma oss i møte med eit norsk flagg i handa. Og då han gjekk over mål, vann Noreg ikkje berre stafetten, men viktigare: I same sekund gjekk Noreg føre Tyskland på medaljetabellen. Me vart liggjande øvst natta over av di eit dramatisk målfoto i 15 km skiskyting seinare på kvelden synte at tyske Simon Schempp berre fekk sylv då han vart slegen med berre få centimeter på målstreken.

Paris-OL 2024

Somme av dei raudkledde høyrer til eit internasjonalt miljø av olympiske turistar som legg livet opp etter leikane. I dei to åra mellom sommar- og vinter-OL sparar dei pengar og feriedagar. Av di Bradley frå Missouri i USA likar å reisa i Europa, tykkjer han det er leitt at europeiske land så sjeldan er vertskap. I Paris-OL i 2024 kan han kombinera interessa for Europa og OL, men når vinterleikane går av stabelen i 2026, uvisst kor, har det på dei 32 åra sidan Lillehammer vore vinterleikar i Europa berre éin gong, i Italia i 2006.

Når han spør om det vert for dyrt, svarar eg at det kostar meir enn det smakar, for hjå oss har sjølvfeiringa fått ein bismak. For europearar kan nasjonale flagg, mytar og songar signalisera skepsis til globalisering og liberalisering, migrasjon og EU. Når leikane går i Beijing og Los Angeles, er det ikkje Beijings drakeflagg eller det californiske grizzlybjørnflagget som vert eksponert, men det kinesiske og amerikanske. Annleis då med flagget som europeiske styresmakter ynskjer som symbol for verdsdelen. I OL er det usynleg.

Men i Brussel vil dei no ha EU-flagget som seremonielt sentrum i 2024, i eit Paris-OL som den franske sportsministeren har kalla «dei europeiske leikane», og der leiaren i EU-parlamentet seier at heimlege deltakarar skal «vinna som europearar». Paris-OL om seks år kan verta av dei mest politiserte leikane sidan Tyskland heldt sommar- og vinter-OL i 1936.

Frose vatn

Sørkoreanarane er sjåvinistar utan å skjemmast. Avisframsidene handlar berre om deira eigne utøvarar. Under herreutfor, med gull og sylv til Noreg, syner tre sportskanalar at Yun Sungbin vinn i bob, medan dei andre køyrer reprise av skeiseløpet til Kim Min-Seok. Interessa dalar dersom heimefavorittane sviktar. På 10.000 meter fylgjer landet sendingane, men berre fram til og med Seung-Hoon Lee i tredje par. Då tida hans vert slått og Sven Kramer står på startstreken, vel folk å sjå kvinnecurling. Hårreisande? Ikkje meir enn om NRK braut av kappgang for å syna handballjentene mot Sverige. Dei sørkoreanske curlingjentene skulle ut mot den gamle erkefienden og kolonimakta Japan.

Dessutan går curling føre seg på is. Kva er soga til den nordaustasiatiske lidenskapen for kappestrid og kamp på frose vatn? Jamvel om Pyeongchang ligg på same breiddegrad som Athen, liknar dei koreanske vintrane meir på dei norske, prega av kulde og is, men med ein skilnad. Av di dei ikkje berre har mindre regn, men òg mindre snø, er ikkje skikulturen som skeisekulturen. Overalt ligg det utandørs skeisebanar som myldrar av born og vaksne.

Moderne skeiseløp, med blad av jarn under føtene, ser det ut til at det var mandsjuane som utbreidde. Dei hadde kjerneområdet sitt berre få mil nord for den koreanske halvøya, og då mandsjuane på 1600-talet erobra Korea og Kina, sytte dei for å gjera skeiseløp vanleg. For erobrarane var det ein militær disiplin. Med Korea som skattepliktig naborike tok mandsjuane over keisartrona i Beijing, som dei heldt heilt fram til 1911, og på dei keisarlege innsjøane heldt dei konkurransar i hurtigløp, kunstløp og akrobatikk.

Skeisenasjon

Museet for samtidshistorie i Seoul syner no utstillinga Koreansk idrett – ei soge skriven i sveitte. Som skeisenasjon har dei gått ein lang veg. Du får sjå skeisene til Jo Yun-Sik, i dag 86 år, som tok del i Cortina-OL i 1956 med ein 34. plass som beste plassering. Ikkje før leikane i 1964 tok ein asiat medalje – Han Pil-Hwa frå Nord-Korea fekk bronse på 3000 meter for kvinner.

På 2000-talet kom omsider gullmedaljane. I mellomtida vart kortbaneløp med i det olympiske programmet, og der har Sør-Korea dominert, med Kina som ein god nummer to. Til saman har sørkoreanarane og kinesarane teke helvta av medaljane i ein vinteridrett som vinn fram i Aust-Asia. Taiwan, Japan, Hongkong, Nord-Korea og Mongolia har òg sendt kortbaneløparar til OL. Noreg stilte til start på 1990-talet, utan å ta medaljar, og har sidan ikkje vore med.

Også i tradisjonelt hurtigløp er Sør-Korea i dag ein større skeisenasjon enn Noreg, så vel på herre- som på kvinnesida. Dei er ikkje lenger «lovande» eller «best på 500». Då Lee Seung-hoon under leikane i Vancouver i Canada i 2010 tok gull på 10.000 og sylv på 5000, vart Sør-Korea beste nasjon. I dei tre førre vinterleikane tok Noreg i alt éin skeisemedalje medan Sør-Korea vann åtte. Det seier sitt om fortida og framtida til skeiseløp i Nordaust-Asia at Sør-Korea held vinterleikane i år, at Kina held dei om fire år, og at Japan er mellom landa som har søkt om få halda dei i 2026.

Refleksband

Medan utlendingar er i fleirtal på skitribunane, dominerer koreanarane på skeisetribunane. Dagen etter stafettekstasen vert dei svartkledde like galne i Gangneung som dei raudkledde vart i Pyeongchang. Cha Min-kyu tek leiinga på 500 med 34,42 og olympisk rekord. Men på eit hundredel vert sørkoreanarane like tagale som dei elles er på toget. Håvard Lorentzen 34,41. Om lag like lenge vert nordmannen synt fram. Dei neste minutta dveler kamera ved Cha Min-kyu.

Men me har auka leiinga i nasjonskampen. Og eit par timar seinare vankar det gull i laghopp. Folk spør:

– Kor mange bur det eigenleg i Noreg?

Neste morgon går eg frå hotellet i Gangneung til jarnbanestasjonen. I eit mylder av sindige tyskarar og velkledde japanarar som tek oppstilling framom OL-maskotane, står ein kar iført vikinghjelm og norsk flagg og opnar endå ein Cass, det koreanske folkeølet. Morgonstund har gull i munn. Koreanarar kjem for å ta sjølvisar saman med han, og kring halsen, mellom trompeten i den eine handa og ølboksen i den andre, heng eit særs ettertrakta «All access»-skilt. På kvelden, i ein nattklubb i Seoul, dundrar det inn eit fylgje av unge nordmenn i dressar av så godt snitt at ein skulle tru det var skreddarsaum. Saman med slipsa er dressane sydde av flaggmønstra tekstil i signalfarga raudt, kvitt og blått. Dei vert midtpunkt på festen.

Det vert som på Wacken, Europas største metallfestival, der folk gjerne spanderer ein øl når dei møter nokon frå sjølve heimlandet til svartmetallen, True Norwegian Black Metal. I Wacken som i Pyeongchang og Gangneung er dei enkle å dra kjensel på, for uniforma er eins: vikinghjelm og flaggkappe. Som ein visuell kontrast under vinterleikane representerer sørkoreanarane eit anna og meir emoprega ytterpunkt av svartmetallestetikken: svarte klede, svart hår og liksminka andlet.

Når du svarar på det fyrste dei spør om, kvar du kjem du frå, og dei spontant gjev uttrykk for ei aha-oppleving, kjem det ikkje av popgruppa, som rett nok har vore stor i Nordaust-Asia, men av at det ikkje er Finland, Sverige eller Danmark, men Noreg dei assosierer med vinter og vikingar. Det er viktig i eit land som har sin eigen vinterkult. Like viktige er dei etter kvart så globalt kjende fyrsteplassane, på den vinterolympiske medaljetabellen og FN-rankinglista over verdas beste land å bu i. Nok ein Håvard tek skeisegull.

Finnane tek sylvplass i olympisk utkleding, medan svenskane må finna andre løysingar enn karnevalistiske nasjonalsymbol. For dei har flagget vorte eit farleg ikon. På veg ut av skistadionet etter stafettfiaskoen tuslar ein flokk svenskar utan andre markørar enn ei blå luve med ei gul stripe som for alt eg veit gjer nytte som refleksband i den koreanske kvelden.

Når toget godt over midnatt rullar inn i Seoul, skjønar eg at ferda ikkje er så eineståande. Somme sit og legg planar for Tokyo-OL i 2020. Då vert det raudt og rørleg på Shinkansen. Så kjem vinterleikane i Beijing om fire år, med flaggdekte og hornpryda hordar i dei tronge hutongane. Og i Paris i 2024 får det blå EU-flagget konkurranse, om ikkje under medaljeseremoniane, så under Triumfbogen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Paris-OL om seks år kan verta dei mest politiserte leikane sidan Tyskland heldt sommar- og
vinter-OL i 1936.

Også i tradisjonelt hurtigløp har Sør-Korea dei siste åra vore ein større skeisenasjon enn Noreg, så vel på herre- som på kvinnesida.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Juliette (Izïa Higelin) dreg til heimbyen for å besøke familien. Det viser seg at faren ikkje klarer å uttrykkje kjenslene sine, mora har blitt meir eksentrisk enn nokon gong, systera er i ei midtlivskrise, og bestemora har hamna på aldersheim.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Vår Juliette har overraskande tyngde til å vera pakka inn så lett

Brit Aksnes

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis