Frå Fana til Kina
SEOUL: I staden for å fara heim til Fana drog Noregs nye skeisestjerne Håvard Lorentzen rakt til Kina, som skal vera vertskap for dei neste vinterleikane.
Lee Kyungeun arbeidar for TBS, ein av dei største kringkastarane i Sør-Korea, og trong ein utlending til ei direktesending.
Alle foto: Håvard Rem
Vinterleikane
Under vinter-OL i Sør-Korea vitjar skeiseentusiast og Asia-kjennar Håvard Rem landet for fyrste gong.

OL
post@rem.no
Beijing-leikane om fire år vil truleg få langt meir preg av den folkefesten som eigenleg var det einaste som vanta i Pyeongchang. Folk flest bur i Kina, og innrykket av nordmenn vert nok langt større enn i Sør-Korea. Kvifor? Den kinesiske hovudstaden er av dei største og mest innhaldsrike byane i verda. Opninga av Beijing-leikane fell saman med den veka landet skal feira kinesisk nyttår. Air Chinas direktefly frå Stockholm tek deg dit på åtte timar for 4000 kroner tur/retur. Hotell- og Airbnb-prisane er låge etter norsk målestokk. Atomfrykt og krigsredsle vil vonleg ikkje halda folk heime. Mogelegheita for å få oppleva det som i 2022 truleg er verdas mektigaste land, vil for somme vera meir enn eit påskot til å fara. Under Pyeongchang-OL vart det klart at Xi Jinping, som var øvste ansvarlege for sommarleikane i Beijing i 2008, og som i mellomtida har vorte Kinas president, etter alt å døma vert sitjande på livstid – eit signal som ikkje oppmuntrar demokratiseringa i dei mange landa som etter kvart har Kina og ikkje vesteuropeisk fleirpartiparlamentarisme som ideal.
Minoritet
Den siste kamparenaen eg vitja før eg drog til Sør-Korea, var Colosseum i Roma. Framleis er det stor interesse for kva som gjekk føre seg der for snart 2000 år sidan, men i dag gjeld den historiske entusiasmen livet kring arenaen, ikkje kven av dei gløymde utøvarane som vann. Romarane har vore flinke på etterbruk. Om eit par tusen år er det tvilsamt om 10.000 menneske dagleg valfartar til Vikingskipet på Hamar. Kva er å hugsa frå livet kring stadiona i Sør-Korea? Når eg gjekk rundt i og utanfor dei olympiske anlegga i Pyeongchang og Gangneung, fekk eg stundom ei kjensle av at tilreisande publikummarar var i mindretal. Kjensla var god på det viset at du slapp å stå i kø – ved innsjekkinga til hotellet, ved shuttlebussen som tok deg til stadion, i tryggleiks- og billettkontrollen utanfor anlegget, framom matbuene og toaletta inne på stadion og utanfor puben eller restauranten me vitja etter øvingane. Kombinasjonen av få tilreisande og nordaustasiatisk logistikk fekk køane til å løysa seg opp som morgondis i ei koreansk februarsol som varma meir for kvar veke som gjekk. Me frå Nord-Europa og Nord-Amerika kom i eit endå meir iaugefallande mindretal når du såg vekk frå dei mange tilreisande frå Kina og Japan.
Men kjensla av å høyra til ein billettkjøpande minoritet kom fyrst og fremst av dei mange ikkje-publikummarane som tok del i leikane. Kven var dei? Til dei hundre øvingane kom det frå hundre land i alt 3000 utøvarar som ein rett nok såg lite til, anna enn på stadiona og skjermane, men for kvar utøvar var det ei rekkje støtteapparatmenneske du såg heile tida av di dei var like olympisk uniformerte som supporterane i flaggkappe og parodiar på nasjonale hovudplagg. Det var administrativt personell som gjerne er tidlegare OL-utøvarar, massørar og helsearbeidarar, nasjonale presseattachear, trenarar og smørjarar. I tillegg møtte du jamleg grupper på tretti politifolk, meir slentrande enn marsjerande i to rekkjer. Dei gråraude kjeledressane til dei 15.000 friviljuge var kring deg overalt.
Demonstrantar
Politiske demonstrantar var ei anna billettlaus gruppe. Då Erna Solberg drog for å sjå herrestafetten, stogga ho neppe i teltet til No Nuke Korea. Som Noreg har ikkje Sør-Korea slutta seg til FN-vedtaket om å forby atomvåpen. Demonstrantane var blide og baud på kaffi, utkledde som superheltar. Heilt annleis hissige var koreanarane som demonstrerte mot naboane i nord, med utlendingane som målgruppe, for dei la aksjonane der shuttlebussane køyrde oss til idrettsanlegga. Med sørkoreanske og amerikanske flagg, og med handskrivne plakatar som hylla Donald Trump, protesterte dei mot dialogen med Nord-Korea. Utlendingar såg nyfikne på dei medan landsmenn- og kvinner såg brydde ut. Ein politimann smilte og rista på hovudet då eg spurde han om bodskapen deira, men det seier sitt om Sør-Korea at han ikkje viste dei vekk.
Til det billettlause fleirtalet høyrde to grupper som ein ikkje kjende att på klede med olympiske ringar, men på ein slags bodskap – evangelistar og journalistar. For å ta dei siste fyrst: At norske utøvarar og publikummarar, men òg sjølve fenomenet Noreg, fekk så mykje merksemd i internasjonale medium, kom dels av suksessen, dels av at det ikkje var så mykje anna å skriva heim om. Éin føremiddag stod eg i den temmeleg tomme kulturpaviljongen i Gangneung, der næringslivet presenterte koreanske produkt og spesialitetar, for å vurdera ei pakke turka blekksprut til heimreisa, då ei ung kvinne spurde om eg ville vera med i ei radiosending. Lee Kyungeun arbeidar for TBS, ein av dei største kringkastarane i landet, og no trengte ho einkvan til eit direkteprogram. Dei hadde kome heile vegen frå Seoul med opptaksbussen, og endeleg fann dei ein utlending.
Men dei fyrste som tok meg i mot i Gangneung, alt då eg kom ut av jarnbanestasjonen, var metodistar som delte ut OL-versjonar av Romarbrevet og Johannesevangeliet med ein skeiseløpar på framsida. Frå eit telt delte katolikkar ut små flasker med lækjande vatn frå den heilage kjelda i Naju. Dei mest aktive var Jehovas Vitne som i Pyeongchang hadde ikkje mindre enn fire postar berre på vegen frå handlegatene til sjølve olympiastadionet, der elden flammar som trua i hjartet deira. Eg var førebudd. Kristendomen har vorte det mest utbreidde livssynet i Sør-Korea. Alt som gut på Sørlandet fekk eg høyra at verdas største pinsekyrkje ligg i Seoul.
Shea og Jaffee
Draumen om å verta udøyeleg døyr ikkje med trua på eit liv etter dauden. Men det held ikkje å verta verdsmeister. Sett vekk frå fotball er ein verdsmeisterskap berre ein fotnote i historiebøkene. Beinvegen til æveleg liv er olympisk gull. Kvifor gjekk eg elles kring i Sør-Korea og tenkte på Jack Shea og Irving Jaffee – to irriterande viktige namn i oppveksten? Jau, dei to tok alle gullmedaljane i skeiseløp i vinter-OL i Lake Placid i 1932, framfor barndomshelten og stilløparen frå Hadeland, han som gav namn til dei fyrste lengdeløpskeisene mine frå Ving-fabrikken i Moss, Ivar Ballangrud.
I oppveksten var me samde om at Shea og Jaffee vann to gull kvar av di det var fellesstart for fyrste og siste gong – før i desse leikane. Men fotnotane fortel ei anna historie. I OL i St. Moritz i 1928 tok den då 22 år gamle Jaffee ein 4. plass på 5000 meter, og leia 10.000 etter å ha slege Bent Evensen i samløp før isen smelta og ein norsk dommar kansellerte øvinga. Men viss no Jaffee og Shea kunne gå parløp òg, kvifor fekk dei då inga plassering i Garmisch-Partenkirchen i 1936? Nei, der tok dei ikkje del av di dei boikotta Hitler. Jødiske Jaffee gløymde aldri skiltet som møtte han da han kom til Lake Placid i 1932: «Hundar og jødar forbode». Jack Shea var rett nok katolikk, men ikkje desto mindre ein leiande aktivist i freistnaden på å få amerikanske styresmakter til å boikotte vinter-OL i 1936. Då det langt om lenge vart vinterleikar att, i 1948, var Shea og Jaffee kring 40 år og for gamle.
Metoo-monsteret
At poesi var ei olympisk øving i antikken, og så seint som i Stockholm-OL i 1912, var ikkje grunnen til at poetar fekk omtale under leikane no. Sentrum for merksemda var Ko Un, Sør-Koreas nobelprisaktuelle nasjonalpoet som tre gonger har vitja Noreg, og som seinast i fjor kom i eit utval på svensk. Same dag som 21 år gamle Johannes Høsflot Klæbo vart yngste mannlege OL-vinnar gjennom tidene med gull på langrennssprinten, kom nyhenda som detroniserte 86 år gamle Ko Un, tidlegare buddhistmunk, som nasjonalskald og som tok frå han professoratet ved Dankook-universitetet.
Det byrja med eit dikt. No veit me i Noreg at det er dehumaniserande å omtala menneske som monster, men likevel var «Monster» tittelen på det lagnadstunge diktet av Choi Young-mi som byrjar slik:
Set deg ikkje nær N
sa poeten K då eg bokdebuterte
Når N ser ei ung kvinne, tafsar han
Eg gløymde rådet og sat nær N
Meg òg
Silketoppen lånt av veslesyster
vart skrukkete
Andre kvinnelege sørkoreanske poetar og varslarar stod fram i sosiale medium og identifiserte tafsaren. Nær nittiårige Ko Un orsaka seg, såra og vonbroten. Eg vitja hovudbiblioteket i Seoul som har attskapt skrivestova hans. No vert ho truleg demontert, og Undervisningsdepartementet vurderer å fjerna dei mange dikta av Ko Un frå koreanske lærebøker. Nobelpris vert det neppe.
Nasjonskampen
Kven hadde dramaturgien på dei siste timane av leikane sundag? Om morgonen tok Tyskland gull i bob og gjekk føre Noreg i nasjonskampen, som dei ville vinna med siger i ishockeyfinalen, same kva Marit Bjørgen fann på under siste øving, tremila, der ho halsa av stad med finske Krista Pärmafrosti etter seg. Russland utlikna i undertal 55 sekund før slutt, og midtvegs i tremila avgjorde Russland i speleforlenginga. Då Mari Bjørgen gjekk i mål, to minutt før Parmaskinki, var leikane over, Noreg beste nasjon og Bjørgen beste vinterolympiar gjennom tidene. Det vert ikkje betre før i Beijing om fire år.
Men audmjuke held me fram med å vera. Me frå nord har sjølvsagt alltid visst at vintersport ikkje er globale idrettar. Det heiter nordiske øvingar. Frå gamalt av har svenskekomplekset vårt vore at me berre var gode i etniske idrettar medan svenskane òg markerte seg på globale arenaer. Dei hadde Abba og bronse i fotball-VM. Trur du at me ikkje ser skilnaden, gjer du nisseluva større enn ho er. Fråværet av sigrar på internasjonale arenaer har gjort kvart einaste gull i vinter-OL meir verdifullt. At me i 1980-åra gjorde dei tre dårlegaste vinterleikane våre nokon gong, vart vege opp av at fotballandslaget slo England og a-ha toppa Billboard.
Fanaværingar
I den hippaste hutongen i Beijing ligg butikken 666 – som på kinesisk ikkje tyder Antikrist eller Talet for Dyret i Openberringa, men lukke. Der fann eg for nokre år sidan alle musikkalbuma til Varg Vikernes som inntil no har vore verdas mest kjende fanaværing. Men med Pyeongchang-OL har han fått konkurranse av to gutar, Håvard Lorentzen og Sverre Lunde Pedersen, som båe låg i morslivet og venta på å få sjå dagens ljos den sumaren sambygdingen deira sytte for at Fantoft stavkyrkje brann ned til grunnen.
Dei på si side har sytt for at skeiseløp har reist seg av oska som norsk nasjonal-
idrett. Dei vil framleis vera i 20-åra under vinterleikane i Kina der alle skeiseløpa går av stabelen i hovudstaden. Ja, frå Sør-Korea har Håvard Lorentzen, utan å leggja vegen om Fana, alt fare til Kina, der han i morgon og sundag stiller som favoritt i sprintverdsmeisterskapen. No i helga kan NRK førebu seg på høge sjåartal.
Om fire år kan det nok henda at hyggjelege Wang, som driv butikken 666 Musick og elskar norsk svartmetall, får auga på folk iført vikinghjelm og norske flagg, men eg veit ikkje om han då skjønar kva for fanaværing dei heiar på.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Om eit par tusen år er det tvilsamt om 10.000 menneske dagleg valfartar til Vikingskipet på Hamar.
Undervisningsdepartementet vurderer å fjerna dei mange dikta av Ko Un frå koreanske
lærebøker.
Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.