Kina mot India
Ja, det er urovekkjande at det har kome til kampar mellom India og Kina, meiner Kenneth Bo Nielsen, men han seier båe partar neppe ynskjer ei eskalering.
Indiske demonstrantar brenn bilete av Xi Jinping etter at indiske soldatar døydde i kamp mot kinesarar.
Foto: REUTERS / Scanpix / Amit Dave
Samtalen
Kenneth Bo
Nielsen
India-kjennar ved
Universitetet i Oslo
Aktuelt
India og Kina har hamna
i militære kampar
Samtalen
Kenneth Bo
Nielsen
India-kjennar ved
Universitetet i Oslo
Aktuelt
India og Kina har hamna
i militære kampar
jon@dagogtid.no
Minst tjue indiske soldatar vart i byrjinga av veka drepne i kampar mot kinesiske soldatar i Himalaya. Det skal visstnok ikkje ha vore avfyrt skot, men det utvikla seg til regulær slåsting, og fleire skal ha døydd av kulde, om vi skal tru talspersonar for den indiske hæren. Kampane gjekk føre seg i Galwan-dalen, som India hevdar er deira, men som Kina har prøvt å taka delar av. India hevdar at Kina ikkje respekterer Indias «reelle kontroll» over dalen, medan Kina seier at indiske soldatar gjekk inn på deira territorium. Truleg døydde også kinesiske soldatar. Kenneth Bo Nielsen er India-kjennar, sosialantropolog og fyrsteamanuensis ved Universitetet i Oslo.
– Kva er bakgrunnen?
– I kjølvatnet av den indisk-kinesiske krigen i 1962 enda dei to landa opp med ei kontrolline. Den faktiske lina var fram til 1990-åra ei uformell grense. I starten av 1990-åra gjekk dei to landa inn i ein litt meir fast bilateral avtale. Dei prøvde å laga ei de facto grense, men på einskilde stader er lina ikkje synkronisert. Det er område der båe partar har territoriale krav og prøver å patruljera for å vise at dei har reell kontroll. Det kjem ofte til såkalla stand-offs. Men det er sjeldan at det vert fysiske samanstøytar, og endå sjeldnare at liv går med.
– Det handlar altså om å vera til stades for slik å hevda at «dette området er mitt»?
– Ja, og det er typisk for mange område av verda der det ikkje bur særleg med folk, og der grensene er flytande. For Indias del gjeld det nesten heile området mot Kina, grensene er veldig flytande. Då gjer India og Kina det Danmark gjer på Grønland: sender ut patruljer i folketomme område for å visa at «vi er til stades.» Noko av årsaka til konflikten no var at det kom til ei liknande konflikt for tre år sidan. Då fekk dei roa ned stoda, men i etterkant har båe landa prøvt å byggja opp basar og vegar for slik å altså kunne visa at dei er i området. Indisk veg tyder indisk land og så bortetter.
– Men kjem eit av landa til å gje seg, slik at det vert ei formell grense?
– Vel, retorikken er ganske tøff, mest frå kinesisk side. Dei seier at dei er klare for kva som helst og ikkje er redde for noko. Men no har det vore demonstrasjonar i India med brenning av bilete av Xi Jinping. Vanlegvis får ein til å deeskalera desse tinga, dei driv med tingingar bak scena, og så får ein i det store og heile at ei attendevending til status quo. Men på kort sikt kjem ingen til å gje etter og seie frå seg landområde i byte med ei formell grense.
– Men det er ikkje nett rolege personar som leier desse to nasjonane?
– Nei, og det er litt urovekkjande. Narendra Modi og Xi Jinping er båe populære, karismatiske nasjonalistar. Kompromiss står ikkje øvst på reprotoaret deira. No har rett nok talspersonar på båe sider sagt at det var uheldig at dette kom midt i ein deeskaleringsprosess, og diplomatar på båe sider ynskjer sjølvsagt å roa ned situasjonen. Men Modi har kalla inn leiarane for alle parti til eit møte og varsla at han sundag vil tala til nasjonen om stoda. Det er litt urovekkjande sett i lys av at nasjonalistar har kravd at India sender inn flyvåpenet og fjernar dei kinesiske troppane i området og ordnar opp éin gong for alle.
– Kva slags område er dette? Bur der menneske i det heile?
– Eg skal ikkje utelukka at det av og til kan vera éin eller to som dreg inn i området, men det er i tilfelle nokså sporadisk. Det er aude fjell og eit særs ugjestmildt klima. Men som vi veit, er alle grenseområde særs symboltunge, for det er der statar kan verta såra. Dessutan er det særs viktig å kontrollera strategiske høgdedrag, og dette området har mange slike. Men dette er ikkje terreng som eignar seg for krigføring. Store delar av året er det så mykje snø at det ikkje går an å vera der. Typisk nok får vi denne hendinga når snøen trekkjer seg attende, for då kan soldatane gå inn.
– Kva hende konkret?
– India og Kina har ein avtale om at soldatane i området skal være uvæpna for å unngå at det kjem til open utveksling av eld. Den indiske patruljen gjekk inn i eit område som Kina hadde vore inne i, men etter vanleg praksis skulle ha forlate. Men dei hadde ikkje kome seg ut enno. Dette er eit område med bratte fjellhyller og ingen vegar. Då dei møtte kvarandre, byrja dei å slåst med det dei fann, stein, kjeppar og plankar. Enkelte ramla ned frå fjellhyllene, og sidan det ikkje er lett å få inn medisinsk hjelp, døydde fleire av kulde. Dette var eit masseslagsmål i fjellsider. Det er farleg.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Store delar av året er det så mykje snø at det ikkje går an å vera i fjellet.
Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.