JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Intervju

Konfrontasjonar med røyndommen

Den vanlegvis så optimistiske journalisten og forfattaren Geert Mak fryktar at framtida i aukande grad vil bli bestemt av krefter utanfor demokratiets rekkjevidd.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Geert Mak er journalist og ein bestseljande forfattar i Nederland.

Foto: Bob Bronshoff

10678
20201009
10678
20201009

Europa

janh@landro.bergen.no

I den nye boka si, Store forventninger. På sporet av den europeiske drømmen. Europa 2000–2020, teiknar han eit heller dystert bilete av Europa, basert på utviklinga dei siste tjue åra. Etter ei omfattande reise gjennom ei rad europeiske land i 1999 skreiv nederlendaren boka Europa: en reise gjennom det 20. århundre. Ho var full av optimisme på Europas vegner, men i løpet av tjue år har optimismen surna. Derfor såg han det som ei intellektuell plikt å skrive ei ny bok no, for Europa er midt i ei krise av historiske proporsjonar.

– Det handlar om bankkrise, eurokrise, migrasjonskrise, brexit, hacking, overvaking, illiberale statar, uroa i Ukraina og Kviterussland – og EUs manglande evne til å handle raskt når kriser oppstår. Summert opp i få ord må det bli «konfrontasjonar med røyndommen». Kanskje vil dette komme til å prege mykje av hundreåret.

– Korleis kunne så mykje gå gale på knappe tjue år?

– Det er eit fundamentalt spørsmål. Alt er ikkje like mørkt. Vi har opplevd ei tid med europeisk integrasjon, der nye medlemsland frå Aust-Europa er blitt sleppte inn i EU. Men no ser vi desintegrasjon, med brexit og statar som Polen og Ungarn, som fjernar seg meir og meir frå dei vesteuropeiske ideala.

– EU har dei siste tjue åra gått gjennom fleire uunngåelege kriser og konfliktar for å bli sterkare. Men mykje i EU er berre overflatiske konstruksjonar, som ikkje toler store påkjenningar, til dømes ein euro utan felles finanspolitikk og som prøver å foreine heilt ulike økonomiske system og kulturar, og Schengenavtalen utan felles innvandringspolitikk. EU er sjølv ein slik konstruksjon, der den nasjonale suvereniteten framleis har forrang.

No er det på høg tid å vakne, meiner den meritterte journalisten med det vide perspektivet. Han syner til alle dei i Europa som er gløymde eller kjenner seg neglisjerte, og dei store og stadig veksande økonomiske skilnadene. Vi har for lenge levd i overtydinga om dei overlegne kvite, og at vi skulle vere betre enn alle andre.

– Så kom pandemien, som berre er eit forspel til noko langt større – klimakrisa, som enno er i ein innleiande fase.

Geopolitisk faktor

– Kva er tilbake av den europeiske draumen?

– Meir enn vi innser. EU er framleis eit vellukka og svært viktig fridomsprosjekt. I hundreår gjekk landa til krig når dei var usamde, i EU er diplomatane våre soldatar. Men på lengre sikt trur eg ikkje ein halvføderasjon som EU kan overleve på det viset. Vi må innsjå at også EU er ein geopolitisk maktfaktor, men vi har vore vande med at USA både tenkte og slost for oss. Heretter må vi gjere det sjølve. Same kva valresultatet blir i november, må vi leve med at for USA er Stillehavet no viktigare enn Atlanterhavet.

Som geopolitisk maktfaktor må ein ofte kunne handle raskt, men det er ikkje EU i stand til, meiner han.

­– Sjå berre den manglande responsen på det som skjer i Kviterussland, eller på Navalnyj-saka i Russland. I Unionen er det alltid usemje, og det kan lamme handlekrafta fullstendig.

Fryktar cyberkrig

Den produktive nederlendaren vedgår at mykje av det som hender i dataverda, med hacking og manipulasjonar, skremmer han. Ikkje minst fordi mykje skjer så sofistikert at berre ekspertane skjønar kva som går føre seg. Neste krig, til dømes i Ukraina, trur han vil bli ein cyberkrig.

– Mange av dei tradisjonelle konfliktane, truleg dei fleste, vil bli utkjempa i eteren. Det gir ein ny dynamikk, som vi førebels veit svært lite om. Vi er inne i eit paradigmeskifte. Det tok til med internett som arena for stadig meir verbal vald. Men det er også slik at utan internett kunne eg ikkje ha skrive denne boka.

I boka går Mak inn på svært mykje av det som har prega dei to første tiåra i det 21. hundreåret. Også konsekvensane av 11. september-åtaka i USA og Irak-krigen. Noko dei færraste såg føre seg på nittitalet, var at dei religiøse krigane skulle dukke opp att, og den aukande mistilliten mellom vanlege borgarar og innvandrarar, ofte basert på religion. Midtausten blei ytterlegare destabilisert, terrorismen auka og oppløysinga av den irakiske hæren sikra sterk rekruttering til IS.

– For amerikanarane var 11. september-åtaka eit enormt psykologisk slag. Saman med Iran-okkupasjonen og krigen i Afghanistan synte dette kor sårbare amerikanarane er. Dette var byrjinga på slutten for The American Empire og trua på at dei kunne utrette kva det skulle vere. Her i Europa fekk vi terrorismen tettare innpå oss gjennom jihadistane. Men då røynde vi òg at mange europeiske statar har sterkare sivilsamfunn enn vi trudde. Folk beheldt verdet, dei tapte ikkje verdiane sine, men gjekk vidare i livet.

Geert Mak har i mange år følgt utviklinga i EU, og den institusjonen har også ein sentral plass i boka hans. Han skriv mellom anna om den store utvidinga i 2004, då åtte austeuropeiske land pluss Kypros og Malta fekk medlemskap. Brussel trudde at gamle kommuniststatar lett skulle la seg «vende om» til vestlege verdiar og styresett.

Men så lett var det ikkje.

Business as usual

– Tanken var god, men ein gjekk fram for raskt, med for stor optimisme og for overflatisk. Somme land var godt budde, andre gjekk gjennom svært tøffe tider etter kommunismens fall, med tap av sosial tryggleik. Det resulterte også i betydeleg hjerneflukt. Mange utvikla sterk mistru til Brussel, rett og slett fordi det tok så lang tid før dei fekk det litt betre. Folk i byane opplevde økonomisk og sosial bløming, på landsbygda kunne det gå frå vondt til verre. Her trur eg nokre av røtene ligg til det som no skjer i Polen og Ungarn, men vi i Vesten har ikkje vilja innsjå det.

– Ser du dagens EU som demokratisk umoden?

– Det betrar seg heile tida, men framleis manglar mykje. Som EU-borgar kan eg berre røyste på nederlandske kandidatar til EU-parlamentet. Og mykje av det som skjer i parlamentet, er styrt av snevre nasjonale, ikkje overnasjonale interesser. Stadig ser vi òg at einskildstatar kan blokkere viktige avgjerder, ut frå reint sjåvinistiske motiv. Ofte blir viktige avgjerder tekne av ministrane i medlemslanda, ikkje Europakommisjonen. Så mykje av makta ligg framleis utanfor Brussel.

– Har brexit endra noko som helst ved EU?

– Eg trur ikkje det, dessverre. Det einaste nye var korleis dei andre landa på forbløffande vis slutta rekkjene, alle som eitt. Noko av forklaringa er nok at krava frå den britiske regjeringa var så lite gjennomtenkte og så umoglege å akseptere at dei skapte ei sterk kjensle av einskap. Med Storbritannia ute er den politiske balansen endra. Tapet av Storbritannia er ille for EU, både økonomisk og militært.

– Så lenge nasjonale interesser står så sterkt i medlemslanda, korleis er det då råd å sjå føre seg ein djupare integrasjon?

 – Det vil ta generasjonar. Men eg trur at dersom Europa ikkje hadde vore gjennom så mange kriser dei siste par tiåra, ville EU tala med langt klarare røyst mot galskapen som skjer i Viktor Orbáns Ungarn. Det må stoppast, elles vil EU tape andlet som forsvarar av dei liberale verdiane.

Ny bankkrise?

Geert Mak ønskjer seg eit EU som er langt meir fleksibelt enn dagens, med god plass for avvikande meiningar. Helst eit system med ein eller to mindre unionar i sentrum og der fleire land med ulik tilknyting svevar som satellittar kring dei. Her nemner han Noreg som eit godt døme.

– Fryktar du at det som skjer i dei illiberale «demokratia» Ungarn og Polen, kan ha smitteeffekt?

– Det ser ut som om nasjonalismen veks. Samstundes har eg ei kjensle av at det kanskje heller er tale om aukande «lokalisme», at folk i desse underlege tider kjenner seg sterkare knytte til lokalmiljøet enn akkurat nasjonen som eining. Men vi ser òg at nasjonalistiske rørsler gjer seg gjeldande i mange europeiske statar, også her i Nederland. Alt snakket om å vende tilbake til det gamle er berre ein nostalgisk draum.

– Det same synest å gjelde draumen om det gamle, solide bankvesenet. Heller ikkje her har EU, Pengefondet eller dei nasjonale styresmaktene synt nødvendig handlekraft for å regulere finansbransjen. Ekspertar fortel meg at bankane er ute på den same galeien som før 2008. Dei tek stadig større risiko, og sjølve bankverksemda er oppsplitta i så mange små spesialitetar at knapt nokon kan ha oversikta. Dei store tapa i kjølvatnet av koronakrisa kan fort utløyse ei ny bankkrise.

Han trur at dei amerikanske bankane denne gongen kanskje er betre budde på ei ny krise enn dei europeiske. Forklaringa hans er enkel: Dei europeiske bankane har synt seg som fantastisk dyktige lobbyistar i Brussel og nasjonalt og har slik kunna hindre strengare regulering.

– Korrupsjonen synest ta ein stadig større plass i statsstyringa på alle kontinent, også i Europa. Trur du det lèt seg stoppa?

– Nei, vi kan berre prøve å halde vondet i sjakk. Europa har to sterke rollemodellar, Russland og USA. Russland er i dag, i langt større grad enn under kommunismen, eit kleptokrati, ein stat bygd på korrupsjon. I mindre målestokk ser vi det i Albania og Ungarn.

Slutten på USA

– Trump-regjeringa er også ein rollemodell for visse folk. Eit delvis korrumpert demokrati er no på veg inn i eit heilt korrupt system. I tiår har vi sett korleis store selskap og mektige interesser har kunna kjøpe seg innverknad på viktige politiske avgjerder – ofte med eit resultat som ikkje tener storsamfunnet eller miljøet. Donald Trump og familien hans, godt støtta av nære medarbeidarar, prøver å endre dette til eit system som byggjer heilt på korrupsjon og nepotisme. I sentrum står Trump, og kring han er alle demokratiske og menneskelege verdiar borte.

– Fire nye år med han i Det kvite huset, kvar vil det føre USA?

– Det vil bety slutten på USA slik vi kjenner det. Derfor er dette valet så utruleg viktig. Donald Trump vil gjere ende på republikken og prinsippet om maktfordeling. Ein konsekvens av dette kan vere at den amerikanske føderasjonen av 50 statar kan gå i oppløysing ved at mange statar ikkje lenger vil godta å bli styrte frå Washington.

– Er vi på veg inn i ei tid der framtida blir bestemt av krefter utanfor demokratiets rekkjevidd?

– Absolutt. Det krev at kvar einaste borgar, især i USA, må vakne opp. Mykje som før var heilt normalt for oss, er det ikkje lenger. Vi må forsvare verdiane våre, syne at vi støttar dei som representerer demokrati og humanitet, syngje ut når vi høyrer nedbrytande eller farleg tale. Framleis har vi mykje det er verdt å ta vare på, men vi må vere villige til å yte det som trengst for å verne om desse verdiane.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– Europa har to sterke rollemodellar, Russland og USA.

Geert Mak

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis