Det er ikkje rart Barack Obama er kompis med Kendrick Lamar.
Alt er relativt
Dagens bustadannonse frå Grønland i Oslo: «Bo billig på Sørenga!» Storleik: 108 m2. Felleskostnader per månad: berre 4487 kroner. Pris: berre 9.500.000, men helst mykje meir.
15 slitne metaforar
Fiktivt, men ikkje heilt usannsynleg tabloidavisavsnitt: «Den korrupte eigedomsmeklaren tok beina på nakken og flykta hals over hovudet då han fekk politiet på nakken. Dei to betjentane heldt uansett hovudet kaldt; dei gjekk på med krum hals, og etter å ha halsa rundt og stått på hovudet i eit halsbrekkande tempo i to timar, kunne dei hive meklaren hovudstups i kasjotten. No sit han der, slukøra, og heng med hovudet, mens saksøkarane jublar av full hals. Som ein av dei svindla bustadkjøparane seier: 舗Sånn går det når ein mistar hovudet. Eg håpar han får så øyra flagrar og latteren set seg fast i halsen.舗»
ESC
Grand prix er dessverre over. Bra jobba til meg, som noterte godt og stemde på både Ungarn og Belgia. Endå betre jobba til Alexander Rybak, som tok fela si, gjekk i studio og covra vinnarlåten allereie søndag morgon. Rybaks YouTube-video er alt sett 1,5 millionar gonger.
Dagens oppgåve
Sjå Vevo-videoen til Kendrick Lamars «Humble» (frå den kritkarroste nye plata Damn) på YouTube. Videoen er i praksis ein god spelefilm som varer i berre tre minutt, så du har tid. Her får du blant anna hundre skodespelarar, Jesu siste måltid i ny ugåve, eit bra slag golf og ei rumpe med strekkmerke, fordi Lamar vil ha slutt på retusjering. I alle fall: Ordet «holla», som har minst 20 tydingar, blir uttalt 64 gonger i låten, og ordet «nigga» blir brukt fire gonger; kor mange gonger får vi høyre ordet «bitch»? 40, 50 eller 60?
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Alt er relativt
Dagens bustadannonse frå Grønland i Oslo: «Bo billig på Sørenga!» Storleik: 108 m2. Felleskostnader per månad: berre 4487 kroner. Pris: berre 9.500.000, men helst mykje meir.
15 slitne metaforar
Fiktivt, men ikkje heilt usannsynleg tabloidavisavsnitt: «Den korrupte eigedomsmeklaren tok beina på nakken og flykta hals over hovudet då han fekk politiet på nakken. Dei to betjentane heldt uansett hovudet kaldt; dei gjekk på med krum hals, og etter å ha halsa rundt og stått på hovudet i eit halsbrekkande tempo i to timar, kunne dei hive meklaren hovudstups i kasjotten. No sit han der, slukøra, og heng med hovudet, mens saksøkarane jublar av full hals. Som ein av dei svindla bustadkjøparane seier: 舗Sånn går det når ein mistar hovudet. Eg håpar han får så øyra flagrar og latteren set seg fast i halsen.舗»
ESC
Grand prix er dessverre over. Bra jobba til meg, som noterte godt og stemde på både Ungarn og Belgia. Endå betre jobba til Alexander Rybak, som tok fela si, gjekk i studio og covra vinnarlåten allereie søndag morgon. Rybaks YouTube-video er alt sett 1,5 millionar gonger.
Dagens oppgåve
Sjå Vevo-videoen til Kendrick Lamars «Humble» (frå den kritkarroste nye plata Damn) på YouTube. Videoen er i praksis ein god spelefilm som varer i berre tre minutt, så du har tid. Her får du blant anna hundre skodespelarar, Jesu siste måltid i ny ugåve, eit bra slag golf og ei rumpe med strekkmerke, fordi Lamar vil ha slutt på retusjering. I alle fall: Ordet «holla», som har minst 20 tydingar, blir uttalt 64 gonger i låten, og ordet «nigga» blir brukt fire gonger; kor mange gonger får vi høyre ordet «bitch»? 40, 50 eller 60?
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.