Draumemannen
Drøym deg vekk.
God dag, Signe!
Eg har lenge kvidd meg for å skrive til deg, men tida går, og eg er redd for at eg aldri kjem til å møte draumemannen. Eg kjenner til dei som har fått seg kjærast på nettet, men eg vert galen av å tolke det som blir skrive, og det som ikkje blir skrive. Kvifor tek det så lang tid før han svarer? Kvifor vil han ikkje møte meg? Kan det vere nynorsken?
Helsing «Skild (47)»
Gode «Skild (47)»
Ja, no spør du rette kvinnfolket! Eg har ikkje teke i ein mann på 23 år, ni månader, sju dagar og elleve timar. (Ja ja, det siste kjem an på av kva tid du får avisa.) Likevel skjønar eg otten for å verte verande åleine. Når det er sagt, slår eg kaldt vatn i blodet på deg: I jakta på den rette finst det mange galne. Ein eg trefte, skrytte av at han fekk i seg fem om dagen. Det viste seg å vere tre halvlitrar og to vinflasker.
Nei, faren for å hamne i ein tap–tap-situasjon er stor. Du kan sjølvsagt vere heldig på nettet, men mange pyntar profilen og gjeter fleire sauer på same tid – og det gjeld begge kjønn. Når han du har peika ut, ikkje svarer, må du berre innsjå at han ikkje er interessert. Sei det høgt: Han er ikkje interessert.
Gløym han! Kos deg med napoleonskake, skikkeleg god kaffi og radioen på full guffe. Då er du i godt selskap. Ikkje treng du å krangle om fjernkontrollen heller.
Nyleg slo det meg at draumemannen er berre det, ein mann i ein draum. Rådet mitt er difor at du finn deg ein mann å drøyme om, gjerne ein gamlekjærast, som kan brukast om att, eller ein annan du har eit godt auge til. Dikt opp ein perfekt mann og eit draumeforhold. Fri dikting er det omvende av røyndomslitteratur. Det kan ikkje gå gale.
Alt godt, Signe Svare
PS Skuld ikkje på nynorsken! Det likaste stemnemøtet eg har hatt nokon gong, var då eg vart med ein målmann heim for å bøye sterke verb.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.