18. mars 1965 gjorde Aleksej Arkhipovitsj Leonov (f. 1934) seg historisk ved å krypa ut av romskipet «Voskhod 2» til den fyrste romvandringa, EVA1, i berre romdrakt og femten meters navlestreng til morskipet, der kollegaen Pavel Beljajev venta – meir og meir forfærd.
Den kalde krigen mot USA, med romkappløp som eit viktig frontavsnitt, gjorde det naudsynt for Sovjetunionen å melda at alt gjekk etter planen. Verda fekk sjå bilete av Leonov på veg ut i rommet, der han tumla rundt, tilsynelatande i yr og vektlaus romkåtskap over eit landskap som strekte seg frå Gibraltar til Kaspihavet. Fyrst etter ei par dagar fekk verda dokumentert at dei to romfararane hadde kome seg uskadde ned på jorda att etter endå ei sovjetisk triumfferd.
Det ingen såg, var bileta Leonov aldri fekk teke med det brystmonterte kameraet sitt. I det lufttome rommet bles drakta seg opp og blei så stiv at han ikkje nådde utløysarsnora på låret. Ingen skulle heller sjå at han etter sine historiske tretten minutt på tur i rommet tok seg feil veg inn i luftslusa, med hovudet fyrst, der han kilte seg fast med ballongdrakta si. Ingen skulle høyra at han difor ikkje nådde mekanismen som stengde slusa. Ingen skulle vita om sjølvmordstabletten han kunne svelgja dersom Belyajev måtte reisa frå han i rommet.
Aleksej Leonov berga seg ved å opna drakta, slik at nok oksygen lak ut til at han fekk armslag. Så var han inne, «vassande til knes i sveitte i romdrakta», overoppheta til 39 grader, nær hjarteslag, og framleis ikkje trygg. Under nedturen svikta ein retrorakett. Reserveraketten fungerte, men banen var skipla av forseinkinga. Dei to mennene landa i Ural, i djup snø, klemde mellom to graner og hundrevis av kilometer frå merket, i ein skog så tett at helikopter ikkje kunne landa då dei blei funne etter fire timar, berre sleppa ned varme klede og øks, så dei to heimkomne heltane kunne laga bål til å varma seg på og halda – blir det sagt – ulvane frå livet. Romferda enda på ski 48 timar etter landinga.
Det var elles kunstnar Aleksej Leonov såg seg som og ville vera før han møtte Gagarin. Illustrasjonen «Nær månen» er såleis av Leonov sjølv, laga i 1967 etter skisser han gjorde på måneferda, og sidan nytta som førelegg i opningsscena til filmen 2001: en romodyssé.
Leonovs neste romferd ti år seinare er òg historisk. Han kommanderte då «Soyuz», den sovjetiske halvdelen som kopla seg til «Apollo» frå USA.
jox
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.