19. mai 1893 gjekk Verdalsraset, eit kvikkleirras som råka over 100 gardar og drap 116 menneske og dyr i tusental. Tre kvadratkilometer av Verdal forsvann i leirmassane.
Det tok til like etter midnatt ved Hagamarka, eit par kilometer aust for Stiklestad. Kvikkleira – gamal havbotn som hadde vore stabilisert med salt som no var vaska ut – flaut som ei væske og reiv med seg garden Melbynesset og dei som der budde, dinest garden på Haganeset, der berre kona berga seg. Raset demde opp Verdalselva, og då dammen brast, gjekk det største raset, som tok meir enn 80 gardar og rann ut over de nedre delane av Verdalen mot Verdalsøra.
Minst 35 av dei omkomne blei aldri funne, medan andre dukka opp fleire år seinare. Leirraset skal vera det største som er registrert i historisk tid her i landet, større enn Gauldalsraset i 1345, som tok fleire liv, kan hende opp mot 500.
Jox
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
19. mai 1893 gjekk Verdalsraset, eit kvikkleirras som råka over 100 gardar og drap 116 menneske og dyr i tusental. Tre kvadratkilometer av Verdal forsvann i leirmassane.
Det tok til like etter midnatt ved Hagamarka, eit par kilometer aust for Stiklestad. Kvikkleira – gamal havbotn som hadde vore stabilisert med salt som no var vaska ut – flaut som ei væske og reiv med seg garden Melbynesset og dei som der budde, dinest garden på Haganeset, der berre kona berga seg. Raset demde opp Verdalselva, og då dammen brast, gjekk det største raset, som tok meir enn 80 gardar og rann ut over de nedre delane av Verdalen mot Verdalsøra.
Minst 35 av dei omkomne blei aldri funne, medan andre dukka opp fleire år seinare. Leirraset skal vera det største som er registrert i historisk tid her i landet, større enn Gauldalsraset i 1345, som tok fleire liv, kan hende opp mot 500.
Jox
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.