José Martí med jenta som morfologiske og antropometriske studium ymtar om kan vera ei uoffisiell dotter, María Mantilla.
27. mai 1895 blei den cubanske poeten, journalisten og antiimperialisten José Julián Martí Pérez gravlagd for andre gong, åtte dagar etter at han blei skoten og drepen i sin aller fyrste væpna oppreist mot okkupantane ved Dos Rios. Fyrste gong røyst ned av fienden, no jordfest av sørgjande vener på gravplassen Santa Efigena i Santiago de Cuba.
Han hadde åleine gått mot spanjolane, svartkledd på kvit hest, som ein levande blink midt på lyse dagen, med berre éin hjelpesvein. «Unge mann, lat oss gå til åtak!» Som sagt, så gjort.
José Martí hadde vore farlegare med pennen sin. Difor måtte han leva det meste av sine førti år i fengsel, forvising eller eksil, medan han hamra laus på kolonimakter av alle slag og kveikte avmektige med dei modernistiske dikta, versa og artiklane sine.
Venen og generalen Antonio Maceo hadde egla med at han var våpensky. Det skulle ikkje José Martí ha på seg. Koste kva det kosta ville, og han ante nok prisen då han skreiv dei vidgjetne «Versos Sencillos», som songen Guantanamera er del av: «Set meg ikkje i mørkret for å døy som ein svikar. Eg er god, og som ein god mann vil eg døy med andletet mot sola.»
Gløymd er han ikkje. Det er få skribentar forunnt å bli brukte – og misbrukte – så mykje, grovt, ofte og lenge som José Martí. Men til norsk – nynorsk – er det einast Wigestrand forlag og Jon O. Lorentzen som har omsett det revolusjonære amerikanske fridomsikonet, i boka Med stjerneskrift (2008).
Jox
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
27. mai 1895 blei den cubanske poeten, journalisten og antiimperialisten José Julián Martí Pérez gravlagd for andre gong, åtte dagar etter at han blei skoten og drepen i sin aller fyrste væpna oppreist mot okkupantane ved Dos Rios. Fyrste gong røyst ned av fienden, no jordfest av sørgjande vener på gravplassen Santa Efigena i Santiago de Cuba.
Han hadde åleine gått mot spanjolane, svartkledd på kvit hest, som ein levande blink midt på lyse dagen, med berre éin hjelpesvein. «Unge mann, lat oss gå til åtak!» Som sagt, så gjort.
José Martí hadde vore farlegare med pennen sin. Difor måtte han leva det meste av sine førti år i fengsel, forvising eller eksil, medan han hamra laus på kolonimakter av alle slag og kveikte avmektige med dei modernistiske dikta, versa og artiklane sine.
Venen og generalen Antonio Maceo hadde egla med at han var våpensky. Det skulle ikkje José Martí ha på seg. Koste kva det kosta ville, og han ante nok prisen då han skreiv dei vidgjetne «Versos Sencillos», som songen Guantanamera er del av: «Set meg ikkje i mørkret for å døy som ein svikar. Eg er god, og som ein god mann vil eg døy med andletet mot sola.»
Gløymd er han ikkje. Det er få skribentar forunnt å bli brukte – og misbrukte – så mykje, grovt, ofte og lenge som José Martí. Men til norsk – nynorsk – er det einast Wigestrand forlag og Jon O. Lorentzen som har omsett det revolusjonære amerikanske fridomsikonet, i boka Med stjerneskrift (2008).
Jox
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.