29. april 1770 oppdaga to unge menn av gweagalfolket dei fyrste utlendingane, nærare sagt engelskmannen James Cook med følgje om bord i HMS «Endeavour».
Cook kalla staden Sting-Ray Harbour, piggskatehamna, til dess han kom på andre tankar, og gav bukta namnet Botany Bay til ære for dei tre plantekunnige han hadde med om bord.
Kva gweagalfolket kalla heimstaden sin, er ikkje sagt. Men spyda dei sende mot Cook, er vel tekne vare på. Cook svara med ein muskettsalutt som råka ein innfødd i låret, og etter det blei det avgrensa kontakt mellom vertskapen og dei ubodne gjestene.
Til mellombels lukke for gweagalfolket var oppdaginga av (og til) kaptein Cook av lita interesse heime i Storbritannia. Dei fekk vera sju år i fred før den vestlege sivilisasjonen såg mon i landet og kontinentet deira, Terra Australis, til å bli kvitt somme av dei påståtte brotsmennene og falne kvinnene som hopa seg opp i den gamle verda.
Jox
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
29. april 1770 oppdaga to unge menn av gweagalfolket dei fyrste utlendingane, nærare sagt engelskmannen James Cook med følgje om bord i HMS «Endeavour».
Cook kalla staden Sting-Ray Harbour, piggskatehamna, til dess han kom på andre tankar, og gav bukta namnet Botany Bay til ære for dei tre plantekunnige han hadde med om bord.
Kva gweagalfolket kalla heimstaden sin, er ikkje sagt. Men spyda dei sende mot Cook, er vel tekne vare på. Cook svara med ein muskettsalutt som råka ein innfødd i låret, og etter det blei det avgrensa kontakt mellom vertskapen og dei ubodne gjestene.
Til mellombels lukke for gweagalfolket var oppdaginga av (og til) kaptein Cook av lita interesse heime i Storbritannia. Dei fekk vera sju år i fred før den vestlege sivilisasjonen såg mon i landet og kontinentet deira, Terra Australis, til å bli kvitt somme av dei påståtte brotsmennene og falne kvinnene som hopa seg opp i den gamle verda.
Jox
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.