Library of Congress
31. mars 1917 tok USA formelt over Dansk Vestindia frå Danmark mot 25 millionar dollar i gull, og ei forsikring frå USA om at Danmark skulle få ha kolonien i nord, Grønland, i fred.
For USA, medan fyrste verdskrigen rasa, låg St. Croix, St. Thomas og St. Jan strategisk til for kontroll med trafikken gjennom Panamakanalen.
Danmark hadde elles hatt lite glede av den tropiske kolonien sin etter at slaveriet miste popularitet på desse kantar av kloten. Innbyggjarane, dei fleste etterkomarar etter afrikanske slavar, blei ikkje spurde, men dei skipa si eiga folkerøysting som konkluderte med at det var betre å vera borgarar av USA enn av Danmark (trass i at dei ikkje skulle ha røysterett ved presidentval).
USA tok attende nemninga til Columbus. Han sette fot her i 1493 og nemnde øygruppa etter St. Ursula og dei 11.000 jomfruelege tenestejentene hennar. Då var det Arawak-indianarar som rådde. 200 år seinare hadde indianarane døydd ut grunna sjukdom, tyranni og likesæle frå dei skiftande europeiske okkupantane, og danskane var ikkje annleis, viste det seg.
Fargefotografiet frå La Vallee i St. Croix er teke av Jack Delano i 1939.
Jox
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
31. mars 1917 tok USA formelt over Dansk Vestindia frå Danmark mot 25 millionar dollar i gull, og ei forsikring frå USA om at Danmark skulle få ha kolonien i nord, Grønland, i fred.
For USA, medan fyrste verdskrigen rasa, låg St. Croix, St. Thomas og St. Jan strategisk til for kontroll med trafikken gjennom Panamakanalen.
Danmark hadde elles hatt lite glede av den tropiske kolonien sin etter at slaveriet miste popularitet på desse kantar av kloten. Innbyggjarane, dei fleste etterkomarar etter afrikanske slavar, blei ikkje spurde, men dei skipa si eiga folkerøysting som konkluderte med at det var betre å vera borgarar av USA enn av Danmark (trass i at dei ikkje skulle ha røysterett ved presidentval).
USA tok attende nemninga til Columbus. Han sette fot her i 1493 og nemnde øygruppa etter St. Ursula og dei 11.000 jomfruelege tenestejentene hennar. Då var det Arawak-indianarar som rådde. 200 år seinare hadde indianarane døydd ut grunna sjukdom, tyranni og likesæle frå dei skiftande europeiske okkupantane, og danskane var ikkje annleis, viste det seg.
Fargefotografiet frå La Vallee i St. Croix er teke av Jack Delano i 1939.
Jox
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.