33 millionar
Etter tre veker med LED-lystannkrem er tuben tom, fordi det er meir kork enn krem i han. Tennene er ikkje kvitare, akkurat, men du må sjå positivt på det: Du har støtta nokon. Vi må alle bidra, og skape verdiar og arbeidsplassar. Han treng inntekt, han som sel tannkrem – Stein Marius Varner. Han tente berre 33 millionar i fjor; no tener han heldigvis meir.
Resident evil
Tidleg ein morgon kom eg over to nakne ungar som sat og såg lengselsfullt ut på den såkalla spikarsuppa, dekt av is på 148. døgnet. Kva lengta dei etter? Våren? Bading? Blomster? Nei då. Då eg spurde, begynte dei å kakle om merkeklede, duppedittar og applikasjonar.
Ungdommen! Er det ingen som snakkar om vêret lenger?
Ordbokmoro
Kven ville du gifta deg med viss du måtte velje? Ein boms i vams, ein slams, ein vims i eittroms, ein toms i toroms, ein slums, ein brems full av loms, ein fjams full av kvims, ein frums gams, ein glams som sit glums eller ein glums som luktar fordoms kams?
Vel du å gifte deg med ein glums som luktar fordoms kams, blir de sikkert sams.
Språkregeldikt
Skriv ikkje «rompe».
Det heiter «rumpe».
Skriv ikkje «prumpe».
Det heiter «prompe».
Kvifor eller korfor?
Jo, difor eller derfor.
Anger
Ho som ikkje tok seg tid til å skrape bilen ein kald morgon i desember, og som ikkje gadd å spa vekk den andre snøen fordi han ikkje kom til å bli liggande lenge, har måtta gå og ta bussen i 152 dagar no.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
33 millionar
Etter tre veker med LED-lystannkrem er tuben tom, fordi det er meir kork enn krem i han. Tennene er ikkje kvitare, akkurat, men du må sjå positivt på det: Du har støtta nokon. Vi må alle bidra, og skape verdiar og arbeidsplassar. Han treng inntekt, han som sel tannkrem – Stein Marius Varner. Han tente berre 33 millionar i fjor; no tener han heldigvis meir.
Resident evil
Tidleg ein morgon kom eg over to nakne ungar som sat og såg lengselsfullt ut på den såkalla spikarsuppa, dekt av is på 148. døgnet. Kva lengta dei etter? Våren? Bading? Blomster? Nei då. Då eg spurde, begynte dei å kakle om merkeklede, duppedittar og applikasjonar.
Ungdommen! Er det ingen som snakkar om vêret lenger?
Ordbokmoro
Kven ville du gifta deg med viss du måtte velje? Ein boms i vams, ein slams, ein vims i eittroms, ein toms i toroms, ein slums, ein brems full av loms, ein fjams full av kvims, ein frums gams, ein glams som sit glums eller ein glums som luktar fordoms kams?
Vel du å gifte deg med ein glums som luktar fordoms kams, blir de sikkert sams.
Språkregeldikt
Skriv ikkje «rompe».
Det heiter «rumpe».
Skriv ikkje «prumpe».
Det heiter «prompe».
Kvifor eller korfor?
Jo, difor eller derfor.
Anger
Ho som ikkje tok seg tid til å skrape bilen ein kald morgon i desember, og som ikkje gadd å spa vekk den andre snøen fordi han ikkje kom til å bli liggande lenge, har måtta gå og ta bussen i 152 dagar no.
Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?