Fra sjøsettinga av «Kobben» (A1) i Kiel 5. mai 1909.
5. mai 1909 blei «Kobben», den fyrste norske ubåten, sjøsett ved Germaniawerft, som hadde bygt han, i Kiel i Tyskland. Draumen til hardangersmeden og undervassbåtpioneren Mikkel Halsteinson frå 1808 var med det blitt røyndom. (Halsteinsons idè frå Napoleonskrigen var å bryta den britiske blokaden av Noreg frå undersida).
I mellomtida hadde mykje motstand på Stortinget mot slikt moderne fjas måtta brytast ned. Men etter 1905 var nordmennene uroa over at svenskane alt hadde ein undervassbåt, «Hajen». Elles var det i Tyskland òg gjort teknologiske framsteg i form av petroleumsmotoren, som gjekk på parafin, ikkje bensin, noko som såleis reduserte risikoen for brann og eksplosjon om bord. «Kobben» fekk to slike motorar på 220 hestekrefter, og to batteridrivne på 150 hestar kvar (som rett nok måtte ladast med landstraum eller frå eit følgjeskip med generator). Slik kunne båten halda snautt ni knops fart i overflatestilling.
«Kobben» gjorde jobben bra, i fredstid, og fleire liknande ubåtar blei tinga til den norske marinen. «Kobben» blei døypt om til A-1 i 1913 då A-2, A-3 og A-4 blei levert frå Germania-verftet. A-5 stod framleis på beddingen då den fyrste verdskrigen tok til og Tyskland hadde bruk for ubåten sølv.
A-1 blei pensjonert i 1926, og hoggen opp i 1933, etter eit relativt kort og udramatisk liv. A-2, derimot, merkte seg ut som verdas eldste operative ubåt då han kom i kamp med den tyske invasjonsstyrken i Oslofjorden 9. april 1940. To minesveiparar tvinga den gamle ubåten til overflata med senkeminer. Der skaut dei på han med kanonar. Kapteinen fann det tryggast å leggja seg til på botnen, men nye miner jaga han opp på nytt, og mannskapet gav seg over til fienden for å hindra totalforlis. A-3 og A-4 blei i ein føre-var-manøver søkkt av eige mannskap i Engøybukta ved Sandefjord.
Jox
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.