Apokryfe tekstar
I går samla størsteparten av familien min seg for å feire 94-årsdagen til far min, den tidlegare skihopparen og kallskapellanen. Etter at vi hadde sunge bursdagssongen av full hals og før vi kasta oss over kakene, kom eg med den merknaden at eg var sikker på at den siste linja er apokryf (og om du no ikkje kjenner så godt til ordet apokryf, kan du jo berre google det, det trur eg du vil ha mykje igjen for), då eg ikkje har noko minne om at vi hadde henne med i bursdagsselskapa i gamle dagar. Han er då også totalt ulogisk. Som alle veit, er det ein song som vender seg til bursdagsbarnet, og som til slutt stiller eit spørsmål til selskapets midtpunkt: «Og si meg så hva vil du mere?» Og kva er svaret frå bursdagsbarnet: «Gratulere!» Som om det er han som vil gratulere gjestene! Med kva?! Sjølvsagt heilt latterleg. Men då kom svogeren min, språkmannen, med kommentaren at også dei siste linjene i Fadervår er apokryfe – dei som går slik: «For riket er ditt og makti og æra i all æva, amen.» Dei er nemleg ikkje med i dei tidlegaste handskriftene. Dette mana sjølvsagt til ettertanke. Tenk på kor mykje tid vi kunne ha spart, vi som har drive og bede Fadervår, både i heim og skule, om vi berre hadde visst dette før!
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
I går samla størsteparten av familien min seg for å feire 94-årsdagen til far min, den tidlegare skihopparen og kallskapellanen. Etter at vi hadde sunge bursdagssongen av full hals og før vi kasta oss over kakene, kom eg med den merknaden at eg var sikker på at den siste linja er apokryf (og om du no ikkje kjenner så godt til ordet apokryf, kan du jo berre google det, det trur eg du vil ha mykje igjen for), då eg ikkje har noko minne om at vi hadde henne med i bursdagsselskapa i gamle dagar. Han er då også totalt ulogisk. Som alle veit, er det ein song som vender seg til bursdagsbarnet, og som til slutt stiller eit spørsmål til selskapets midtpunkt: «Og si meg så hva vil du mere?» Og kva er svaret frå bursdagsbarnet: «Gratulere!» Som om det er han som vil gratulere gjestene! Med kva?! Sjølvsagt heilt latterleg. Men då kom svogeren min, språkmannen, med kommentaren at også dei siste linjene i Fadervår er apokryfe – dei som går slik: «For riket er ditt og makti og æra i all æva, amen.» Dei er nemleg ikkje med i dei tidlegaste handskriftene. Dette mana sjølvsagt til ettertanke. Tenk på kor mykje tid vi kunne ha spart, vi som har drive og bede Fadervår, både i heim og skule, om vi berre hadde visst dette før!
Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?