Artige rettar
Øyvind Haram er ein ivrig lesar som har vore på restaurant litt utanfor allfarveg og fått servert hveite. Ovnsbaka attpåtil.
Sidan det er krema fiskesaus til, vil nok den skarpaste lesaren hella til at dette kan vera noko som lever i havet. Hveita er ein liten rakkar i ansjosfamilien som lever på havbotnen i Norskerenna, ofte så djupt som 300–400 meter. Sjølve kjøtet er ikkje så vanleg å eta, men dei gongene Innsida har møtt på hveite, har det vore kjakane og brystpartiet som har vore delikatessa. Litt raud og litt svart over ryggen er hveita lett å kjenna att. Det breie, nesten firkanta brystpartiet er òg karakteristisk for hveita. Det er rikeleg med hveite. Arten er godt forvalta. Likevel er det sjeldan me ser hveita på restaurantmenyar.
Denne er frå Skjervøy. Takk for tipset.
Norske matskattar 11: graut – og ei orsaking
Ja, det måtte naturlegvis verta plass i spalta vår til ein av dei store i norsk mattradisjon; grauten. Sist melde me at tilslørte bondepiker er ein særnorsk rett. Det viser seg blant anna av ei melding me har fått frå Marta Kari Schawlann i Sogndal, at retten er kjend i Bayern som «verschleiertes Bauernmädchen», altså i eintal, i motsetnad til våre fleirtalsbondepiker, men det skal vera same retten. Innsida ber difor om orsaking, eller kanskje me skal kalla det ei presisering. Denne veka er me visse på at det ikkje vert noko problem å utropa grauten til ein særs norsk mattradisjon. Dette sjølv om denne spalta endå ein gong ikkje vart øyremerkt på statsbudsjettet. Graut er utan tvil ei redningsbøye for mang ein nordmann. Noko som ein kunne overleva på i magre år og som seinare naturlegvis har vorte både fest og kafémat. Havre, bygg og ris har vore gode grautingrediensar. Likeins vatn i vassgrauten, eller semulegraut, som er ein mjuk variant laga med kveite og mjølk. Innsida heiar naturlegvis på all graut, men vassgraut, som er berre vatn, havre eller bygg og salt, er ein byggestein i velferdsstaten vår. God grauthelg, alle saman, frå Opplysningskontoret for Graut.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.