Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

– Vil riva henne ned frå pidestallen

– Svertekampanjar er nok det største problemet for nobelprisvinnaren Svetlana Aleksijevitsj.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Svetlana Aleksijevitsj fekk nobelprisen i litteratur i 2015.Svetlana Aleksijevitsj fekk nobelprisen i litteratur i 2015.

Foto: Margarita Kabakova

9263
20170901

Bakgrunn

Svetlana Aleksijevitsj

Fødd i 1948

Journalist og forfattar, busett i Minsk i Kviterussland

Debuterte med Krigen har intet kvinnelig ansikt i 1985

Forlét Kviterussland i 2000

Budde i Paris, Göteborg og Berlin

Vende heim til Minsk i 2011

Er særleg kjend for dei fem bøkene i syklusen «Utopiens stemmer»

Fekk nobelprisen i litteratur i 2015

Vitja Litteraturhuset i Oslo denne veka

LITTERATUR

ottar@dagogtid.no

Det seier russlandskjennaren og omsetjaren Martin Paulsen, som har russisk språk og litteratur, Russland, Kviterussland og Ukraina som fagfelt.

Denne veka vitja nobelprisvinnaren Svetlana Aleksijevitsj Litteraturhuset i Oslo. Ho samla fleire fulle salar, hausta langvarig og rungande applaus for foredraget sitt, og køen for å sikra seg autograf og bøker, var lang.

I føredraget tok forfattaren publikum med seg på ein svipptur gjennom Utopiens røster, det vil seia dei fem bøkene ho har skrive om sovjetmennesket, både om kvinner og krig, krigen i Afghanistan og Tsjernobyl-katastrofen.

Sjølv har ho bakgrunn frå tre av dei gamle Sovjet-statane. Ho er fødd i Ukraina, men familien flytta til Kviterussland, og ho skriv bøkene sine på russisk.

– Men den kviterussiske kultureliten er splitta i synet på Aleksijevitsj. Fleire kviterussarar har reagert på at ho skriv på russisk, og særleg gjeld dette dei unge forfattarane. Dei meiner at ho undergrev den kviterussiske fellesskapen og sjølvstendet ved å skriva på russisk.

– Ho er uglesett politisk i Kviterussland også?

– Ho er i opposisjon til president Aleksandr Lukasjenko, men det er den kulturelle eliten også. Dei vil ha eit demokratisk Kviterussland som er meir ope mot Europa. Samstundes skaper ho problem overfor presidenten og styresmaktene, som nøler med å anerkjenna nobelprisen hennar, og som heile tida har halde avstand til henne. Presidenten fryktar personar med autoritet som kan vera ei alternativ kjelde til forståing av kva Kviterussland skal vera. Bøkene hennar er sette om til kviterussisk, men i periodar har det vore vanskeleg å få tak i dei i Kviterussland. Så vidt eg veit, har dei vore tilgjengelege i butikkane dei siste åra. Den dagen det vart kjent at ho hadde fått nobelprisen i litteratur, var det reportasjar frå butikkane, og det vart hevda at bøkene vart rivne bort frå hyllene i Kviterussland.

RUSSISK MOTSTAND

Martin Paulsen viser til at i det siste har Svetlana Aleksijevitsj vore endå tydelegare i opposisjon til president Vladimir Putin og det russiske regimet enn til president Lukasjenko i Kviterussland.

– Reaksjonane frå den politiske leiinga i Russland var svært krasse då ho fekk nobelprisen i litteratur, men ho har brukt plattforma ho fekk, til å kritisera Russlands innblanding i Ukraina og på Krim. Dessutan har mange russiske forfattarar vore direkte negative til at ho fekk prisen.

– Kvifor?

– Aleksijevitsj er kritisk til Russlands imperiumambisjonar, men det handlar også om sjangeren ho skriv i. Ho dyrkar ein slags blandingssjanger av sakprosa og skjønnlitteratur, og denne har ikkje vore anerkjent i Russland. Skjønnlitteraturen har hatt den leiande stillinga og vore den kulturelle kapitalen i større grad enn i Vest-Europa, der sakprosaen har utvikla seg som sjanger og i større grad vore i stand til å konkurrera med skjønnlitteraturen. I Russland reagerer kultureliten på dette, men Aleksijevitsj har ein brei lesarskare både i Russland og Kviterussland.

– Kva har bøkene hennar ført til i Russland og Kviterussland?

– Ho har synleggjort dei som har forsvunne, eller dei som propagandaen har freista å gjera usynlege, og det har vore viktig. Ta til dømes dei kvinnelege røystene i Krigen har intet kvinnelig ansikt. Ho har også skrive om dei personlege kostnadene ved Sovjetunionens samanbrot. Der trekkjer ho fram dei personlege historiene, og det har vore eit viktig bidrag. Bøkene hennar var populære også før ho fekk nobelprisen, men interessa auka etter tildelinga. Aleksijevitsj har vorte ein offentleg person i langt større grad, og det ho seier og gjer, kjem raskare på framsidene i avisene og media elles.

– Slepp ho til i media i Kviterussland?

– Ho slepp ikkje til i offisielle media. Ingen som er opposisjonelle eller som har andre tankar om utviklinga av landet enn presidenten har, gjer det. Men i Kviterussland finst det ein underskog av nettstader og aviser, og der er ho eit populært intervjuobjekt.

SVÆRT KONTROVERSIELL

Krigen har intet kvinnelig ansikt kom ut i Sovjet, var det ei svært kontroversiell bok.

– Aleksijevitsj fortalde historia om korleis kvinner var involverte i krigen, og det var i strid med den offisielle sovjetiske versjonen av korleis kvinner skulle oppføra seg. Ho utfordra ideen om helterolla til kvinner, og ho menneskeleggjorde det kvinnelege bidraget i krigen. Boka var nok mest kontroversiell då ho kom ut, men alle bøkene hennar har bidrege til å setja spørjeteikn ved dei offisielle versjonane og lyfta opp eit menneskeleg perspektiv. I russisk litteratur går det vesle mennesket att i litteraturen heilt frå dei klassiske russiske forfattarane tidleg på 1800-talet. Hjå Gogol er til dømes det vesle mennesket ein typisk person. Aleksijevitsj har skrive seg inn i denne tradisjonen, og i nobelintervjuet var ho tydeleg på at ho ville vidareføra dette.

– Vert ho sensurert?

– Ho får nok lov til skriva det ho vil, men møter motstand på anna vis. Nyleg skulle ho gje eit intervju til ei russisk avis, men opplevde undervegs at intervjuet var gjeve på feil premissar. Ho ønskte å trekkja seg, og sa at intervjuet ikkje kunne trykkjast. Likevel vart intervjuet trykt. Det var ikkje snakk om sensur, men eit forsøk frå det russiske «propagandaapparatet» på å sverta henne. Journalisten vreid og vrengde medvite på det ho sa for å undergrava posisjonen hennar i det offentlege. Den typen svertekampanjar er nok det største problemet for henne.

– I mai sende nyhendebyrået Novosti ut ei melding om at Svetlana Aleksijevitsj var død?

– Det skjedde samstundes med at Frankrike skifta regjering. Det vart laga ein falsk Twitter-konto i namnet til den nye franske kulturministeren, som har gjeve ut Aleksijevitsjs bøker på fransk, og der vart det hevda at Aleksijevitsj var død. Det er ein metode som ein kjenner att frå andre saker. Folk i tilknyting til russiske styresmakter brukar sosiale medium til å spreia falske nyhende. Dei freistar å underminera den politiske, kulturelle og sosiale posisjonen til Aleksijevitsj. Og det gjer dei ved å hevda at ho er død, eller ved å få fram intervju der meiningane hennar vert forvrengde. I den russiske offentlegheita er det mange som ønskjer å riva henne ned frå pidestallen. Utfordringa er nok større i høve til den russiske offentlegheita enn til den kviterussiske.

IKKJE SÅ VIKTIG SOM FØR

Den kjende russiske forfattaren Boris Sjisjkin uttalte for nokre år sidan at «Russland er i ein unik situasjon. Regimet er totalitært, men forfattarane kan skriva nett det dei vil».

– Er det slik framleis?

– Mitt inntrykk av det som har skjedd med russisk litteratur etter Sovjetunionens samanbrot, er at litteraturen har mista litt av posisjonen sin i offentlegheita. Tidlegare spelte litteraturen ei dominerande rolle i russisk kultur. Forfattarane var dei som kunne tala makta midt imot, og folket både las og lytta til dei. Etter Sovjetunionens samanbrot vart rolla til litteraturen utfordra av andre kulturuttrykk, eller til dømes journalistikken. Difor er ikkje litteraturen så viktig som han var før, og styresmaktene kan tillata at forfattarane skriv det dei vil i større grad enn dei gjorde i Sovjet-perioden. Vanlege folk lyttar ikkje til dei russiske forfattarane i same grad som før.

– Aleksijevitsj valde for nokre år sidan å flytta tilbake til Minsk i Kviterussland. Har det gått greitt?

– Ho kan skriva og reisa som ho ønskjer. Aleksijevitsj er ikkje den einaste som har reist utanlands i regi av PEN-klubben eller andre, men som har valt å reisa tilbake etter ein periode. Mange kviterussiske forfattarar har gjort det. Då Aleksijevitsj reiste ut i 2000, var det eit uttrykk for at ho hadde det svært vanskeleg. Kanskje letta trykket etter nokre år, og ho valde å reisa tilbake. Å vera i eksil er svært vanskeleg for ein forfattar som ønskjer å skriva om eigen kultur. På den eine sida gjer det den politiske kvardagen vanskelegare. På den andre sida handlar det om å vera i nærleiken av menneska og kulturen ein skriv om.

– Aleksijevitsj viser til at folk i Russland ikkje har røynsle med å vera frie. Dei er redde for å ytra seg og demonstrera, og mange vil reisa frå Russland?

– Dei har ikkje den politiske fridomen som me har. Vert me misnøgde med måten landet vårt vert styrt på, kan me melda oss inn i eit politisk parti eller gå ut i gatene og demonstrera. Me kan venta oss at det i større eller mindre grad vert teke omsyn til det me seier. I Kviterussland eller Russland finst det i dag ikkje reelle politiske alternativ til dei som sit med makta. Der har dei ikkje den demokratiske prosessen og valkampen som me har her i landet no om dagen, seier Martin Paulsen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

– I Russland er ikkje litteraturen

så viktig som han var før.

Martin Paulsen, russlandskjennar
og omsetjar

Emneknaggar

Fleire artiklar

Thomas Hylland Eriksen på scenen i Klingenberg kino i Oslo i april, der han heldt føredraget «Syv meninger med livet».

Foto: Helge Øgrim

På tomannshandFeature

Ein forskar kryssar sitt spor

Thomas Hylland Eriksen hylla mangfaldet og ville dekonstruere fleirtalet. Men fann han svaret på dilemmaa knytte til innvandring?

HelgeØgrim

Stølspurka og dei to grisungane. Enno er alt berre velstand.

Alle foto: Svein Gjerdåker

ReportasjeFeature
Svein Gjerdåker

Soga om stølspurka

Verdas mildaste purke var med på stølen. Det gjekk ikkje som planlagt.

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis