Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Buskerud – ein analyse

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Flå og Hemsedal sine kommunevåpen

Flå og Hemsedal sine kommunevåpen

Flå og Hemsedal sine kommunevåpen

Flå og Hemsedal sine kommunevåpen

2502
20170505
2502
20170505

Store delar av turen mellom Førde og Oslo gjekk gjennom Buskerud — eit fylke eg hadde høyrt om, men var usikker på om verkeleg eksisterte. Reisa gjennom det forjetta fylket resulterte i mange nye opplevingar.

Sak 1: Dal i dalen

Hemsedal er ein kommune som ligg lengst nord i Hallingsdalen. Dette synest eg er veldig forvirrande. Ein dal i dalen? Er Hemsedal ein frittståande dal, eller berre ein bit av Hallingdalen med eit konkurrerande namn? Det er omtrent like avansert som at Ottadalen er ein del av Gudbrandsdalen.

Sak 2: Rovdyrtema

Dei som synest det er for lite rovdyr i Noreg, har neppe vore i Buskerud. Her har rovdyra til og med funne vegen inn i heraldikken, og er blant dei øvste bragdene enkelte kommunar har å skilte med. Hemsedal har ei utspekulert gaupe med eit lurt smil i kommunevåpenet sitt. Det er sanneleg ikkje godt å veta kva ho pønskar på.

Flå har ein brutalistisk bjørn i kommunevåpenet. Han har sinte augo og er heilt raud rundt munnen, truleg etter å kaldblodig ha myrda og flådd søte små lam.

Nå lurar eg litt på kvifor Buskerud ikkje har sett sitt snitt til å kalle nabokommunen Nore og Ulvdal, berre for å fullføre rovdyrtemaet.

Hypotese: Mange byfolk køyrer gjennom denne delen av landet på veg til ski og moro på Hemsedalsfjellet. Buskerud har gått saman om å laga ein venleg profil, der dei latar som at det ikkje berre er hemngjerrige og psyko senterpartifolk som bur der.

Sak 3: Flå

Rett før vi køyrde inn i Flå sentrum, stod det eit gigantisk skilt langs vegen med denne teksten: «Takk for besøket, velkomen attende.» Det var mystisk. Hadde vi køyrt gjennom sentrum utan å merke det? Nei da, skiltet tilhøyrde Bjørneparken – som utvilsamt er kommunens flaggskip og hovudattraksjon. Dette gjenspegla seg i dei mange bjørnestatuane vi såg i sentrum.

Sak 4: Opelens hemn

På ein skala frå 1–10, kor herleg er det når ein føler at verda er rettferdig? Vi låg og flaut gjennom Hallingdalen i passeleg fart, da ein Tesla plutseleg susa forbi. Rett etterpå stod det ein fartsboks i veggrøfta. «La oss håpe at Teslaen trur at dette berre er ein vanleg fotoboks, og ikkje fekk med seg at det er strekningsmåling», sa Sigrid vondskapsfullt. Av og til må ein nesten tru at det finst ein Gud. Da vi var ute av strekningsmålinga, såg vi to UP-gubbar i gule refleksvestar. Der stod Teslaen òg. Knegg knegg. Takka vera han, fekk politiet ikkje auga på den uforsvarleg lasta bilen vår, og vi kunne køyre vidare medan vi lo og kosa oss.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis