Campingliv
Nei då, det er på ingen måte slik at eg har noko romantisk-nostalgisk forhold til campingferiar. For å sitere meg sjølv frå ein tidlegare samanheng: «Dersom barndommen din er prega av campingferie, så trur eg du blir kurert for resten av livet. Då vil du seinare føretrekke kva som helst anna.»
Men no, då sommaren vel må seiast å vere over, kan ein tillate seg å tenkje at det var jo kanskje nokre få fine augneblinkar midt oppi campingferiehelvetet. Når teltet endeleg var slått opp, etter mykje om og men, og primusen ein sjeldan gong fungerte, kunne ein nyte brødskiver med oppvarma Snurring til. (Og er du så kulturlaus at du ikkje veit kva Snurring er, så får du google!) Og gjerne nippe til eit glas saft, mens myggen beit.
Og så er det dette med telt, ein skikk vi har overtatt frå dei nordamerikanske indianarane. I dag har ein gjerne ei slags førestilling om at alle telt var like, og like keisame å sjå til, men slik var det jo ikkje. Noko som bildet under viser på nesten overtydeleg vis. Det er tatt under ein ferietur sommaren 1967 – the summer of love – og viser far min som nettopp har slått opp teltet på campingplassen i Halmstad i Sverige, og som ein ser, er han godt fornøgd med resultatet.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Nei då, det er på ingen måte slik at eg har noko romantisk-nostalgisk forhold til campingferiar. For å sitere meg sjølv frå ein tidlegare samanheng: «Dersom barndommen din er prega av campingferie, så trur eg du blir kurert for resten av livet. Då vil du seinare føretrekke kva som helst anna.»
Men no, då sommaren vel må seiast å vere over, kan ein tillate seg å tenkje at det var jo kanskje nokre få fine augneblinkar midt oppi campingferiehelvetet. Når teltet endeleg var slått opp, etter mykje om og men, og primusen ein sjeldan gong fungerte, kunne ein nyte brødskiver med oppvarma Snurring til. (Og er du så kulturlaus at du ikkje veit kva Snurring er, så får du google!) Og gjerne nippe til eit glas saft, mens myggen beit.
Og så er det dette med telt, ein skikk vi har overtatt frå dei nordamerikanske indianarane. I dag har ein gjerne ei slags førestilling om at alle telt var like, og like keisame å sjå til, men slik var det jo ikkje. Noko som bildet under viser på nesten overtydeleg vis. Det er tatt under ein ferietur sommaren 1967 – the summer of love – og viser far min som nettopp har slått opp teltet på campingplassen i Halmstad i Sverige, og som ein ser, er han godt fornøgd med resultatet.
Fleire artiklar
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?
Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.
Foto: Agnete Brun
Når rikdom blir eit problem
Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.