Carl Frode og Synnøve
Her i det gåtefulle vonar me alle lesarane kom inn i det nye året utan for mange skrubbsår og utan for mykje eld i håret. Nyttårsfeiringa kan fort få uheldige fylgjer for utsjånaden, og hjå frisørsalongane er det travle dagar med å rette opp i permanent som viste seg å ikkje vere det. Det er neppe nokon tvil om at uttrykket «som eld i tørt hår» stammar frå ei nyttårsfeiring.
For å få runda av denne hårsnakken tek eg med noko Helge Brandal frå Hareid skreiv på Twitter i romjula: «Bestefar fortalte ein gong at ein fyrbøtar på Svalbard blei so skamklipt at dei måtte slå han i hel.» «Hårda bud», som svenskane seier.
Så til løysinga på oppgåve 1318. Laurits Killingbergtrø skriv: «Eg har ofte vorte imponert over innsendarar til KPB som berre har gått bort til bokhylla si og fiska ut rette boka med ein gong. Lese ho har dei òg. Desse må ha ei fyldig boksamling, tenkjer eg; eller kva, Gunder? Men denne gongen opplevde eg det same. Innsirkling av Carl Frode Tiller står i bokhylla mi, ja. Da eg las ho, vart eg fascinert av den noko detaljfylte forteljemåten som Tiller nyttar. God nynorsk skriv han òg, namsosingen. Boka kom i 2007, og alt i 2011 fekk eg høve til å repetere stoffet da boka kom som spelstykke på Det Norske Teatret. Det var ei god dramatisering, tykte eg da. Omframt artig var det – særleg for oss trønderar – at alle skodespelarane på éin nær framførte replikkane sine på trøndersk! I tekstklippet i Dag og Tid er det Silje som er eg-personen, og mora hennar heiter Oddrun.»
Desse sirkla seg inn på Carl Frode og Oddrun i oppgåve 1318: Tove Knutsen og Idar Lind, Gunn Bull-Berg, Vigdis Hegna Myrvang, Laurits Killingbergtrø, Per Skjæveland, Ingrid Marie Myklebust, Torleiv Kløve, Jens Erik Romslo, Inger Anne Hammervoll, Petter Kristensen, Per Olav Skjevdal, Else Gjesdahl Sørensen, Jan Alfred Sørensen, Kari Aga, Gunder Runde, Ingvar Engen, Bjørn Myrvang, Sjur Joakim Fretheim, Jorunn Øxnevad Lie, Gunnar Bæra, Rannveig Nordhagen, Birte Næsheim, Ingebjørg Sogge, Audun Gjengedal, Robert Øfsti, Fritjof Lampe, Tor Inge Myren, Eva Sunde, Torleik Stegane, Eirik Holten, Anne-Marie Grønhaug og Olav Holten. Siste bokvinnar i 2017 vart Per Skjæveland. Gratulerer!
Denne gongen er det to oppgåver me skal presentere løysinga på. I oppgåve 1319 var det Synnøve Macody Lund og debutroman hennar Personar du kanskje kjenner me skulle fram til. I ei bokmelding i Aftenposten omtalar Ingunn Økland forfattaren Macody Lund som ein «stilfull debutant», og boklækjaren vil kontrasignera den skildringa.
Personar som heilt sikkert fann løysinga på oppgåve 1319: skeisebibliotekaren i LASK, Audun Gjengedal, Laurits Killingbergtrø, Per Skjæveland, Turid Tresselt Melheim, Rannveig Nordhagen, Eli Hegna, Vilde Prestø Johansen, Sjur Joakim Fretheim, Fritjof Lampe, Else Bovim, Eva Sunde, Else Gjesdahl Sørensen, Jan Alfred Sørensen, Tove Knutsen og Idar Lind, Folke Kjelleberg, Inger Margrethe Berge, Ingebjørg Sogge og Birte Næsheim. Første bokvinnar i 2018 er Folke Kjelleberg. Gratulerer!
I oppgåve 1320, Dag og Tid 29. desember, var boklækjaren noko raus med tidsfristen. Eg skreiv at de hadde frist til den 12. januar med å løysa Knut Hamsun-kvissen. Rett frist skulle vore 5. januar, men eg godtek alle rette svar som kjem inn til og med sundag den 7. januar. Eg vonar på tilgjeving og trur det skulle vere mogeleg å klare oppgåva på ti dager.
Klok på bok 1321
«Og så har vi en ny elev fra Island, frøken Björnsson. Kunne De tenke Dem å fortelle oss noe om Island? Er det sant som det sies, at det ikke vokser trær der?»
«Nei. Men de er veldig små. Det blir sagt at dersom man går seg vill i en islandsk skog, er det bare å reise seg opp.»
Klassen lo høyt, som for å vise meg at de lo av meg og ikke av spøken.
«Men det blir også sagt at dersom man vil se de danske fjell, må man bøye seg ned.»
For dette tillegget ble jeg dengt i porten og kom hjem med en flenge i øret.
Sitatet er frå del 41 i ei bok som kom ut på norsk første gong i 2015. Forfattaren er nominert til Nordisk Råds litteraturpris fleire gonger, også for boka me skal fram til i dag. I tittelen på boka er det varmt. Send namn på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 12. januar.
MEDIKUS LIBRI
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Dyrlegen kjem
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Foto: Amanda Charchian
Motellet til drøymaren
Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»