DAGENS OG TIDAS NÆRINGSLIV
Vi ber innstendig om at neste serie må ha innlandet som tema.
Kvifor er det så vanskeleg å bli rik for vanlege Dag og Tid-lesarar? Kvifor er det så dyrt å bu i ein by? Har Sigrid eigedelar for over 20 millionar? Økonomi og finans er ikkje fagfeltet vårt. Men pengar er noko dei fleste må hanskast med, og vi er vel ikkje vesentleg dårlegare skodde enn andre finansjournalistar? Denne Innsida vil bli via til eksklusive økonomiråd, karrieretips og ein guide til skattemeldinga.
Pengar utgått på dato
Tenk på dei koselege konvoluttane med pengar du har oppbevara sidan du var barn. Tenk på pengane i kommodeskuffa som du tente på å plukke ugras i fem dagar i 1995. Tenk på konfirmasjonspengane som ligg i ein trekopp på hylla heime hjå foreldra dine. Sjokk! Dei er verdilause! I går, den 31. mai, gjekk 100- og 200-setelen ut på dato. Fleire butikkar og bankar tek ikkje lenger imot dei gamle setlane. Heldigvis opererer Norges Bank med eit best-før-men-ikkje-dårleg-etter-prinsipp, og ein kan få byte inn dei gamle setlane i ti år framover. Men for mange av oss det er litt uvisst kvar den næraste Norges Bank-filialen ligg.
På den nye 100-lappen blir Kirsten Flagstad erstatta med eit vikingskip, både det gamle og det nye motivet kan seiast å vera i ein wagnersk tradisjon. Kristian Birkeland på 200-lappen blir bytt ut med ein torsk, her synest vi det er vanskelegare å sjå ein raud tråd. Samtidig er det artig at tilsette på butikkane nå kan seia «det kostar eit par torskar», som gjev ein klang av gamal stordomstid.
Vi er likevel djupt krenka og føler oss diskriminerte over at havet er tema for setelserien. Vi ber difor innstendig om at neste serie (om ikkje kontantar blir avvikla før den tid) må ha innlandet som tema. Det er nok av motiv å ta av. Stupetårn, OL-ringar, moskus og avvikla skytefelt. Vi nemner i fleng.
Slik får du feriepengane til å vara
Brannfare: I juni kjem feriepengane, og det kan vera lett å svi av litt mykje på starten av sommaren og få ein mager slutt på ferien. Vi kjem difor med nokre råd for å få feriepengane til å vara lenger:
1) Ikkje dra på ferie.
2) Nå som det ikkje lenger er lov å gå med shorts på jobb, treng du heller ikkje å bruke pengar på sommarklede. Smart.
3) Betal inn så mykje førehandsskatt at du får heilt ekstremt mykje att på skatten.
4) Vent til desember med å kjøpe julegåver.
5) Ta ut fem tusen kroner i kontantar og legg dei på ein lur stad. Dette kjem du til å gløyme, og ved eit slumpetreff oppdagar du pengane ein gong uti august.
6) Ikkje la deg lokke til å kjøpe billig vintersportsutstyr på sal. Du kjem ikkje til å bruke det uansett.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?