Dagens oppgåve
Du som trur du kan omsette betre enn dei profesjonelle omsettarane, omset følgande nyhendesetning:
Trump may hold trumps, and – trumps or no trumps – he may turn up trumps, but eventually he will get trumped indeed.
Menneskepiss OK
Tre like, gode ord
(Eller tre like gode ord?)
Sentrumsekstremist
Sentrumsekskrement
Sentrumseksperiment
Positiv skrivefeil
«Familien hadde hakekos på veggen i stova.»
Vekas tvitydige
«Etter ein sju månader lang turnepause, er popartisten tilbake i fast gjenge.»
Åtvaring
Mannen min trædde – tradisjonen tru – ei nylon-
strømpebukse over hovudet på halloween. Problemet er at han enno ikkje har fått henne av. Nokon – ein eller annan skitunge – må ha hatt superlim i strømpebuksa, og fyren nektar å fjerne skjegget. Ikkje bli redd om du møter på han i tåka. Han er ikkje spesielt farleg.
Oppgåvesvar
«Trump har kanskje trumf på handa, og – trumfkort eller ei – han har kanskje flaks, men omsider blir han overlista så det held.»
Kom du opp med noko liknande, fortener du ein premie i form av framtidig underhaldning: Finn eit bilete av Trump i ei avis, klipp det ut, lim det inn i passet ditt, over biletet av deg sjølv, og gløym at du gjorde det.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Dagens oppgåve
Du som trur du kan omsette betre enn dei profesjonelle omsettarane, omset følgande nyhendesetning:
Trump may hold trumps, and – trumps or no trumps – he may turn up trumps, but eventually he will get trumped indeed.
Menneskepiss OK
Tre like, gode ord
(Eller tre like gode ord?)
Sentrumsekstremist
Sentrumsekskrement
Sentrumseksperiment
Positiv skrivefeil
«Familien hadde hakekos på veggen i stova.»
Vekas tvitydige
«Etter ein sju månader lang turnepause, er popartisten tilbake i fast gjenge.»
Åtvaring
Mannen min trædde – tradisjonen tru – ei nylon-
strømpebukse over hovudet på halloween. Problemet er at han enno ikkje har fått henne av. Nokon – ein eller annan skitunge – må ha hatt superlim i strømpebuksa, og fyren nektar å fjerne skjegget. Ikkje bli redd om du møter på han i tåka. Han er ikkje spesielt farleg.
Oppgåvesvar
«Trump har kanskje trumf på handa, og – trumfkort eller ei – han har kanskje flaks, men omsider blir han overlista så det held.»
Kom du opp med noko liknande, fortener du ein premie i form av framtidig underhaldning: Finn eit bilete av Trump i ei avis, klipp det ut, lim det inn i passet ditt, over biletet av deg sjølv, og gløym at du gjorde det.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.