Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Dagens ungdom

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Dagens ungdom har ikkje tatoveringar

Dagens ungdom har ikkje tatoveringar

Dagens ungdom har ikkje tatoveringar

Dagens ungdom har ikkje tatoveringar

1738
20170519
1738
20170519

Nyleg spelte det britiske oi!-punkbandet Grade 2 på Enga, ein liten punkepub på Vålerenga. Før konserten trippa dei tre bandmedlemmene, Sid, Jack og Jacob, rundt framfor baren, ikkje backstage, sikkert fordi backstage ikkje fanst. Dei nippa til eit glas vatn og skilde seg kraftig ut: Den eine, Sid, har rett nok øyredobbar, men elles gjekk det i null tatoveringar, null hanekam, ordinær T-skjorte og bukse, ordinært kort hår – bandet er forresten oppkalla etter ein ordinær kortklipt frisyre i England – og ei blid, blyg framferd.

Fansa, derimot, såg ikkje ut, med tatoveringar til langt opp i gokk, flokete hår eller barbert skalle, metall i fjeset, kjettingar og fillete klede. (Enkelte hadde rett nok skjorte, pent oppbretta bukse og bukseselar, som er ei anna akseptert uniform.) Dei rølpa og bøtta nedpå med øl. Ein del var både fulle og bakfulle, med grufulle rynker. Dei såg fram til konserten, men gutane fekk trippe rundt i fred, noko eg følte for å understreke for dei.

A#s’rai#*, smilte Jack. – ’Nilitaimeniwai’ini#. Go#ge#’n’staidj.

– Ingen skjøner uansett kva de seier, sa eg.

For det er vel slik: Har ein ikkje lese seg opp før ein står og veltar rundt framfor scena, skjøner ein fint lite. Då Sid song – eller brølte – «Forever», høyrde dei aller fleste «rialais#laifsflæsj’n’baiseufas’, go#neutaimathin’, eunlipa#is’n’drinks» og så vidare.

«Wå#?» Krass politisk bodskap? Rasande anarki? Nei då, berre heilt ordinære passande visdomsord til middelaldrande trøytte fans: «Eg innser at livet susar forbi. Eg har ikkje tid til å tenke. Eg vil berre feste og drikke. Eg vil ikkje bli gammal. Eg vil vere evig ung.»

* Teiknet # står her for den glottale lyden britane smykkar seg med, som i «b##» («butter»).

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Marita Liabø

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis