DANSEKVELD
På bygdadans ein sumarkveld
snudde brått mitt kvinnehell.
For langvegsfrå i grå flanell,
stod norsktoppkongen Dag Spantell.
Ho smilte søtt, som ein modell
til bygdadansens klientell,
og svinga seg i ljos pastell
til tonar frå Dag Spantell.
Ein bygdadans med sprit og spell
på Vestlandet blant høge fjell,
men rett på sak og aktuell
song vestkantguten Dag Spantell.
Frå bygdadans til blått motell,
ho fylgde med, svært sensuell.
Det vart ei natt med ville sprell,
og vegg-i-vegg song Dag Spantell.
I CAN’T GET NO SATISFACTION
Livet er urettferdig.
Sånn har det alltid vore.
Då eg var liten,
So much younger than today,
var det ikkje lett å få draget på damene.
Eg var verken tjukk eller rar.
Eg var berre ganske liten –
og ganske vanleg.
Just an ordinary guy
Damene ville ikkje ha ein vanleg kar.
Jentene i klassen min var to meter høge
og fryktinngytande modne.
Dei ville ha meg
fram til sånn i sekstida.
Til å gjera lekser med.
Så måtte eg gå.
For då stod det ein fyr der – med moped.
Eller fast plass på smågutelaget.
Kanskje til og med ein som – hadde bil.
Eg hadde ikkje bil.
Highway star
Han var som vanleg høg og mørk.
Alltid skal dei høge og mørke
ha alle damene.
Some guys have all the luck
Tenk om det hadde vore som
i Polynesia.
Der dei feitaste gutane
får dei finaste damene.
Men eg voks ikkje opp i Polynesia.
Ikkje i nærleiken eingong.
Eg voks opp på Voss.
Og var ein jævel til å sykla.
Og til å måtte legga meg tidleg.
Men kanskje var det like greitt.
Hadde eg vore på hyttetur –
med ei dame,
ein uverkeleg tanke,
sidan eg alltid var på hyttetur
med andre litt små,
litt vanlege fyrar.
Så hadde eg ikkje visst opp ned
og bak fram på ho.
I can’t get no satisfaction
Kanskje var det like greitt
For både ho og eg – at me venta
ein sytten–atten års tid.
Men tru no likevel ikkje at
eg var ein svekling for det.
Eg stupte gjerne frå 5-meteren.
I umoderne badebukse.
If I said you had a beautiful body
will you hold it against me
Og rett som det var – når det var fest.
For eg var ikkje av den veike sorten,
Då kunne eg ta ting på styrten.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
DANSEKVELD
På bygdadans ein sumarkveld
snudde brått mitt kvinnehell.
For langvegsfrå i grå flanell,
stod norsktoppkongen Dag Spantell.
Ho smilte søtt, som ein modell
til bygdadansens klientell,
og svinga seg i ljos pastell
til tonar frå Dag Spantell.
Ein bygdadans med sprit og spell
på Vestlandet blant høge fjell,
men rett på sak og aktuell
song vestkantguten Dag Spantell.
Frå bygdadans til blått motell,
ho fylgde med, svært sensuell.
Det vart ei natt med ville sprell,
og vegg-i-vegg song Dag Spantell.
I CAN’T GET NO SATISFACTION
Livet er urettferdig.
Sånn har det alltid vore.
Då eg var liten,
So much younger than today,
var det ikkje lett å få draget på damene.
Eg var verken tjukk eller rar.
Eg var berre ganske liten –
og ganske vanleg.
Just an ordinary guy
Damene ville ikkje ha ein vanleg kar.
Jentene i klassen min var to meter høge
og fryktinngytande modne.
Dei ville ha meg
fram til sånn i sekstida.
Til å gjera lekser med.
Så måtte eg gå.
For då stod det ein fyr der – med moped.
Eller fast plass på smågutelaget.
Kanskje til og med ein som – hadde bil.
Eg hadde ikkje bil.
Highway star
Han var som vanleg høg og mørk.
Alltid skal dei høge og mørke
ha alle damene.
Some guys have all the luck
Tenk om det hadde vore som
i Polynesia.
Der dei feitaste gutane
får dei finaste damene.
Men eg voks ikkje opp i Polynesia.
Ikkje i nærleiken eingong.
Eg voks opp på Voss.
Og var ein jævel til å sykla.
Og til å måtte legga meg tidleg.
Men kanskje var det like greitt.
Hadde eg vore på hyttetur –
med ei dame,
ein uverkeleg tanke,
sidan eg alltid var på hyttetur
med andre litt små,
litt vanlege fyrar.
Så hadde eg ikkje visst opp ned
og bak fram på ho.
I can’t get no satisfaction
Kanskje var det like greitt
For både ho og eg – at me venta
ein sytten–atten års tid.
Men tru no likevel ikkje at
eg var ein svekling for det.
Eg stupte gjerne frå 5-meteren.
I umoderne badebukse.
If I said you had a beautiful body
will you hold it against me
Og rett som det var – når det var fest.
For eg var ikkje av den veike sorten,
Då kunne eg ta ting på styrten.
Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?