Den frustrerte prestens utbrot:
«Guds ord!? Så vidt eg veit har ikkje Gud sagt eit einaste ord. Iallfall ikkje som eg har høyrt!»
Ein god plan
Sidan julene kjem så tett på kvarandre for tida, har eg komme fram til at det eigentleg ikkje er nokon vits i å ta av pynten på plastjuletreet og leggje det opp på loftet att. Det er meir praktisk å la det stå der, med pynten på, og berre dekke det med eit laken dei månadane det ikkje er i bruk. Så sparer ein mykje tid når 23. desember atter kjem (og tru meg, det blir ikkje lenge til!) og det på ny skal få skine i all sin juleglans.
Dialog
Person A: – Hei, eg heiter Martin!
Person B: – Eg drit i at du heiter Martin!
Foret hele familien med skrantesyk rein (NRK)
Ja, og så då, NRK, de skal no lage sensasjonar og skandalar av nærmast kva som helst. I dei fleste andre land blir dette sett på som ein delikatesse. Sjølv har eg fora størstedelen av familien min med skrantesjuk rein sidan midt på 1960-talet, og dei fleste er blitt over 100 år. Og dei som enno ikkje er blitt det, er iallfall på god veg.
Vårlege aktivitetar
Våren er, som nemnt, over oss, og det er tid for vårlege aktivitetar. Den fremste av desse er utan tvil «Sprette pinn» (eller «Vippe pinne», som austlendingane gjerne seier). Og om du ikkje lenger kjenner deg heilt stø i reglane for dette tradisjonsrike spelet, så ligg det ei grundig innføring av R. Toskedal på nettet. Grunnlaget er iallfall dette:
«Reiskapar: To pinnar, om lag 2 cm i diam., av lauvtre (raun eller hassel), ’langepinnen’ skal vera om lag 60 cm, og ’kortepinnen’ om lag 20 cm.
Kortepinnen må ikkje vera så lett at han er vanskeleg å kasta, men heller ikkje så tung at det er farleg å få han i hovudet.
To mursteinar, vanleg type, eller to natursteinar av tilsvarande storleik.»
God vår og godt spel!
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?