Ein liten del av flyttelasset
DET FLYTANDE
Tema for denne Innsida er «det flytande». Det er eit såpass vagt omgrep at vi kan la det peike både på flaumstore elver, vatn på flaske, kaffi og akevitt – livets vatn. Og er ikkje livet i seg sjølv ganske flytande, der det stille seglar av garde år for år, med ein forfriskande orkan innimellom? Om ein legg til ein «t» i «flytande», får ein Sigrid sin tilstand denne veka: «flyttande». Ho flyttar frå Førde til Oslo.
Gjensyn med låkpåsån
Når ein flyttar, blir det gjerne att nokre keisame småting til slutt. Dette puttar ein ofte berre i ein pose som ein finn att i boden nokre år seinare. Nå er det andre gong på fire månadar at Sigrid flyttar, og det ho hadde med seg til Førde var stort sett berre ukurante ting. Når ho nå flyttar attende, og ho i tillegg gjekk tom for kasser, vart det mykje som vart stappa i posar. Eit låkposemekka!
Til info
Kva skal vi leva av etter oljen? Vatn, sjølvsagt! Vi tappar vatn på flasker og sel det til kvarandre. For å bli den som tener mest, gjeld det å prise vatnet sitt høgast. Ein liter med flaskevatn kostar allereie meir enn ein liter bensin. Det har vassprodusenten Svalbardi teke konsekvensen av. 0,75 liter med vatn kostar 619 kroner.
Tåkeprat
Vi hatar omgrepet «ammetåka». Det høyrest ut som at den ammande er uklår, utilrekneleg og ufokusert, noko ein skal unnskylde seg med. Vi synest omgrepet luktar hersketeknikk og er skikkeleg frekt. I staden for «ammetåke» burde det heitt «ammearbeid» eller «ammekonsentresjon». Å amme er arbeidssamt, og det krev konsentrasjon.
Observasjonar på Orkanger
På Bårdshaug vegkro i Orkanger serverer dei «Brunsaus På Kaffekannen». Dessutan har dei eit handikaptoalett der dørhandtaket dett av når ein opnar døra. Dessutan såg vi ein far som, da han fekk ein telefon, søla eit halvt glas vatn på den rosa boblejakka til dotter si, utan at han merka det.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.