Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Det lune rede

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2613
20180223
2613
20180223

Når bokmålingar vil uttrykke at dei har ein god og triveleg heim, kan dei utan fleire dikkedarar ty til uttrykket «det lune rede». Men vi nynorskingar har ikkje noko tilsvarande. Derfor tok eg ein rask rikstelefon til den gamle skulekameraten min, han Konrad, og spurde om han hadde eit godt forslag til uttrykk, slik at vi nynorskingar også kan vise at vi er glade i heimen vår. Etter å ha tenkt seg om nokre sekund, over ein velfylt kaffikopp, sa han: – Kva med «det pisselunka reiret»?

Ja, kva med det? Sjølv har eg iallfall ikkje noko betre forslag akkurat no.

Forlagsnytt

Det skjer svære ting i forlagsverda for tida. Folk bryt ut og startar nye forlag i fleng. Og dei har gjerne hotellkongen Petter Stordalen «med på laget», som vi gjerne seier. Eg har sjølv tukla med ideen om kanskje å starte eit forlag, og ideen blei røyndom då den gamle skulekameraten min, Konrad, ringde meg her om dagen og spurde om det ikkje var ein tanke å starte eit forlag, det verka jo så enkelt. Og eg svarte at jo, eg hadde tenkt i same baner sjølv ei stund. Og dermed var det avgjort. Vi klarte rett nok ikkje å få Petter Stordalen med på laget (han kom med nokre svært unnvikande bortforklaringar), så i staden vende vi oss til skiløpar Tord Asle Gjerdalen, som straks var villig til å bidra. I tillegg har vi fått den sleipe, men overraskande lettlurte, advokaten min, Joachim Cappelen Damm, til å satse farsarven sin. No prøver vi også å få «Gutta på tur» (Hjeltnes, Dæhlie, Ulvang og Brimi) med på eigarsida. Når det så gjeld forlagsnamn, blei Konrad og eg einige om at namnet skal vere Klamydia Forlag. Det er jo eit godt innarbeidd namn, og ikkje tidlegare brukt i forlagssamanheng. Dette skal bli bra, entusiasmen er stor, og vi kjem til å satse på kvalitetslitteratur, og på den måten kjem vi også til å vere litt nyskapande.

Avdeling for livsmotto

Manglar du eit godt livsmotto? I så fall forstår eg ikkje heilt korleis du har klart deg gjennom livet. Sjølv nådde eg akkurat å få levert livsmottoet mitt til Mitt livsmotto-spalta i Dagbladet før spalta blei nedlagd. Så vidt eg minnest var det: «Betre med lykke enn forstand», eit motto det er vanskeleg å stå inne for i dag, då eg som kjent frontar den robuste «Lykke er oppskrytt»-kampanjen. I staden har eg lånt eit litt mindre ambisiøst livsmotto, frå lektor Tørrdal, kjend frå Stompa-bøkene og -filmane. Det går slik: «Koste hva det koste vil,/ men et lite rim må til.»

Håper dette kan vere til inspirasjon for fleire.

Sommar vs. vinter

Eg legg ved dette bildet for å illustrere at sommaren snart er tilbake. Men frykt ikkje, det same er vinteren.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis