Det må visst seiast igjen:
Ingen dyr kom til skade under skrivinga av denne Innsida.
Livsvisdom
Eg begynner så smått å kjenne meg gammal. Men trøysta er at dei som er eldre enn meg, er endå eldre.
Ein trøysam konkurranse
Konkurrere om kven som har reist på ferie med flest vennepar. (Og etterpå kan ein fortelje om korleis ein fekk plass på restaurantar og korleis ein gjorde det når ein skulle dele på middagsrekninga.)
Stemmer i hovudet, kva gjer ein?
Ein les stadig oftare om folk som har tatt livet av nokon og som hevdar at det var stemmer i hovudet som bad dei om å gjere det. Ein tommelfingerregel her er at ein ikkje skal høyre på stemmer i hovudet. Og iallfall skal ein spørje dei om dei verkeleg meiner det dei seier, og i så fall be dei komme med ei skikkeleg grunngiving.
Eit lite tillegg til rapporten om Chuck Norris i Mjøndalen på førre Innsida:
«Da Alexander Graham Bell oppfant telefonen, hadde han tre ubesvarte anrop fra Chuck Norris.» (Takk til Erik Steineger)
P.S. (til Anna i Stavanger)
Eg møtte ganske nyleg Andreas Hompland. Han påstod at han ønskte seg ei innsidemannlue, slik som eg har, men eg prøvde å forklare for han at innsidemannluer er det ikkje kven som helst som kan gå med (for å seie det mildt). Nei, det var no berre det. Og no kan visst hausten berre komme.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Det må visst seiast igjen:
Ingen dyr kom til skade under skrivinga av denne Innsida.
Livsvisdom
Eg begynner så smått å kjenne meg gammal. Men trøysta er at dei som er eldre enn meg, er endå eldre.
Ein trøysam konkurranse
Konkurrere om kven som har reist på ferie med flest vennepar. (Og etterpå kan ein fortelje om korleis ein fekk plass på restaurantar og korleis ein gjorde det når ein skulle dele på middagsrekninga.)
Stemmer i hovudet, kva gjer ein?
Ein les stadig oftare om folk som har tatt livet av nokon og som hevdar at det var stemmer i hovudet som bad dei om å gjere det. Ein tommelfingerregel her er at ein ikkje skal høyre på stemmer i hovudet. Og iallfall skal ein spørje dei om dei verkeleg meiner det dei seier, og i så fall be dei komme med ei skikkeleg grunngiving.
Eit lite tillegg til rapporten om Chuck Norris i Mjøndalen på førre Innsida:
«Da Alexander Graham Bell oppfant telefonen, hadde han tre ubesvarte anrop fra Chuck Norris.» (Takk til Erik Steineger)
P.S. (til Anna i Stavanger)
Eg møtte ganske nyleg Andreas Hompland. Han påstod at han ønskte seg ei innsidemannlue, slik som eg har, men eg prøvde å forklare for han at innsidemannluer er det ikkje kven som helst som kan gå med (for å seie det mildt). Nei, det var no berre det. Og no kan visst hausten berre komme.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.