DET MOTSETTE
Typisk konsekvens av bruk av bordskånar.
Det heiter seg at vi bruker dikotomiar – motsetningspar – til å kategorisere og å forstå verda rundt oss. Dag er det motsette av natt, kvit det motsette av svart, god det motsette av vond og så vidare.
Men er kvardagen vår verkeleg så svartkvit og enkel?
Mange meiner for eksempel at det er ein fin norsk verdi å skjera seg tjukke brødskiver og ha på minimalt med pålegg. Men ein ny skikk har innteke landet, nå har ein gjerne på både smør, majones, salat, ost, skinke, egg, tomat og agurk på ei tynn flis med lågkarbobrød. I slike tilfelle har liksom brødet og pålegget bytt plass, fått motsette eigenskapar av det som er naturleg, det har blitt pålegg med brød.
I denne Innsida skal vi utforske andre sider i livet der vi synest det er utfordrande å definere kategoriane og trekkje opp skiljelinene. Kvar går eigentleg balansegangen mellom livets brød og livets pålegg?
Bordskånar eller bordskåldar?
Få ting gjev Sigrid så høge skuldrer som heimar som har innført strenge drikkebrikkeskikkar.
Det er svært krevjande å setja frå seg koppen eller glaset akkurat på den vesle bordbrikka. Du må føre koppen målretta og konsentrert mot det vesle flaket, du dett ut av samtalene, du begynner å skjelve på handa fordi du er redd for å bomme. Du veit at dette vertskapet får hjarteflimmer og hetetokter om du skulle koma i skade for å søle litt på bordet.
Men om vi legg dette sosiale aspektet til sides: Er eigentleg bordskånarar bra reint søleteknisk?
For det fyrste så er desse brikkene oftast ganske små, kanskje 60–70 kvadratcentimeter. Dei er også litt oppbygde, så om du skulle setja koppen litt utpå kanten, så er det lett gjort å velte koppen og søle drikka utover.
Og dersom uhellet skulle vera ute, og det skulle koma litt fukt på bordet, så vil dette leggje seg mellom bordskånaren og bordet. Det blir vanskeleg å oppdaga fuktskadane sidan dei er skjulte under brikka, og fukta blir liggjande og godgjera seg. Til slutt blir bordet ròteskadd, og ein må kjøpe nytt bord. Ein venn har blitt ein fiende, skånaren har blitt ein skåldar.
Det ironiske er at vertskapet her truleg blir enda meir innbitne på å bruke bordskånar, fordi dei trur at bordet gjekk dukken på grunn av slurv.
Konklusjon: Eit bord er i seg sjølv som ei stor bordbrikke som du kan setja frå deg kva som helst på, og som det er lett å reingjera etterpå.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.