JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Ei anna verd

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4501
20180601
4501
20180601

Etter at dei streikande medarbeidarane i NRK gjekk tilbake til jobb, tok det ikkje mange dagane før me her i bokstova fekk trugsmål om arbeidsnedlegging. Det er den segnomspunne fotgjengaren Olav Molven som står i brodden for ein streik som boklækjaren vonar vert kort. I eit noko springande streikevarsel skriv Molven mellom anna: «Kravstore, Plagande Boklege Kraft! Du hendelse! Her skin sola, eg har hatt viktige oppgåver av ulik karakter no i første festspelveka; Hoemen er i byen, klevask må til, blomane skal ha vatn, etterslekta skal ha rapportar frå gamlefar etc. etc. Og så er De, Vyrde Medikus Libri, så djevelsk i Dykkar påhitt at eg skal måtte gje namnet på ein diktar i tillegg til Stefan Zweig, for å bli godkjend som rett svarar? Faktisk var det slik førre dagen at korkje her eller der i mi nære litterære sone var Die Welt von gestern å oppdrive i norsk ham. Fy søren. Kjem eg ikkje med på lista, streikar eg, uvisst for kor lang tid. Og no går eg og vatnar blomane før eg lensar vaskemaskinen. PS. Eg gjer alle lærarane i spalta merksam på at eg har lese meg opp på Stefan Zweig!»

Å vere part i ein arbeidskonflikt er ikkje noko stas, og slett ikkje når ein sit mellom borken og veden. Eg trur ikkje bladstyraren har vurdert lockout av Klok på bok-spalta, men eg veit at om namnelista vert for lang, vert det misnøye i bladstova. Difor måtte eg ta grep, sjølv om det finst frustrerte lesarar som synest tilleggsspørsmålet er eit overgrep. I eit detaljert hjartesukk gjer Gunder Runde merksam på problematikken med å få tak i løysingsboka når ein bur utanfor sentrale strok. Eg er langt på veg samd med Runde, som avsluttar sukket med: «Tenk litt meir på oss som bur i utkantane!!!»

Det er ikkje sjenerøs bruk av utropsteikn som plar få boklækjaren til å kome med kompromissframlegg, men sidan sola skin, fuglane syng og eg er i jamt godt humør, vil eg framover forlengje svarfristen med 24 timar. Då har de heile laurdagen med til å finne løysinga. Oppgåveløysarar som no føler for å sende blomster til boklækjaren, skal vete at Campanula er ein favoritt.

Odd Jarle Kjørstad fann løysinga allereie måndag. Han skriv: «Etter å ha brukt ein del tid på dikta til Rainer Maria Rilke, fall han straks i tankane då eg såg Klok på bok 1339. Den uliknelege diktaren frå Praha. Poeten med stor P. Her skildra i Verden av i går, som er rekna som høgdepunktet mellom dei mange bøkene til austerrikaren Stefan Zweig. Forfattaren fortel her om generasjonen han sjølv høyrde til, oppvaksen i ei kjensle av sams europeisk kultur og eleganse under ’la belle epoque’ før første verdskrigen. Frå det austerriksk-ungarske keisardømet reiste han mykje utanlands, og han verkar å ha kjent dei fleste store diktarane i samtida personleg. Denne eigenarta kulturen, som produserte så mange store kunstnarar og vitskapsmenn, enda i krigar og emigrasjon. Zweig såg nazismen vekse fram og gjekk tidleg i eksil. Han tok livet av seg i Brasil i 1942 etter å ha skrive denne sjølvbiografen, som eg opplever som ei kulturhistorisk skattkiste.»

Her er lista over folk som ikkje er fødde i går, og som fann fram til rett svar på oppgåve 1339: Torleiv Kløve, Vigdis Hegna Myrvang, Bjørn Myrvang, Laurits Killingbergtrø, Kari Marie Thorbjørnsen, Marianne Dahl, Per Skjæveland, Jorunn Røyset, Else Bovim, Sjur Joakim Fretheim, Irene Solvang Ryan, Ingebjørg Sogge, Odd Jarle Kjørstad, Folke Kjelleberg, Gunder Runde, Jan Alfred Sørensen, Else Gjesdahl Sørensen, Turid Tirevold, Dei kvasse på Fana, Per Trygve Karstensen, Marta Kløve Juuhl, Rannveig Nordhagen, Olav Holten, Fritjof Lampe, Jon Grepstad, Torleik Stegane, Bjørn Gjermundsen, Eirik Holten, Petter Kristensen, Eli Hegna, Gunn Bull-Berg, Eva Sunde, Robert Øfsti og Kari Opsahl. Bokvinnar i dag: Else Bovim. Gratulerer!

Klok på bok 1341

Jeg hadde forelsket meg i – eller forelsket meg i galskapen ved å forelske meg i – nettopp den jenta far måtte ha forestilt seg at jeg hadde gått til sengs med den første kvelden han låste meg ute av huset.

Sitatet er frå side 69 i boklækjarutgåva (2012). På originalspråket kom boka ut i 2008. Forfattaren har i mange år vore ein av favorittane til å få Nobelprisen i litteratur, men denne utmerkinga kjem forfattaren av naturlege årsaker ikkje til å få. Tittelen på boka er ikkje Forarging. Før eg godkjenner svaret, vil eg ha førenamnet på jenta som er omtalt i sitatet. Send førenamn på jenta frå sitatet, namn på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 9. juni.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis