Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1870
20181005
1870
20181005

Ei samtale om god innsats i arbeidslivet

Guri: Har du høyrt om han mannen som samla på så mange Dag og Tid at han brukte opp alle kubikkmetrane i huset sitt?

Sigrid: Nei.

Guri: Det var ein gamal krok.

Sigrid: Kva tid går eit prosjekt over frå å vera vellykka til å bli mislykka? Er det med ein gong det ikkje er perfekt lenger, eller er det ein gradert skala?

Guri: Vanskeleg spørsmål. Eg trur eg treng nokre eksempel.

Sigrid: Om du strikkar ein genser og éi maske blir feil, er det da mislykka?

Guri: Ja, ifølgje dine statuttar. For da gremmar du deg kvar gong du ser genseren.

Sigrid: Ja.

Guri: Er du slik på jobb òg, at om du gjer ein stor jobb med ein liten feil, så føler du at det er bortkasta?

Sigrid: Kanskje ikkje bortkasta, men det irriterer meg. Kva med deg?

Guri: Eg øver på å heve meg over det.

Sigrid: Det var fint sagt. Å «heve seg over noko» høyrest meir positivt ut, du utviklar deg til å bli eit betre menneske. Men eigentleg blir du berre meir slurvete.

Guri: Det er slik det er i arbeidslivet. Om du gjorde ditt beste heile tida, ville du gjort ein dårleg jobb.

Sigrid: Hæ?

Guri: For om du støtt gjorde ditt beste, ville du ikkje kome nokon veg. Du ville berre fått gjort ein tidel av det du skulle.

Sigrid: Men du gjer jo ikkje ditt beste om du er ineffektiv?

Guri: Jo, om du skal gjera ditt beste på kvar enkelt ting, så brukar du for mykje tid.

Sigrid: Ikkje om du gjer alt feilfritt med ein gong.

Guri: Det er mange som brukar for mykje tid på detaljar når dei er nye i arbeidslivet. Det gjorde iallfall eg. Kva er det viktigaste du har lært i yrkeslivet?

Sigrid: Å aldri skrive noko eg sjølv ikkje forstår.

Andre ting som er motsettE

– drikke du blir tørst av

– flassjampo du flassar meir av

– diettar du blir tjukk av

– såpe det stinkar av [les: såpe med sjokoladeduft]

– surt godteri

– daglege flyreiser til ulike klimakonferansar

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis