Ein svenskevits
In this picture taken Thursday, April 25, 2013, Metodi Perunkovski, a bartender, checks glasses he prepared with The Queen cocktail, during a bartender competition in Skopje, Macedonia. (AP Photo/Boris Grdanoski)
Boris Grdanoski
Noreg kan by på godt over 36.000 innvandrarar frå Sverige. I Oslo er dei overalt, særleg i servicebransjen. Dei er unge, dei er kule, dei er vakre, og vi forstår kva dei seier. Særleg nynorskfolk forstår. Det går i «skilnad», «marknad», «bilar», «sjølv» og «kjærleik», sånn cirka. I likskap med eit lass nordmenn seier dei «vatn». (Dei stavar det «vatten», men «skit i det», som vi seier unisont.) Då kan ein forvente at dei skjøner oss. Men då eg gjekk fram til ein bardisk her ein kveld, og spurde om eg kunne få eit glas vatn, såg bartenderen på meg med eit nedlatande blikk og sa:
– Ursäkta, jag fattar inte vad du säger.
– Kan eg få eit glas vatn? gjentok eg.
Nei. Han rista på hovudet, påtatt uforstandig.
– Kan eg få eit glas vatn?!
Han såg seg rundt, liksom etter hjelp.
– Eit glas vatn? prøvde eg igjen, overtydeleg.
– Talar du engelska?
– Orsak, eg fattar ikkje kva du seier, og nei, eg talar ikkje engelsk.
Eg fekk lyst til å legge til at «fika», «glasauge» og «korv» er teite ord, men gjekk heller på toalettet og drakk vatn frå krana, noko ei ung, kul kvinne følte for å kommentere:
– Dricker du vatn från kranen?
– Ja, slurpa eg. – Eg fekk ikkje vatn i baren.
– Gud, det är så jävlig dålig service her i Norge.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Noreg kan by på godt over 36.000 innvandrarar frå Sverige. I Oslo er dei overalt, særleg i servicebransjen. Dei er unge, dei er kule, dei er vakre, og vi forstår kva dei seier. Særleg nynorskfolk forstår. Det går i «skilnad», «marknad», «bilar», «sjølv» og «kjærleik», sånn cirka. I likskap med eit lass nordmenn seier dei «vatn». (Dei stavar det «vatten», men «skit i det», som vi seier unisont.) Då kan ein forvente at dei skjøner oss. Men då eg gjekk fram til ein bardisk her ein kveld, og spurde om eg kunne få eit glas vatn, såg bartenderen på meg med eit nedlatande blikk og sa:
– Ursäkta, jag fattar inte vad du säger.
– Kan eg få eit glas vatn? gjentok eg.
Nei. Han rista på hovudet, påtatt uforstandig.
– Kan eg få eit glas vatn?!
Han såg seg rundt, liksom etter hjelp.
– Eit glas vatn? prøvde eg igjen, overtydeleg.
– Talar du engelska?
– Orsak, eg fattar ikkje kva du seier, og nei, eg talar ikkje engelsk.
Eg fekk lyst til å legge til at «fika», «glasauge» og «korv» er teite ord, men gjekk heller på toalettet og drakk vatn frå krana, noko ei ung, kul kvinne følte for å kommentere:
– Dricker du vatn från kranen?
– Ja, slurpa eg. – Eg fekk ikkje vatn i baren.
– Gud, det är så jävlig dålig service her i Norge.
Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.