Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Eit oljeeventyr?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2317
20171215
2317
20171215

I samband med at det er 50 år sidan den fyrste oljedropen vart funnen i Nordsjøen, på feltet Balder, kan det vera på sin plass med nokre tankar om kva slags prosjekt dette har vore for oss nordmenn. Balder var for lite til å driva, så det var fyrst med oppdaginga av Ekofisk i 1969 at det verkeleg vart fart i sakene.

Uansett, så har me nordmenn vakse opp i den tru at oljefondet er ein liten del vårt.

Om lag kvar gong det står i avisa kor stort oljefondet har vorte, står det òg kor mykje det er delt på kvar nordmann. Men set ein blikket ut i verda blant dei oljeproduserande landa, finn ein ikkje den same tilnærminga.

Der står det ikkje i avisene kor mykje det er per innbyggar, for der skal ein ikkje dela på 5 millionar slik me skal, men kanskje berre på 5.

Olja har difor vore eit nasjonalt prosjekt. Opphavleg har me alltid vore veslebror i høve til svenskane, som hadde sine store industrielle lokomotiv på verdsmarknaden: bilar, møblar, musikk og sprengstoff.

Så avundsjuke har me vore på merkevarene til svenskane, at me i 1978 ville byta bort ein del av blokkene i Nordsjøen mot 40 prosent av Volvo. Me var klare, men heldigvis for oss syntest svenskane det var ein dårleg handel.

Akkurat der må me gje svenskane rett i at me nordmenn har hatt litt flaks med olja.

Men dei klarar seg, dei. Mykje av det dei gjekk glipp av, har dei tent att på Systembolaget i Strømstad.

Eit anna trekk ved olja som samlande prosjekt for nordmenn er å sjå på bakgrunnen til dei 21 som har vore oljeministrar i landet vårt. Det er liten tvil om at oljeinnsatsen har famna breitt. Me finn tre sosialøkonomar, to juristar, tre bønder, ein lektor, ein sjukepleier, ein tømrar, ein idrettsleiar, ein kontorsekretær, ein elektrikar, to journalistar, ein diplomat, ein bygningsingeniør, ein telegrafist, ein historikar og ein sjarkfiskar.

Ei vakker årstid i nord

Innsida famnar heile landet, og særleg no i den mørke tida av året er det på sin plass å visa fram kor vakkert det kan vera dei få timane det går an å sjå noko. I hamna i Mo i Rana står denne flotte fyren ute i det kalde vatnet, «Havmannen» av Anthony Gormley. Biletet er teke klokka tre på dagtid. Det andre biletet, med det flotte blå ljoset, er teke klokka ni om morgonen i Mehamn, der det vart mørkt klokka tolv. Det er berre å reisa nordover.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis