Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Eit vellykka intervju

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2946
20171124
2946
20171124

Etter stadig å ha gått forbi ein hamburgarrestaurant som skryter av at dei har handlaga milkshake, som vist på biletet under, var eg til slutt så hjernevaska at eg gjekk inn og bestilte eit eksemplar.

– Det står at han er handlaga, sa eg til den unge mannen bak disken. – Eg er nysgjerrig på korleis de lagar han.

– Ja, sa han, blid og vakker, mens han fann fram eit plastglas og helte mjølk i det.

– Det betyr kanskje at du lagar milkshaken ved hjelp av hendene? spurde eg.

– Eller?

Han lo litt, berre, og tilsette softis frå ei maskin.

– Kanskje isen er handlaga? spurde eg.

I det same sa ein annan tilsett noko til han på engelsk, og eg innsåg at viss han kunne norsk, forstod han kanskje ikkje meg og sunnfjorddialekta mi. (Restauranten eg var på, ligg i Oslo, og ein kan ikkje forvente at Oslo-folk skal forstå folk frå Vestlandet og andre land dei aldri har vore i og knapt høyrt om.)

– Vel, ropte eg, fordi han blanda mjølka og isen i ei bråkete maskin. – Du vispar ikkje mjølka med handa, i alle fall.

– Nei, sa han og lo, så han var ikkje tapt bak ein staur.

Og så tilsette han sjokoladesaus og eg veit ikkje kva, før han serverte meg glaset, med hendene, og hendene var flotte og sterke, må eg berre seie.

Ein god dialog

Her ein morgon fekk eg eit hyggeleg brev frå ein advokat. Brevet var på engelsk, men eg kan omsette det til norsk, i tilfelle du ikkje kan fordra engelsk:

Kjære Marita Liabø,

Eg heiter John Barnett og er oppnemnd som juridisk forvaltar av formuen og investeringane til avdøde Svend Liabø, som budde og døydde i Storbritannia. Eg vil gjerne ha kontakt med deg, fordi du er ein mogleg nær eller fjern slektning av han.

Med vennleg helsing John Barnett, partnar

Burges Salmon LLP, 6 New St Square, London EC4A 3BF, UK

«Juhu», tenkte eg. «Endeleg er det min tur til å arve ein gammal grandonkel.» Samtidig tenkte eg at det var best å sjekke at denne John Barnett var den han hevda han var, og eg googla han, og jo, John Barnett er ein framståande britisk advokat. Så då skreiv eg til han, og ein herleg dans blei fødd:

Kjære herr Barnett

Eg mottokk nettopp eit e-brev der du (?) spør om eg vil arve Svend Liabø. Spørsmålet er om brevet verkeleg kom frå deg, eller om vi begge er utsette for tull og fanteri.

Med vennleg helsing Marita Liabø, som skulle ønske ho kunne arve noko av ein eller annan, men som elles er tilfreds med det livet har hatt å tilby så langt

Kjære Marita

Ja, dette er tull og fanteri, og brevet er IKKJE frå meg. Eg beklagar at du blei utsett for dette.

Beste helsing John

Hei igjen, herr Barnett

Takk for hyggeleg svar. Då håpar eg berre du ikkje får hundre liknande brev frå framande.

Takk, Marita.

Ja, det håpar eg òg. Eg er oppe i 40, og det kjem stadig fleire.

Alt godt.

Så viss du får brev av John Barnett, så svar han med eit kort «stå på», «det ordnar seg», «hugs at over skyene er himmelen alltid blå» eller liknande, sidan han er ganske lei no.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis