Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

England, England

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1637
20171103
1637
20171103

Du trur kanskje at denne overskrifta indikerer at eg har vore i England sidan sist, og for ein gongs skyld har du rett! Eg har visseleg vore i England, ete engelsk mat, reist med engelske tog, sove i engelske senger med 14 puter i kvar, køyrt bil på venstre sida av vegen (noko vi vel alle kan einast om er ein uting), sett engelske ekorn og gjort meg mine tankar, snakka kultivert med engelske personar og i det store og heile gjort ein god figur. Og dette med brexit hadde folk flest eit avslappa forhold til, etter det eg kunne sjå. Utanriksministeren, Boris Johnson (han med den interessante sveisen), derimot, blei både kalla klovn og idiot og andre substantiv i same sjanger.

I tillegg var vêret fint med nærmast sommartemperaturar, kona mi oppførte seg bra (til og med når blodsukkeret hadde nådd sitt lågmål), og alt i alt kunne dette ha vore ei rein solskinshistorie. Om det ikkje hadde vore for at eg på flyet heim las ein artikkel i avisa The Times om at studentar ved University of London har tilsett ein slags securitasvakter som skal passe på at talarar og føredragshaldarar på diskusjonskveldar for studentane ikkje skal seie noko som støyter studentane eller strir mot nokon av verdiane deira. Dette blir kalla «safe space». Skjer dette, blir dei straks bortviste. Slik sett følgjer desse engelske studentane i hælane på studentar ved diverse universitet i USA. Eg skal ikkje seie så mykje meir om dette, det vil berre øydeleggje det elles fine englandsopphaldet mitt endå meir, og det er vel ingen tente med. Så la det bli med det. Elles får eg vel foreldra på nakken. Og slike har eg fått på nakken før.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis