Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Eurovisjonar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
3011
20180518
3011
20180518

Då er Eurovision Song Contest over for i år, og kva plass kom Noreg og Alexander Rybak på? 15. – åtte plassar bak Sverige og Benjamin Ingrosso. Folk likte altså bodskapen til Benjamin («don’t you dare wait up for me now») betre enn bodskapen til Alexander («you’ve got to find a mission»).

Alexander Rybak gjorde altså ein passe dårleg jobb, trass felespel og sjukt mykje smiling, og veljarane gjorde ein grei jobb. Sjølv sutra eg fordi eg skulle ønske Aleksander Walmann vann den norske finalen, og fordi det var for mykje brett i raudvinen, sjølv om dette ikkje er unaturleg når ein kjøper naturvin.

I kvitvinen var det for mykje syre.

Men alt går i grisen, og eg stemde på Ungarn, Bulgaria, Frankrike og Serbia. Dei som sat rundt meg, stemde på Estland, Tsjekkia og Nederland med fleire. Éi stemde på Kypros (Eleni Foureira) fordi ho skreiv feil tal fordi ho skalv på fingrane av spenning og syre, og feilen førte til at Kypros kom på andreplass, noko som er utruleg irriterande, i og med at songen («yeah, I got the fire, ah yeah» og så vidare) ikkje heldt mål. Pluss at Eleni ikkje hadde klede på seg, berre glitter måla på huda.

Sjølv stemde eg òg på Austerrike (Cecár Sampson), men for seint, noko som førte til at Austerrike mista andreplassen.

Neste år

Ein blir ør av å sjå 26 høgst ulike personar synge 26 høgst ulike songar på 26 høgst vekslande vis, og kjenslene blir ikkje mindre sprikande neste år, då vi skal til Israel, om ikkje fysisk, så i ånda: Netta Barzilai tok rotta på dei andre deltakarane med metoo-
orda «I’m not your toy, you stupid boy. I’ll take you down now, I’ll make you watch me dancing with my dolls on the mothabucka* beat».

Politisk eller ikkje, gratulerer og kondolerer.

*Alle høyrer at Netta syng «motherfucker», men det kan vi ikkje skrive i media, så då skriv vi «mothabucka», og ikkje «motherfucker».

ESC-namnegåter

Vann Alexander Rybak den norske finalen på grunn av namneforvirring? (Han vann jo over Aleksander, Alexandra og Alejandro, blant andre.) Og kom Alexander, men ikkje kviterussiske Aleksejev til den internasjonale finalen fordi Aleksejev eigentleg heiter Nikita? Og kan det at Nikita vil heite Aleksejev, ha med Elton Johns «Nikita» å gjere? (I musikkvideoen (1985) er Elton John forelska i ei kvinne, men alle veit at Nikita er eit gutenamn og at Elton John var homofil.) I alle fall er Aleksejev/Nikita eigentleg frå Ukraina, og Alexander Rybak er frå Kviterussland, seier dei, så då går det opp i opp? Og Mélovin, som representerte Ukraina, har tatt artistnamnet sitt frå «halloween» og etternamnet til designaren Alexander McQueen, og då er det store spørsmålet: Var dette reflektert i antrekket, og kva rolle spelte det?

Til slutt: To som heitte Alex i gruppa Humans frå Romania, kom ikkje til finalen; var det fordi dei song følgande moralske spørsmål (her omsett til norsk): Korfor ser du ikkje det vakre du har rundt deg overalt? Korfor kjenner du ikkje glede i alt det vesle folk deler, og all lykka, som forresten er gratis?

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.

Foto: Kalkmalerier.dk

Kultur
Ottar Grepstad

Skriveskule ved Nilen

Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis