Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Farsdag

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2088
20171201
2088
20171201

Eg har slutta å teikne farsdagskort. Det var noko vi dreiv med på barneskulen (ja ja, vi teikna morsdagskort også, og dei blei faktisk sett på som litt viktigare) og gav fedrane våre (dei som ikkje hadde omkomme på sjøen) på – nettopp – farsdagen. Eg er ikkje lenger i stand til å hugse kor begeistra fedrane blei for desse korta, på ein skala frå ein til tolv, men eg har iallfall ikkje noko minne om at far min kasta kortet i omnen alt same dagen. Eg minnest rett nok heller ikkje at dei blei ramma inn og hengde opp på veggen eller stilte ut på ein sentral plass i huset.

Så noko av det første eg bestemte meg for då eg flytta på hybel som umoden 14-åring, var at eg frå no av verken skulle teikne farsdags- eller morsdagskort. Og eg har ikkje direkte noko inntrykk av at far min har sakna desse korta dei siste 55 åra. (Mor mi, derimot, kan nok ha kjent på at det var eitt eller anna som mangla.) Men dette betyr jo ikkje at eg ikkje er med på ei skikkeleg farsdagsfeiring! (Det at eg personleg, så vidt eg veit, ikkje er far til nokon som helst, har ingenting å seie i denne samanhengen.) Så for å gi lesarane eit handfast bevis på dette, legg eg ved det offisielle bildet frå årets Farsdagsfeiring. Som ein vil sjå, er vi i godt humør.

Svarte-Fredag

Det har vore Svarte-Fredag igjen, denne fredagen som eg refererte historikken til på førebiletleg vis i fjor på denne tid. Det viktigaste var vel at skikken oppstod i Jostedalen rundt Svartedauden si tid og at han har utarta litt via Amerika. Som vanleg tok eg meg ein tur til storbutikken Norwegian Outlet i tettstaden Vestby, som eg er usikker på om ligg i Akershus eller Østfold, men det er det heller ingen andre som veit. Der fekk eg kjøpt meg ein fullt brukbar Bic-kulepenn til ein god pris (eg måtte rett nok slå ned både ein robust austlending og svogeren hans for å få tak i pennen, men slik er det no alltid ved slike høve) og eg køyrde fornøgd heim att, på islagde vegar.

Det var no den tingen. Og kva kunne då passe betre enn å leggje ved eit foto frå Black Friday (som amerikanaren gjerne kallar han) i 1961?

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Gina Tandberg er utdanna litteraturvitar og har no skrive sin første roman.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

Frisk debut

Litt forenkla kan ein seie at Gina Tandberg bygger opp eit heilt fagfelt, for så å rive det ned.

Ingvild Bræin

Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.

Foto: NTB

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Portrett av ei kvinne i flammar

Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.

Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.

Foto: Lise Åserud / NTB

Frå matfatetKunnskap
Siri Helle

Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis