Fastelavn og Olga Ravn
No går me snart inn i fastelavnsperioden: fastelavnssundag, blåmåndag og feitetysdag. Sidan det ikkje er tradisjon for å gjere noko større ut av fastelavnsfeiringa her i bokstova, tek eg meg i år ein velfortent tur til Praha for å studere korleis dei feirar fastelavn der. No seier dei ikkje «fastelavn» om tida før fasta til påske i Tsjekkia, dei kallar det masopust, noko eg vil tru kjem av at det finst mange tsjekkarar som ikkje kan norsk.
Eg har sjølvsagt lese meg opp på kva som går føre seg i Praha når eg er der. Noko som verkar freistande, er eit stort karnevalsopptog. Eg lurte på kva eg skulle kle meg ut som då eg såg i programmet at alle som kler seg ut, får servert blod- og leverpølse. Her får Hans Skjervheim ha meg unnskyldt, men i valet mellom deltakar og tilskodar under slike vilkår, vel boklækjaren å sjå passivt på det pølseetande opptoget.
Løysingsforfattaren denne gongen har òg andre preferansar enn pølse når ho er svolten. Gjertrud Fanebust skriv: «Denne gåta likte eg! Varmblodige fjørkledde virveldyr med ulike namn på bokmål og nynorsk, ja vel, det gjorde utvalet rimeleg, men eg måtte til Danmark og nyutgåver der i 2012 for å finna ei sannsynleg løysing: Olga Ravn: Jeg æder mig selv som lyng. Ja! Og på ebokbiblioteket låg ho og venta: Eg et meg sjølv som lyng, omsett av Inger Bråtveit. Etter det eg kan sjå, eit ikkje heilt enkelt prosjekt! For eg vart nysgjerrig nok til at eg måtte lesa, og med berre 79 sider skulle ein tru det måtte vera overkommeleg. Men sidene til Olga er ofte tettskrivne, og det held sjeldan å berre lesa linjene éin gong, så eg må nok koma tilbake til å prøva å finna trådane hennar, kanskje òg lesa meir av prosaen ho har skrive. Rart, forresten, å tenkja på at i mitt heimlege, landsens bibliotek, ope nokre timar i veka, fanst bøker på dansk og svensk, og me lånte dei, og las, og forstod vel litt? Takk i alle fall for oppgåva!»
Marit Lindberg skriv: «Hyggeleg at boklækjaren blir i godt humør av at vi oppgåveløysarane trassar vinterkulda og islagde gater for å komme til biblioteket! (Kanskje Dag og Tid sponsar broddar?) No har eg nett vore der ein tur, mest for å sjekke at eg var på rett spor, og det fekk eg bekrefta. Verket heiter Jeg æder mig selv som lyng, og er forfatta av danske Olga Ravn. Der kom ramnefuglen med, og det var den som sette meg på sporet.»
I ei klynge kloke med rett svar på oppgåve 1324 finn me: Skeisebibliotekaren i LASK, Gunn Bull-Berg, Vigdis Hegna Myrvang, Rolv Stølen, Tor Inge Myren, Laurits Killingbergtrø, Bjørn Myrvang, Eli Hegna, Jorunn Røyset, Per Skjæveland, Per Trygve Karstensen, Birte Næsheim, Kirsten Bakke, Gunder Runde, John Olav Johnsen, Ingebjørg Sogge, Eirik Holten, Olav Holten, Inger Anne Hammervoll, Solfrid Vestli, Else Gjesdahl Sørensen, Fritjof Lampe, Jan Alfred Sørensen, Sjur Joakim Fretheim, Nils Ottesen, Eva Sunde, Folke Kjelleberg, Kari Lønning og Ottar Aarø, Turid Tirevold, Rannveig Nordhagen, Gjertrud Fanebust, Bjørn Gjemundsen, Marit Lindberg, Nils Farstad, Petter Kristensen, Olav Molven, Tvillingene, Tove Knutsen og Idar Lind. Bokvinnar i dag er Per Trygve Karstensen. Gratulerer!
På nedre delen av omslaget til løysingsboka denne gongen, står ordet Pikesinn med rosa skjønnskrift. Det er ein hyllest frå Olga Ravn til forfattaren Tove Ditlevsen, som i 1939 debuterte med diktsamlinga Pigesind. No har Ravn gjeve ut eit utval dikt av Tove Ditlevsen. Der bor en ung pige i mig, som ikke vil dø, heiter utvalet. I ei bokmelding i avisa Politiken (14. desember 2017) fekk boka full skår, seks hjarte til Olga og Tove.
Klok på bok 1326
– Ingenting er hellig lenger. Alt flyter. De gamle etiske imperativer er under forvandling. Absolutte sannheter er passé. I framtiden vil alle kreve retten til å designe sitt eget liv. Legene vil bli en slags entreprenører.
Hun fnyser. Hvem tror han at han er? Sokrates?
Sitatet er frå side 231 i boklækjarutgåva (2002). På originalspråket kom boka ut same året som ein forfattar med fransk statsborgarskap fekk Nobelprisen i litteratur. Forfattaren me skal fram til, har òg fått mange prisar og utmerkingar, mellom anna Nordisk råds litteraturpris. Send namn på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 16. februar.
Medikus Libri
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Dyrlegen kjem
Joachim Cooder er kjend som perkusjonist frå fleire utgivingar saman med opphavet, Ry Cooder.
Foto: Amanda Charchian
Motellet til drøymaren
Joachim Cooder opnar dørene til sju musikalske rom.
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»