Finsk og fin
Løysingsboka denne gongen er finsk. Og ho er fin. Det er sjeldan boklækjaren får så mange positive tilbakemeldingar som eg fekk på En lykkelig mann av Arto Paasilinna. Her kjem eit tilfeldig utval frå innsendarar som har fryda seg i det finske:
«Ei artig og burlesk bok.»
«En herlig bok – alle elsker Paasilinna!»
«Eg har ledd og humra ein god del i lag med og av Paasilinnas ymse hovud- og bipersonar.»
«Mange tror at finsk litteratur er traurig. Men det er den ikke!»
No skal eg ikkje lyge og påstå at Paasilinna er populær hjå alle. Heile to innsendarar var skeptiske. Den eine synest livet er for kort til å lese Paasilinna, og den andre undrar seg over om forfattaren held høg nok kvalitet til at Medikus Libri bruker tid på han.
Her i bokstova set me pris på divergerande meiningar. Det er ytringsfridom i e-postkassa, og me lyttar til folk, uansett kor ravgale det er fatt. Men de skal vete: Boka som vert vald ut til å vere oppgåvebok, har boklækjaren lese minst éin gong. Og eg er streng, lista ligg høgt. Det er, og skal vere, ei ære å få vere oppgåvebok i Klok på bok. Sjølvsagt er ikkje lesarane og lækjaren einige om kor høg ein litterær verdi det er i kvart verk som vert valt ut, men eg tillèt meg å tru at eg framleis har til gode å trekkje fram ei bok utan litterær verdi.
Når det kjem til løysingsboka denne gongen, må eg seie meg samd med Ingebjørg Sogge. Ho skriv: «Mange nordmenn har eit anstrengt forhold til finsk kultur på grunn av visse fjernsynsprogram som rulla over skjermane i farne dagar (60-talet?). Oppfatninga er at det var taust og tungt, dystert og deprimerande. Det er vel på tide å komma ut av skapet og innrømme at eg tykte finsk fjernsynsteater var fascinerande. Kanskje det var alle badescenene, det går meir frilyndt for seg i finske saunaer enn i den norske badstua. Uansett, dei som er skeptiske til finske kulturuttrykk, kan ikkje ha lese Arto Paasilinna. Her er det bisarre påfunn og satirisk skjemt heile vegen, anten det gjeld elskelege giftblandersker, ulande møllarar eller rett og slett En lykkelig mann, som boka heiter denne veka. Tittelen kan verke paradoksal; alt på første sida er det referert til Daumannselva og borgarkrigen mellom kvite og raude. Men det tek seg opp for den ukuelege ingeniøren Akseli Jaatinen. Rett nok møter han uvanleg sterk motstand og trenering når han skal bygge bru over Daumannselva, men ved hjelp av intelligente alliansar og usvikeleg kunnskap om menneskets svake sider, utmanøvrerer han både kommunepampar og andre samfunnsstøtter. Snipp, snapp, snute, så har han vunne mesta heile ’kongeriket’ og ikkje mindre enn to ’prinsesser’, den eine er den sveisne sekretæren Irene Koponen, ein pryd for eit kvart kommunekontor. Og Paasilinna er ei lykkepille for den som har sans for spreke forteljingar og burlesk humor.»
Desse lykkast med å finne rett svar på oppgåve 1338: Laurits Killingbergtrø, Torleiv Kløve, Janneken Øverland, Ragnhild Eggen, Jorunn Røyset, Inger Anne Hammervoll, Gunder Runde, Eli Winjum, Gunnar Bæra, Eli Hegna, Olav Holten, Per Trygve Karstensen, Kjell Helge Moe, Odd Storsæter, Eirik Holten, Per Skjæveland, Hildur Øvsthus, Petter Kristensen, Turid Tirevold, Marit & Margrethe, Skeisebibliotekaren i LASK, Fritjof Lampe, Inger Margrethe Berge, Ingebjørg Sogge, Asbjørg Apalset, Laura Killingbergtrø, Vigdis Hegna Myrvang, Bjørn Myrvang, Tor Inge Myren, Rannveig Nordhagen, Sjur Joakim Fretheim, Olav Molven, Jan Alfred Sørensen, Else Gjesdahl Sørensen, Marta Kløve Juuhl, Jorunn Øxnevad Lie, Bjørn Gjermundsen, Anne Margrete Bjåen, Robert Øfsti, Reidar Birkeland, Gjertrud Fanebust, Folke Kjelleberg, Bernt Rekstad, Eva Sunde og Dei kvasse på Fana. Ein lykkeleg mann og bokvinnar i dag er Tor Inge Myren. Til lykke!
Til sist tar eg med noko eg snubla over på Twitter. Det var Magne Velle, forfattaren av Med hjartet i fatle, som skreiv, ikkje på finsk, men likevel fint: «Eg fekk ikkje fram eit ord då eg møtte henne, men eg står for kvart ord eg ikkje sa.»
Klok på bok 1340
Alt ein brenn inne med. Eller skyv frå seg. Skyv frå seg menneska for å sleppe å bli mint om alt som ikkje kan gjerast ugjort. Heilt til det siste. I staden for å lette seg for det som ligg og gneg ein på hjarterøtene, slangar seg som ein lang og vondlynt monolog.
Sitatet er frå side 41 i boklækjarutgåva (2017). Forfattaren er frå Vestlandet, men bur no i Nord-Noreg. Tittelen på boka er ikkje Hovudgevinst. Før eg godkjenner svaret, vil eg ha mellomnamnet på hovudpersonen i romanen. Send mellomnamn på hovudperson, namn på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 1. juni.
Medikus Libri
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?