Det er effektivt å samordne tittel og etternamn, så ein slepp å gå seg vill i alt mylderet.
Folk med administrative etternamn – er det lurt?
Det er viktig å finne plassen sin i livet, og å avpasse forventningane til føresetnadane ein har. Det er lurt å ha noko å strekkje seg etter når ein meislar ut karrierevegen, men ein må ikkje sikte så høgt at ein forskrevar seg. Det er ein gamal tradisjon å bruke yrkestitlar til etternamn. Nokre folk har til og med administrative eller fylkeskommunale etternamn. Kor lurt er det? Vi har brukt litt tid på å analysere fenomenet.
Vi må gå direkte til Frp. Å heite Tor Mikkel Wara er kanskje litt uheldig når ein er Noregs justis-, beredskaps- og innvandringsminister? Vil ein ikkje alltid bli sett på som ein vara, ein evig 2-ar?
Torgeir Knag Fylkesnes representerer Troms for SV og er ein av politikarane med mest taletid på Stortinget. Noko av det han brenn mest for, er havet, fortel han til NRK, men er det ikkje litt rart å brenne for havet, sjølv om ein har eit «nes» i etternamnet der ein kan tenne opp bål? Eit enda større spørsmål er om Fylkesnes må skifte namn til Regionsnes når fylka blir nedlagde og regionane overtek.
Sven Ombudstvedt høyrest ut som den perfekte fagforeiningsrepresentanten, eller kanskje han kunne vore meklar i konfliktrådet eller rett og slett som barneombod? Men Sven Ombudstvedt er mest kjent som tidlegare toppsjef i Norske Skog. Det gjekk ikkje så bra. Da han skjønte at det gjekk nedoverbakke med Norske Skog, selde han sine eigne private aksjar i firmaet. Smart nok i seg sjølv, men likevel eit litt teit signal å sende ut i verda. Så vart det til at han sa opp jobben sin. Innsida spår at Ombudstvedt har mange gode år i arbeidslivet framfor seg, berre han tilpassar seg namnet sitt litt betre.
I Noregs forskingsråd finst det ein mann som heiter Per Magnus Kommandantvold. Han har yrkestittelen spesialrådgjevar innan avdeling for medisin, naturvitskap og teknologi. Vi tilrår at han prøver å klatre oppover i systemet, få seg ein jobb med personalansvar, noko som gjev han moglegheit til å kommandere meir valdeleg.
Om Liv Signe Navarsete gjev seg i politikken, er det openbart at ho bør bli direktør i NAV. Ho bør dermed ikkje tenkje på å bli sjølve navet i hovudsetet i det nye Vestland fylke, for plassen som fylkesordførar er tiltenkt Bernhard Riksfjord (no ordførar i Aukra). Og eigentleg burde vel heile Vestland berre heitt Riksfjord fylke?
Innsida konkluderer: Om du vel etternamnet ditt som yrkestittel, slepp du å bruke mykje tid på keisame utdanningsmesser, avbrotne studiar, eskalerande studielån og feilslåtte yrkesval.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
SKULE. Kring 1450 måla Isefjordmeisteren Jesu første skuledag i kalktaket i Tuse kyrkje på Jylland. Det ville vore historisk rettare med skriftrullar av papyrus enn bøker av pergament, som prega samtida til kunstnaren.
Foto: Kalkmalerier.dk
Skriveskule ved Nilen
Skrifthistorier: Ottar Grepstad skriv om makta i skrift gjennom tusenår.
Den tyske fotografen og filmskaparen Leni Riefenstahl saman med blant andre Adolf Hitler.
Foto: NTB
Portrett av ei kvinne i flammar
Kvart år får eit knippe filmkritikarar presentera ein utvald film på Tromsø Internasjonale Filmfestival. Eg valde ein dokumentar som etter nok eit gjensyn gjer meg usikker og fascinert.
Bollar til alle – alltid: Her er det sjølvaste Slottet som deler ut 3400 bollar i høve eit kongeleg jubileum.
Foto: Lise Åserud / NTB
Kor mange syrer må til for å lage ein sjokoladebolle?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.
Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB
– ADHD-diagnosen skal henge høgt
Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?