Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

For lite tull og tøys

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2449
20181012
2449
20181012

Ein snakkar ofte om at det er for mykje tull og tøys her og der. Ved nærare oppteljing har Innsida kome til at det slett ikkje er det. Ifylgje Hysterisk Fakultet ved Universitetet i Kaupanger har det vorte 24 prosent mindre tull og tøys i det offentlege ordskiftet frå 1974 og fram til i dag. Fakultetet peikar på ei rad faktorar som har ført til denne nedgangen

z Nedgangen i papiraviser gir færre lesarbrev. Dei få som kjem, er alvorlege, fordi redaktørar ikkje synest dei kan bruka den vesle plassen på tull og tøys.

z Dei fleste har ikkje tid til å kjeda seg og finna på tull og tøys. Det er rett og slett for travelt.

z Mobiletelefonen er ein tidstjuv som ikkje har plass til tull og tøys.

z Ungdommen no til dags.

z Samfunnsreglane hemmar lysta til tull og tøys: Gå med hjelm, ta på belte, sit i ro, ikkje gå på epleslang, pant boksen din og kjøp glutenfritt.

z Ord som «rampestrekar», «ugagn» og «spit og skjemt» er ute av språket.

z Det er meir banning enn før, men mindre av gode uttrykk som «din tosk», «suppegauk», «hald tåta», «tullebukk» og «klums».

z Det er ikkje like vanleg å gjera narr av politikarar. Ein er meir oppteken av retorikken enn å apa eller herma etter dei.

z I det fysiske ordskiftet og på fjernsyn og radio er det mest heilt slutt på gode tilrop og mishagsytringar frå publikum. Folk sit i ro og held tåta.

z Mange har peika på at ein ynskjer å snu denne trenden. Både Språkrådet, Rådet for Villeiande Opplæring, Nordisk råd, Norsk Barneblad, Gymnastforbundet og Institutt for Atypisk Adferdsgransking i Innvik har sett i verk ei rad tiltak for å auka innslag av tull og tøys i samfunnet vårt. Nokre av tiltaka er at offentleg forvaltning skal ha minst 25 prosent tull og tøys i rapportar og utgreiingar, i kyrkja skal det vera litt tull og tøys minst annakvar sundag, 4H og Norsk Speiderforbund skal ha kurs for ungdom i å laga sprettertar, ringa på og stikka av og henga etter bilar om vinteren. På Stortinget skal presidentskapet i større grad gje rom for minst eit par usaklege replikkar i større debattar, Statens vegvesen skal setta ut mobilfrie skur der folk kan kjeda seg og finna på ugagn.

Norsk Revisjonsforening har vedteke at dei vil bidra med at revisorar skal gå med sokkar med ulike fargar annankvar torsdag.

Satsinga på meir tull og tøys er lagd til Kommunaldepartementet, og det er venta at det kjem ei stortingsmelding om tull og tøys rett som det er, og iallfall innan 1. april.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis