JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå innsidaKlok_Innsida

Norsk matskatt nr. 84: ekte finnbiff

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1316
20240816
1316
20240816

Finnbiff er ein stor norsk matskatt frå det samiske kjøkenet. Han er eit must for alle som ferdast i vår nordlegaste landsdel. Finnbiffen er mykje brukt andre stader òg. Den moderne utgåva og den som venninna til vår gode ven kokken Tommy Østhagen (@sankekokken) lagar, er ulike. Moderne finnbiff har mykje godt frå butikken i seg som ein ikkje får på vidda.

Venninna til Tommy sa at finnbiffen skal vera fri for «søringfjas». Det vil seia rømme, bacon, geitost og slikt. Eigentleg skal ekte finnbiff ikkje lagast av skav, men av skiver frå bog eller høgrygg. Det vesle reinen har av feitt, skal vera med på stykka. Dette skal kokast i vatn med salt og pepar. Ikkje meir vatn enn at det så vidt dekkjer kjøtet. Gryta skal koka lenge. Éin time viss det er tunne skiver, to–tre viss dei er tjukke. Du kan ha tytebær til.

Og naturlegvis potetstappe. Kan hende sylteagurk ved sida av.

Sopp er altså ikkje med i den «ekte» finnbiffen. Det er slik at samar ikkje et sopp. Den skal reinen få. Ekte finnbiff gir ekte smak av vidda, men ein «søringvariant» med både fløyte, rømme og sopp er sjølvsagt mykje betre å nyta enn ei vassen baconpølse.

Biletet denne gongen er av finnbiffen Innsida fekk i Kirkenes i mai, altså ei litt moderne utgåve.

Reinkjøt er ein stor matskatt i alle former.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Finnbiff er ein stor norsk matskatt frå det samiske kjøkenet. Han er eit must for alle som ferdast i vår nordlegaste landsdel. Finnbiffen er mykje brukt andre stader òg. Den moderne utgåva og den som venninna til vår gode ven kokken Tommy Østhagen (@sankekokken) lagar, er ulike. Moderne finnbiff har mykje godt frå butikken i seg som ein ikkje får på vidda.

Venninna til Tommy sa at finnbiffen skal vera fri for «søringfjas». Det vil seia rømme, bacon, geitost og slikt. Eigentleg skal ekte finnbiff ikkje lagast av skav, men av skiver frå bog eller høgrygg. Det vesle reinen har av feitt, skal vera med på stykka. Dette skal kokast i vatn med salt og pepar. Ikkje meir vatn enn at det så vidt dekkjer kjøtet. Gryta skal koka lenge. Éin time viss det er tunne skiver, to–tre viss dei er tjukke. Du kan ha tytebær til.

Og naturlegvis potetstappe. Kan hende sylteagurk ved sida av.

Sopp er altså ikkje med i den «ekte» finnbiffen. Det er slik at samar ikkje et sopp. Den skal reinen få. Ekte finnbiff gir ekte smak av vidda, men ein «søringvariant» med både fløyte, rømme og sopp er sjølvsagt mykje betre å nyta enn ei vassen baconpølse.

Biletet denne gongen er av finnbiffen Innsida fekk i Kirkenes i mai, altså ei litt moderne utgåve.

Reinkjøt er ein stor matskatt i alle former.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis