JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Frøken Detektiv

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4772
20240913
4772
20240913

Når me byrjar med å nemne namn som Kojak, Columbo og Derrick, veit dei skarpskodde straks at Klok-redaksjonen tenkjer på NRK-programposten Detektimen. For mange av oss var denne sendinga fast følgje fredag kveld. Særleg 1960- og 70-åra var ei stordomstid for programmet. Boklækjaren har gode minne frå desse seriane med brotsverk som emne, men kriminalromanar slutta eg med etter Hardy-gutane og Frøken Detektiv.

Kan hende er ikkje alle lesarane like kresne som meg. Som ein sørvis for folk som saknar kriminalforteljingar i oppgåvene her i bokhjørnet, skal me i dag servere heile tre gåter frå krimmens verd. Dette skulle vere lett: Kva heiter forfattarane bak desse etterforskarane? A: Maigret B: Sherlock Holmes C: Hercule Poirot. Løysinga finn du etter at me har avslørt bokvinnaren.

Det er artig å vere boklækjar når ein kan skrive ut resept på litteratur, og når ein kan konstatere at folk følgjer følgjesetelen. For å finne svaret me skulle fram til denne gongen, måtte lesarane lese (minst) ei novelle av løysingsforfattaren, og det har Laurits Killingbergtrø gjort. Han skriv: «Litt treg start på bokleitinga for meg denne gongen. Avisa kom ikkje som ho plar, men eg klarte å leite meg fram til dagens utgåve på nettet. Så takk for ny bokgåte, Medikus. Her er det sikkert mange av dykk lesarar som ser sitatet og seier letta ‘Aha, den boka, ja’, og kanskje jamvel går og nappar ho ut av bokhylla. Men eg, lesevegraren, må nok slite meir, med nobelprisvinnarar og fødselsår. Eg satsa først på 1946 som det mest sannsynlege året med tysk nobelprisvinnar. Deretter gjekk eg til min kjære søkjestad Oria og la inn kombinasjonen ‘noveller + 1946 + 1990’. Og ganske raskt dukka ei bok opp som eg fann sannsynleg og måtte granske nærare til eg vart meir sikker. Boka har den lange tittelen Den ufullførte beretningen om Henry Glass og andre noveller, og forfattaren er Svein Jarvoll, fødd 1946 i Lurøy. (Tenkte eg det ikkje.) Så galdt det å finne namnet på denne sambuaren, da. Her viste det seg så heldig at boka kan lesast på nettet, for på bibliotek finst boka berre på ei noko avsides avdeling her i byen. (Stakkars meg.) Jau da, triveleg å bli kjend med denne forfattaren som eg ikkje har vore borti før. Men Svein Jarvoll er ein allsidig skribent, både med prosa og poesi. Han har fått utmerkingar, som Dobloug-prisen i 2001. Når det gjeld sambuaren i boka, var eg innom både Merete og Nancy. Men så skulle ho ha same førenamnet som ein detektiv. Denne må vere Nancy Drew, som eg rett nok ikkje kjende til da eg var gutungen. Nei, på skoleboksamlinga på grendeskolen der eg gjekk, var det berre ’oppbyggjelege’ bøker frå Norsk Barneblads forlag og Fonna Forlag, og av forfattarar som Olav Duun og Leif Halse med fleire. Nynorsk, må vete, sjølv i Trøndelag.»

Marta Kløve Juuhl skriv: «Frøken Detektiv løyste det eine mysteriet etter det andre, slik som ’klok på bokarane’ prøver på kvar veke.»

Desse detektivane snusa seg fram til rett svar på oppgåve 1639: Signar Myrvang, Eli Winjum, John Olav Johnsen, Paul Henrik Hage, Else Gjesdahl Sørensen, Ole G. Evensen, Ragnhild Eggen, Fritjof Lampe, Dag Skarstein, Skeisebibliotekaren i LASK, Ingebjørg Sogge, Jorunn Øxnevad Lie, John Dag Hutchison, Gunnar Bæra, Vigdis Hegna Myrvang, Laurits Killingbergtrø, Inge Strand, Ole Husby, Eli Hegna, Inger Anne Hammervoll, Tiril Bonnevie, Gunder Runde, Per Trygve Karstensen, Bjørn O. Bjørnsen, Jan Alfred Sørensen, Inger Merete, Kirsti og Grete, Olav Holten, Audun Gjengedal, Eirik Holten, Folke Kjelleberg, Nina Korbu, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Lise Haaland, Sissel Gunnarshaug, Gunnar Eide, Irene og Tore på Tranby, Reidar Birkeland, Sigrun Gjengedal Ruud, Nils Farstad, Marta Kløve Juuhl, Inger Margrethe Berge, Torleif Bertelsen, Kjell Helge Moe og Robert Øfsti. Denne veka heiter bokvinnaren Nina Korbu. Gratulerer!

Løysing på krimgåtane: A: Georges Simenon B: Arthur Conan Doyle C: Agatha Christie.

Klok på bok 1642

Jeg ser at det er en hund, men hva faen gjør den her?

Han er vår.

Vår hund? Ikke min i hvert fall.

Som du vil. Jeg har kjøpt ham for mine egne penger.

Penger! Hva har du betalt for den fillebikkja? Han har jo bare en pinne til hale.

Seks tusen.

Er du fra vettet?

Sitatet er frå side 125 i boklækjarutgåva, som er frå 2024, men det finst eldre utgåver på norsk. På originalspråket kom fyrsteutgåva av boka ut i 2021. I dag skal me fram til ein forfattar som er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein russisk forfattar. Sitatet er frå ein samanstøyt mellom forteljaren og kona hans, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete namnet på hunden, eller fillebikkja, dei kjeklar om. Send inn namn på hund, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 21. september.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

ÅshildEliassen

Trygve Seim og Frode Haltli har samarbeidd musikalsk i 20 år.

Foto: Hubert P. Klotzeck / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Praten flyt lett

Samtalen mellom Seim og Haltli er eksistensielt viktig.

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis