Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4048
20170331
4048
20170331

«Tjuven, Tjuven, skal du heite», kunne ein syngja til løysingsforfattaren i dag. Eg trur neppe han ville vorte fornærma, og det kjem ikkje berre av at Jean Genet var franskmann og ikkje forstod norsk.

Hans Magnus Enzensberger har skrive eit fint etterord i Tyvens dagbok. Der førestiller han seg ein konfrontasjon mellom Søren Kierkegaard og Genet, der sistnemde ville ha svara på Kierkegaards grunnleggjande Enten–Eller-spørsmål med: «Det eneste kriterium for bedømmelsen av en handling er dens eleganse.»

Eg synest det er ein snev av eleganse over måten Gunder Runde har grubla seg fram til løysinga på. Han skriv: «Vi får starte med filosofen. Kjend og fransk, og i aktivitet i 1949. Det mest nærliggande (ved sida av Albert Camus – som kanskje er uaktuell sidan han nyleg har vore gjest i Kpb, og som elles har eit førenamn som ikkje er så lett å dele opp) må vere Jean-Paul Sartre. Altså jaktar vi på ein fransk forfattar som heiter anten Jean eller Paul. Og så må han vere fødd mellom ca. 1890 og 1920, sidan boka kom ut i 1949.

Neste fase: finske presidentar og norske statsministrar. Paasikivi (død 1956) eller Kekkonen (død 1986)? Og statsministrar: Bratteli, Borten eller Korvald? Jean Anouilh var fødd i 1910 (som Bratteli), men han døydde i 1987, og dessutan skreiv han vel berre skodespel? Jean Giono døydde i 1970, dermed uaktuell. Då kom det føre meg at Sartre var svært opptatt av den omdiskuterte franske forfattaren Jean Genet (han kalla han til og med helgen). Og Genet levde frå 1910 (Bratteli) til 1986 (Kekkonen). Og så har eg faktisk ståande i franskhylla mi Tyvens dagbok, og resten er rein plankekøyring, både med forord av Jean-Paul Sartre, korrekt sitat på nest siste side, og altså rett fødsels- og dødsår.

Jean Genet var som sagt temmeleg omdiskutert, dagboka hans er ei oppsamling av brotsverk, homoseksuelle skildringar og fengselsopphald, og glorifiserer vel på ein måte den kriminelle livsførselen. Sjølv var han velrøynd som kriminell, alt frå 12–13-årsalderen. Om dette er stor litteratur, kan kanskje diskuterast. Han er nok meir nyskapande i skodespela sine, mellom andre Hushjelpene og Balkongen

Boklækjaren skal ikkje uttale seg om dei genetiske eigenskapane til oppgåveløysarane. Eg konstaterer berre at desse fann fram til rett svar på Klok på bok 1283: Torleiv Kløve, Laurits Killingbergtrø, Brith Stensen, Arve Langvandsbråten, Sidsel Spilde, Else Bovim, Jorunn Øxnevad Lie, Jacob Bull-Berg, Petter Kristensen, Olav Holten, Ingebjørg Sogge, Truls Johan Horsberg Hoff, Jon Olav Myklebust, Audun Gjengedal, Inger Anne Hammervoll, Eli Hegna, Ingvar Engen, Nils Farstad, Gunder Runde, Jakob Olimstad, Bjørn Gjermundsen, Ove Bjørkhaug, Kirsten Bakke, Asbjørg Apalset, Heidi Weisser, Robert Øfsti, Tor Inge Myren, Henrik A. Sandbu, Ola Sletvold, Rannveig Nordhagen, Aslak E Himle, John Olav Johnsen, Per Skjæveland, Folke Kjelleberg, Laura Killingbergtrø, Cyno Grassator, Harald Jørgensen, Eli Søyland, Solfrid Vestli, Marit Lindberg, Anne-Marie Grønhaug, Else Gjesdahl Sørensen, Jan Alfred Sørensen, Pål Atle Steffensen, Turid Tirevold, Torgeir Daling, Eirik Holten, Pål Amdal, Eva Sunde, Torleik Stegane, Jorunn Kleppe, Jon Grepstad, Fritjof Lampe, Anne Berit Skaarer, Olav Molven, Gunnar Bæra, Kari Lønning Aarø, Dei kvasse på Fana, Inger Margrethe Berge, Tove Knutsen og Idar Lind, Ottar Aarø, Sjur Joakim Fretheim og Jorunn Hjelle. Denne gongen er det Nils Farstad som kan sjå fram til ein bokpremie i posten. Gratulerer!

Klok på bok 1285

Stort sett drikk eg. Det er greitt, det gir ein viss fridom og impulsivitet, alt flyt ut og inn av hjernen mest utan medvit, kjenner meg vekselsvis berørt og uberørt om kvarandre.

Sitatet er på originalspråket og er frå side 133 i utgåva (2003) til boklækjaren. Med fare for å fornærma ein oppgåveløysar eller to: Ho er fødd same året som ein kjend austerriksk filosof døydde. Ho har vore festspeldiktar meir enn ein gong, og ho har namnedag i april. Send namn på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 7. april.

MEDIKUS LIBRI

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.

Foto frå filmen

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Filmglede

Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.

Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.

Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund

UtdanningSamfunn
Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Framandspråka forsvinn

Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis