God magekjensle
Martin Ødegård såg ut til å ha svært vondt i magen under førre landskamp mot Serbia. (Serbia vann 2-0). Han bør ta Gugmax.
Foto: Aleksandar Djorovic / NTB scanpix
Aftenposten og ei rekke andre aviser har i det siste – det har vel med jul og påske og vår å gjere – rapportert om tarmsystemet under overskrifta «Kan magen sette deg i forlegenhet?» Reportasjen, som merkeleg nok er prikk lik i alle aviser, er illustrert med bilete av heile fem personar som ser bra ut, men som openbert har vondt i magen. Ein faktaboks – «fakta om fordøyelse» – gir vesentlege opplysningar om at maten må gjennom åtte meter tarm «fra den kommer inn i munnen til den kommer ut i andre enden.» Ei teikning illustrerer ein magesekk med og utan luft/promp.
Reportasjen er uimotståeleg; vi har alle opplevd «luftavgang» frå tarmen – og påfølgande skam. I tillegg er vi, særleg no når strippesesongen nærmar seg, opptatt av utsjånaden. Som det står: «Avfallsstoffene i tarmen utvikler tarmluft som får magen til å stå i spenn», «luft i tarmen gir en struttende, oppblåst mage» og «en struttende, oppblåst mage er, rent utseendemessig, skjemmende.» «Mange opplever at magen er flat på morgenen, men at den gjennom dagen, med flere måltider, blir mer og mer oppblåst – med ubehagelig luftlating som følge.» Årsaka er at «avfallsstoffene begynner å gjære, og en slik gjæringsprosess forårsaker ulike luftdannelser som blåser opp magen.»
Ja, reportasjen er ikkje berre full av ny informasjon; han er lyrisk, med utstrekt bruk av besjeling, alliterasjon og gjentaking. Særleg blir orda «oppblåst» og «luft» gjentatt. «Fordøyelse» blir brukt 21 gonger, «mage» 15 gonger (inkludert i «mageopplevelse» og «magefølelse») og «tarm» 13 gonger, gjerne i kombinasjon med «luft».
Samanheng er sjølvsagt eit nøkkelord, berre på bokmål: «Ofte er opplevelsen av luft i magen fulgt med et fysisk ubehag i forbindelse med oppblåsthet.» Og apropos «nøkkelord»: Nøkkelen til døra ut av det stinne rommet vi er fanga i (fordi vi et og drikk), er eit produkt vi ikkje kan namngi i Dag og tid. La oss kalle det Gugmax*. Kjøp Gugmax, konkluderer reportasjen, «og opplev velbehag og en god mageopplevelse», fordi «innholdsstoffene aktiverer fordøyelsen og hjelper mot oppblåsthet og oppstøt i forbindelse med bearbeidelsen av et måltid».
Hurra.
Tar du Gugmax i ti år, kostar det berre 26.368 kroner, det vil seie mindre enn éi krone per promp. Det er det verdt.
* Googlar du gugmax, finn du det eigentlege namnet til slutt, blant G-Sport, Byggmax og diverse design.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.
Foto: Christiane Jordheim Larsen
Alle auge på Grønland
NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk.
Afghanarane som spelar i filmen til Raha Amirfazli og Alireza Ghasemi, har flykta frå Iran.
Foto frå filmen
Filmglede
Det er alltid kjekt å opne det nye året med mykje film.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.