Grua for gruva
I dag skal me fyrst attende i tid, til Vest-Afrika og til Liberia. Kan hende var det der, i 1927, det mest korrupte valet i verdshistoria gjekk føre seg. Valet stod mellom den sitjande presidenten Charles Dunbar Burgess King og utfordraren Thomas Jefferson Richelieu Faulkner. Etter at stemmene var talde opp, erklærte Charles D.B. King seg sjølv som valvinnar, med ein knusande siger på heile 96,23 prosent av røystene. Noko av skepsisen til dette valresultatet kom moglegvis av at medan talet på registrerte veljarar i Liberia var 15.000, viste dei offisielle dokumenta at president King hadde fått omtrent 230.000 røyster. Det vil seie ei valdeltaking på 1590 prosent.
Diverre, eller heldigvis, er det ikkje slike tal me opererer med når me no har talt røystene for eller imot kviss med Store-Knut i juleutgåva av Dag og Tid. Det er med fryd Klok-redaksjonen kan melde om at også i år vert det Hamsun i høgtida. No vart du vel glad, Gunder Runde?
Denne gongen var det mange innsendarar som nemnde at dei ville ha grua seg om dei skulle inn i same gruva som løysingsforfattaren bar på ein draum om å vitje. Laurits Killingbergtrø skriv: «I Klok-boka denne gongen blir vi godt kjende med Marit Eikemo og familien og omgangskrinsen hennar. Boktittelen hennar er da òg Vi er brødrene Eikemo. Mykje av skildringane skjer naturleg nok i heimestroka i Hardanger, men ein gong kjem ho seg på ei lengre reise til Svalbard. Noko av føremålet er å få oppfylt ‘ein draum ho ber på‘, nemleg å få kome seg ned i ei kolgruve. Ho blir med til Gruve 7, som ligg på Svalbards største øy Spitsbergen, på sørsida av Adventsdalen, mellom Bolterdalen og Foxdalen. (Nøgd, Medikus?) Ein draum for Marit, ja, men eg opplever heller klaus når eg les om ferda hennar i liggjande stilling sju kilometer inn i fjellet, der avstanden mellom tak og golv berre minkar. Kvar si lyst. Men den som det har, har sjansen fram til gruva stengjer drifta neste år.»
Inger Anne Hammervoll skriv: «Alt godt som kan seiast om denne boka, trur eg allereie er komme på prent. Eg vil faktisk anbefale lydboka, som vart mitt alternativ denne gongen. Vanlegvis likar eg best fysiske bøker med stive permar, men Silje Breivik er ein fryd å lytte til. Eg har vore mange gonger på Svalbard, og skal feire jula der i år. Kunne aldri falle meg inn å bli plassert på ei liggevogn i Gruve 7 og bli ført mange kilometer innover i fjellet, men Marit Eikemo får oppfylt ‘den draumen‘. Tøff dame, tøff familie!»
Einfrid Tysnes skriv: «Takk for ei kjekk spalte. Her er eg ganske sikker: Vi er brødrene Eikemo av Marit Eikemo. Ei knallgod bok! Marit har ein draum om å koma inn i gruvene på Svalbard. Det får ho (og kjærasten) høve til etter å ha snakka med Røde Robert, som Marit kjenner frå Odda. Han tar dei med inn i gruva driven av Store Norske Spitsbergen Kullkompani.»
Anne Berit Skaarer skriv: «Ei interessant, rørande og ikkje minst velskriven forteljing.»
Kjell Helge Moe skriv: «Dette er ei herlig bok!»
Desse klokingane treng ikkje grue seg når me no presenterer kven som kom fram til rett svar på oppgåve 1652: Paul Henrik Hage, Signar Myrvang, Ellen Lian, Eli Winjum, Ole Husby, Skeisebibliotekaren i LASK, Ragnhild Eggen, Ingebjørg Sogge, Vigdis Hegna Myrvang, Arnfrid Vågslid Skjæveland, John Dag Hutchison, Laurits Killingbergtrø, Jan Erik Røed, Inger Anne Hammervoll, Reidar Birkeland, Kjell Helge Moe, Eli Hegna, Audun Gjengedal, Folke Kjelleberg, Jorunn Øxnevad Lie, Eirik Holten, Thana Rongen, Olav Holten, Gunnlaug og Tor Inge på Gullhaugen, Sissel Gunnarshaug, Gunnar Eide, Per Trygve Karstensen, Einfrid Tysnes, Jorunn Røyset, Robert Øfsti, Inger Merete, Kirsti og Grete, Sigrun Gjengedal Ruud, Anne Berit Skaarer, Anton Bremseth, Brita Lundeland, Ole G. Evensen, Irene og Tore på Tranby og Torleik Stegane. Denne veka er Arnfrid Vågslid Skjæveland bokvinnar. Gratulerer!
Klok på bok 1654
Jeg så opp i det merkelig drivende taket, og det var som jeg hadde lest det i ungdommen, hos Sartre, måtte det ha vært, i en av bøkene hans hadde jeg lest: Vi er dømt til frihet. Dømt. Men jeg ville ikke være fri, jeg var sliten, jeg ville at noen skulle ta meg i armene og løfte meg opp, bære meg fram, inn i et rom jeg aldri før hadde vært i, et svalt rom hvor jeg kunne sove og ikke drømme.
Sitatet er frå side 83 i ein roman som kom ut i 2018. Me skal fram til ein forfattar som er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein fransk forfattar. Hovudpersonen i boka har tre døtrer, og før eg godkjenner svaret, vil eg vete namnet på dei to yngste av dei. Send inn namna på dei to yngste døtrene til forteljaren, namn på forfattar og tittel på verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 14. desember.
Medikus Libri
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø
«Måltidet skreid fram under både lågmælte og høglydte sukk og stønn.»
Stillinga i VM-kampen mellom Ding Liren og Gukesh var 4–4 etter 8 av 14 parti.
Foto: Eng Chin An / FIDE