JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Klok_Innsida

Håplaust spelmannslag

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
4588
20210806
4588
20210806

Spalta du les no, er skriven i Italia, og sjølv om det tek mykje tid å halde auge med Middelhavet, vert det nok ei løysing med å lage ei oppgåve til dykk denne veka òg.

Det er ikkje berre havet i midten boklækjaren bruker tid på i Liguria. No og då spionerer eg på dei fastbuande og får med meg litt av det italienarane seier til kvarandre. Dei er ikkje kjende for å kviskre her i landet. Mykje av praten er om mat, og sjølv når det dreier seg om dei enklaste rettane, kan det vere vidt forskjellige meiningar om kva ingrediensar som skal til. Men alle saman veit at nett dei har den beste oppskrifta.

Slik går no dagane. Diverre går dei altfor fort. Lukkelegvis veit eg at når venene her seier arrivederci, så er det ei avskilshelsing med ynske om å møtast att.

Så til svaret på oppgåve 1490. Gunder Runde skriv: «’Langt ute i det kvikksølvlysende verdenshavet ligger et ensomt lite blyfarget land.’ Så poetisk opnar William Heinesen (1900–91) romanen De fortapte spillemenn, ei av dei viktigaste bøkene hans. Om ein skulle karakterisere litteraturen til Heinesen med eitt einaste adjektiv, måtte det vere frodig. Denne boka faldar ut for oss det vesle samfunnet Torshavn, med vindharpebyggjaren og klokkaren Kornelius Isaksen og dei tre sønene hans i sentrum. Utdraget som vert presentert for oss er heilt mot slutten av boka, då son nr. 2, diktaren Sirius, ligg på dødslægjet og filosoferer over månen. Det er Inger Hagerup som har stått for omsettinga av denne boka, glitrande, sjølvsagt. Heinesen slo igjennom med romanen Den sorte gryte i 1949, før han skreiv De fortapte spillemenn, som kanskje er den boka han er best kjend for. Personleg er eg endå meir begeistra for Det gode Håb frå 1964, som gav han Nordisk råds litteraturpris. Svært mykje av Heinesens produksjon er omsett til norsk, takka vere Samlaget og omsetjaren Ivar Eskeland. Heinesen vaks opp i ein velståande familie i Torshavn, med sterke band til Danmark, og det har vel vore litt misnøye i heimlandet fordi han ofte vert kalla dansk forfattar, sidan han skreiv på dansk. Færøyane har ein rik litteratur, særleg sett på bakgrunn av at der bur berre 50.000 menneske i den vesle øygruppa. Her må eg sterkt rose Lars Moa frå Stjørdal, som har gjort eit enormt arbeid for å presentere færøysk litteratur på norsk. Og eg kan ikkje la vere å nemne den færøyske kunsten, det er ei stor oppleving å vitje Listasavn Føroya, det vil seie det færøyske nasjonalgalleriet. Sjølv har eg eit sterkt og varmt forhold til Færøyane, eg har vore der fleire gonger og lengtar kvar gong tilbake til dette paradiset. 29. juli er det olsokfeiring på Færøyane, den som har opplevd dette, vil garantert aldri gløyme det. Eg har eit færøysk flagg som eg alltid hengjer opp på balkongen min på denne dagen.»

Petter Kristensen skriv: «En bok som ga meg mye mer enn det jeg så for meg da jeg åpnet den!»

Iver Røssum skriv: «Dette er ei bok vel verd å lesa opp att!»

På oppgåve 1490 var desse klokingane ikkje fortapte: Laurits Killingbergtrø, John Olav Johnsen, Kjell Helge Moe, Ragnhild Eggen, Jan Alfred Sørensen, Else Gjesdahl Sørensen, Skeisebibliotekaren i LASK, Eli Winjum, Gunnar Bæra, Vigdis Hegna Myrvang, Ingebjørg Sogge, Robert Øfsti, Inger Anne Hammervoll, Bjørn Myrvang, Jorunn Øxnevad Lie, Signar Myrvang, Jan Erik Røed, Gunder Runde, Fritjof Lampe, Truls Songstad, Ingerid Skarstein, Astrid Marit Skarstein, Arne Fredlund, Sjur Joakim Fretheim, Roger Hjeldnes, Janneken Øverland, Hans M. Gautefall, Tor Inge Tennfjord, Eli Hegna, Jorunn Røyset, Folke Kjelleberg, Lise Haaland, Magnhild Reisæter, Petter Kristensen, Iver Røssum, Olav Holten, Ingeborg Helvik, Turid Tirevold, Gunnar Eide, Margit Hjellbakk, Olav B. Larsen, Eiliv Olsen, Ole Husby, Anne Berit Skaarer, Per Trygve Karstensen, Torbjørg Langdal, Nils Farstad, Reidar Birkeland, Inger Margrethe Berge, Eirik Holten, Torleik Stegane og Ole G. Evensen. Bokvinnaren i dag heiter Arne Fredlund. Gratulerer!

Klok på bok 1492

AV OG TIL er et eneste ord nok til at en setning holder oss fast, og så svaier vi inn i drømmerier om et eller annet. Tiden påvirkes ikke av slikt, den fortsetter uforstyrrelig sin valfart midt i kaoset.

Sitatet er frå s. 111 i boklækjarutgåva (2019). På originalspråket kom boka ut i 2017. Denne gongen skal me fram til ein forfattar som er fødd i eit år då Nobelprisen i litteratur gjekk til ein forfattar frå Asia. For boka fekk forfattaren ein fin pris i heimlandet, og det var nest siste hintet på agendaen i dag. Send namn på forfattar og verk til klok@dagogtid.no. Svarfristen er til og med 14. august.

Medikus Libri

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature
ÅshildEliassen

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Traust revolusjon

Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.

Låvesvala er ein utprega insektetar og jaktar helst i flukt. Dei korte beina eignar seg dårleg til å gå med, men er sterke til å gripe og finne feste.

Foto: Sveinung Lindaas

Feature

Låvesvalehale

For å bestemme alder og kjønn hjå ei låvesvale skal ein ty til fargane i fjørdrakta og til lengda på dei ytste halefjørene.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis