Hausten – ei konsekvensutgreiing
Vi har tidlegare analysert våren og konkludert med at det er den verste årstida. Men korleis står det til med hausten – vårens vonde tvilling? Treng vi eigentleg hausten? Kva er poenget med den fjerde årstida, denne ugne overgangen mellom sol og snø, denne tida der alt blir brunt og døyr, og sola forsvinn og mørkret kjem? Er det behøveleg å hegne om hausten? Har han ein verdi i seg sjølv? Eller burde vi vurdere ein bråare overgang mellom sommar og vinter? Følg med i denne Innsida for å få ei detaljert konsekvensutgreiing om hausten.
Bra ting med hausten:
– passeleg kaldt på sengerommet når ein skal leggje seg
– fyre i omnen
– irritere seg over kor tidleg butikkane begynner med juleutstillingar
– potet
– kan klaske seg på panna og le rått når det fyrste snøkaoset råkar Oslo
– stille klokka attende
– gle seg til det er jul
– sleppe å henge med vennar og grille i parken, kan berre dra heim og sjå på fjernsyn
– haustferie
– treng ikkje å passe på kroppshåret
– bardus vaskedame
Dårlege ting med hausten:
– slutt på sommarferie
– blir anten sveitt eller iskald, vanskeleg å kle seg
– iskaldt når ein skal leggje seg
– det er vanskeleg å vurdere tidspunktet for når det blir farleg å sykle
– regn
– haustflom
– vedvarande vasskade
– at folk seier «hausten, eg elskar hausten, det er yndlingsårstida mi»
– det er snart jul, og det har gått nok eit år utan at du har utretta nokon ting
– julebord
– folk som skal på julebord
– folk som har vore på julebord
– folk som ikkje har fått julebordsinvitasjon
Haustfarga lauv og bar
Sidan KrF er partiet med dei mest haustaktige fargene, passar det bra at dei dominerer nyheitsbildet for tida. Mitt nye prinsipp er å la det aktuelle politiske bildet også setja preg på barskapet mitt.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen